Seigne o Rispo fraa Valdris.

 

 

(Del 2 av 2. Fyrste del.

 

(Uppskrivet taa Ola Viking).

                       

 

II. Peingskrine paa Mo.

 

 

Nor i Mosgaro ska dæ ogso ha fønnist eit Peingskrin. – Tenistguten hass Halldor, den so denne Haldor’n lite ette, so no æ paa Unes, saag eit Peingskrin ei Gong han kjøyrde For um Sumaren. Guten la daa att Naale si paa dessa Skrine, so kji Trøllskape skulde faa magt te aa gjøyme dæ at. Men so kva han so gaput, at han gjik te Manne o fortælde hono, ko han hadde fønne. Manne ba daa Guten kjøyre for ei are Stove og gjik sjølv sta o tok Skrine. Guten gret før Naalen seno han, stakkar, men han fek ingen Ting, maa veta. Ein kann skjøne, at Guten maatte væra ein Gofjøtt, ner han kunna læta se lie mæ slekt. Ha dæ vøre e istae, so skulde Skrine vørte mæ fyste Gonge, um e so skulde ha løte kasta Forlasse engor Stane øv. Juling skulde i dæ minste Mosmann hat før han for so aat.

 

Han Haldor Mo, so no æ paa Unes, fann noko Trøllskap me eit Træe ei Gong han grov Aaker; men han grov dæ neat. Han e før klok te aa bruke slekt Goss han.

                       

 

III. Røvaradn i Grunke.

 

Før nokre Mannsaldra sia va dæ noko fæla Røvarhio paa ein Støl eite Grunke mit imyljo Valdris o Hallingdal. Fælaste Hio skulde ha vøre der paa Lag, so han Henrik i Viken no har Stølen sin. I desse Hio budde dæ eit heilt Høkle, so slo ihæl o røva mest alle, so for ette Vego. Farlignast va dæ no før Handelskara, so for Fjelleiis myljo Valdris o Hallingdal. Ein Kraamkar møtte ei Gong ein taa desse Røvaro, men daa laut Røvaren te lell. Dei tok baae upp Flintepistolarne sine o skulde skjøte hinan. Røvaren skaut fyst; men mæ di sama Fængikrute paa Pistole hass brann, stufte Kraamkaren se ne, o Skøte gjik over. Dei hadde kji so snøggladde Vaapen i gamle Daga, so dei ha no, o før Røvaren fekk ladt att, skaut Kraamkaren han i hel.

  

Dette fæle Tjuvehøkle hadde grave noko fæle Kjældara nie Joren, so dei gjøymde Røvargosset sit, o ein stygg Kjældar brukte dei o kaste daue Følkeskrøtta nie. Uttapaa saag desse Hio ut so Stølssæl.

 

Ei Gong vart dei narra lell. Ein stærk spræk Kar eitte Store-Gunanr laga se vestover o gjikk inn te Røvare seint ein Vetrakveld o ba um Hus. Ja, Hus skulde han faa o dæ i sama Rappe, maa veta. Seint um Kvælden, kom ein taa Røvaro heim o sette ein Peingpøse burtpaa ei Hylle. Detta hadde han Gunnar set. Trast dei andre hadde søvna, stillte han se upp, treiv Peingpøsin o drog heimover. Dæ va fint Skiføre, so han reiste snart eit Stykkji; men han va kji komin langt før tvo taa Røvaro kom ette-sætandis. Dei hadde Dyrja has Gunnar aa gaa i o tok difør snart te dra stygt innpaa han; men dei kom honom likevel inkji paa Skøt, daa han Gunnar va ein stærk Kar o gg te gaa paa Ski. Daa han kom heimpaa Krististølhøgde – ei Mil længer heim – hadde han dei trast ette se; men dæ halla daa undaa heile Tie, so dei kunna aka like aat Bygden gøt so i ein Ak o dei syntist difør dæ va bæst o snu, før ha dei kome nie Hippisbygde, va dei vist rædde taa dei ha faat meir Juling enn dei ha hat gøt taa. Den, so va sæl den Gonge, dæ va han Gunnar. Men dæ va kji længji før han hadde gjort Ende paa heile Peingpøsa. Før Aare va umme hadde han drøkke upp kor Dust.            

 

Desse Røvaradn va reint ei Skræme før Bygdo derikring, før dei stal o røva baade her o der. Gjik nokon te fjells aat leine um Hausten, va dæ skjælda dei kom heimat. Lensmann fekk daa ei Gong mæse eit Kumpeni Sylatera o ein heil Folkehop o fekk take Røvaradn mæ Manngar. Nokre hadde dei skøte før dei fæk Tak i den. Dei andre vart hælshogne ve Røn, Sjele ve den store Raun, du veit staar nora Kyrkja. Ei ovfager Gjente vart ogso hælshoggin mæ dei andre. Huvue aat dei hælshogne vart sette paa Staka o dæ gule Haare aat dei fine Gjenturne flagra længji i Vinde.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum