Kristiania, den 28de Januar.

 

 

Det er ikkje greidt for Bonden no i desse knappe Tider. Han hev so mange Utlegg paa alle Kantar, at skal det halda paa soleis ei Tid, so gjeng heile Bondestanden fallit. Noko av det fyrste Regjering og Storting burde verta samde um aa gjera, er aa letna paa Byrdi so mykje som mogelegt. Serleg burde Renta verta nedsett, so Folk slapp aa betala so stort Avdrag. Baade i Danmark og andre Land hev Styringi gjort store Ting i den vegen, og det vilde ikkje vera avvegen um det vart gjort noko her i Landet og. Her er mykje anna, som kunne sparast paa her som t. D. paa alle Pensjonar og store Løner til Embætsfolket. Landet er fatikt og hev ikkje Raad til aa gjøda Tenaranne sine, som oftast hev gode og maklege Dagar; medan Bonde og Arbeidar maa træla baade seint og tidlegt.

 

           

Fridomen i Norig er no ikkje so stor som han ser ut til. Bokhandlar Huseby fortel i Dagbl., at det hev komet Paabod til Posthuset her, atalle Pakkar, som kjem fraa Utlandet, skal opnast, so Innhaldet kann verta granskat. Stort verre kann det ikkje vera i Rusland.

 

           

Det hev vortet sagt nyleg, at Regjeringi ikkje vil koma med Menigheitsraadforslaget iaar. Etter som me hev høyrt, skal ikkje dette vera sant.

 

 

Amtsvinstre i S. Berg. Amthev mot 1 R. uttalat seg mot, at Menigheitsraadforslaget vert framsett iaar elder næste Aar: Lægmannen Lavik, Nils Skaar og mange andre Oftedøler røystad for. Det gjeng likeeins Landet rundt.

 

  

Vali til Landskyrkjemøtet er no avgjorde for heile Landet. Dei høgkyrkjelege hev 45, dei laagkyrkjelege 27 Mann.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum