Klerikalismen som Slagord. (Svar fraa Oddmund Vik).

 

(Del 3 av 3. Fyrste del.)

 

Hr. L. Stavnheim, som skriv imot meg i Fedraheimen, gjeng med paa, at skal berre dei vera klerikale, som arbeider fyr Prestevelde, so er Vestlendingarne inkje klerikale.

            

Det var nettupp det eg meinte. Men Klerikalisme er nokot annat og, segjer han. For ”kvat er ein Prest?” spyrr han. ”Er det berre ein sovoren, som hev fenget Kall (av Kongen), elder kann ein ogso taka kvar kristen med, soleis som Apostelen gjer, naar han talar um ”eit Folk av Prestar?”

            

Det er dette, det kjem an paa. Um det greske Ord klerus tyder berre det fyrste elder baae, skal eg ikkje segja nokot um, daa eg ikkje hev leset gresk. Eg er mest hugad til aa tru, at det kann brukast um baae Slagi”.

            

Soleids skriv Stavnheim. Men det er nokot løgjet, tykkjer eg.

            

Naar det er Tale um ”eit Folk av Prestar”, so segjer det, at det ikkje skulde vera Prestestyre lenger, men den einskilde truande skulde faa stiga heilt inn i Heilagdomen og tala med Gud, som berre Presten hadde fenget det fyrr.

           

Naar Grundtvig i 1851 under ein Fest paa Ringerike ynskte, at dei norske Bønder maatte verta Kongar, so vilde inkje han hava Kongevelde yver Folket, og dei, som vart sinna fyr Ordi hans, forstod det visst ikkje paa den Maaten.

          

Og kvat syng Bjørnson i ”En Songers Kall”? Jau den same Visa:

            

”Han river Konge-Kaaben af,

og breder den om Folkets Skuldre,

saa det ei længer tomt skal tuldre

om fremmed Høiheds laante Krav,

men være selv sin Majestæt

i eget Kall og Aande-Ætt,

i Sagas Glans

paa Folkets Sans

i store Mænd

af egen Lænd

i Folke-Vilje uden Prutning,

i mandig Gang og stor Beslutning”.

  

Det er same Tankegangen. Men slike Tankar maa daa vera ”Absolutisme” og Grundtvig, Bjørnson og slike, som vil hava ”eit Folk av Kongar”, er Absolutistar.

            

Nei, naar Folket vert ”Prestar”, er det slutt paa alt Prestevelde.

            

Det er det Meining i.

  

Og S. trur mest, at det greske Ord klerus kann brukast baade um Prestevelde og Samstyre av kristne. Ja so fær me slaa etter, endaa det ligg svært litet Lag paa, kvat det tyder paa gresk. ”Kleros. 1. Terning til Lutkastning. 2. Lutkastning. 3. Lut. 4. Presteskap”. Annat er det ikkje paa gresk. Me fær sjaa i Meyer med det same. Han veit ikkje um onnor Meining enn Presteskap han. Eg hev seet gjennom nokre Ordbøker: ikkje i nokot aalkjennt Tungemaal hev Ordet onnor Meining, so denne S. legg fram, er ny og heimegjord.        

  

Det pietistiske Traangsynet er daa visst ”vestlandsk Klerikalisme”, segjer S. Jo slik ser Klerikalismen ut paa Vestlandet, men han finnst daa alle Stader, der Folk er kristne, for Kristendom og Klerikalisme vert eit etter S.

  

Eg trur ikkje, at S. meiner det same i dei største Spursmaal som Gudsnegtararne, men her brukar han Ordi plent paa same Maaten som dei. Eg vilde ynskja, han ikkje gjorde det!

  

S. trur ikkje, at det er paa nymotes Gudsnegtarvis Ordet klerikal oftast vert brukat i Bladi. Men kvat Vis er det daa? Eg skynar det ikkje, og eg trur snaudt dei skynar det sjølve dei, som brukar det, utan dei meiner det sameleids som S., men eg trudde ikkje, at mange var komne paa det – andre enn Gudsnegtararne.           

  

Ja naar eg ser i Bladi, korleids dei aldri trøyttest av aa skriva um dei klerikale, Klerikalisme og Klerikalerne, so finn eg ikkje Meining i slik Ferd, utan eg tek det som Tankeløysa elder i Fritenkjarmeining. Men det er vel so, at Ordi hev vortet til beiske Slengjeord, og so er det ikkje so nøgje med Meiningi. Det kann fulla segjast mykje um dei, som er imot Diktarløn til Kielland, men klerikale er dei ikkje av den Grunn. Jauetter nymaates Gudsnegtarsyn naturlegvis, men ikkje ellest.

            

Det kristelege Trongsyn vilde nok bruka seg, um me hadde Menigheitsraad. S. hev Rett i det. Men ein lyt vaaga til aa lata trongsynte Folk faa Magt og, utan vert dei aldri likare. I det mindste fær dei faa Lov aa hava den Presten, dei helst vil. So lærer dei kannhenda aa bruka Magti og velje betre Prest. Og det vart ikkje altid dei trongsynte kristne, som vann i Menigheitsraad og ved Presteval. Dei lærde altid aa ropa paa Friheit og Rett fyrr eit Mindretal dei og daa.

            

Men eg tek det uppatter: Fær me Presteval og Meinigheitsraad, so treng ein ikkje ottast fyr Prestevelde, men stor kyrkjeleg Demokratisme(Folkevelde)utan Maatehald.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum