Um Jordskjelvar.

 

 

(Av Rudolf Falb).

                                  

                                  

(Slutt fraa fyrre No.).

 

(Del 2 av 2. Fyrste del.)

 

4. Det er ikkje like mange Jordskjelvar alle Stadar paa Jordi. Det finst Plassar, der det aldri er Jordskjelvar og Plassar, der dei er kvar Vike. Det er ein Regel, at dei held seg helst til Plassar, der det er mykje Fjell som t. D. i Himalaya, Anderne, Kaukasus, Apeninerne, Atlas, Alperne, Pyrenæerne og Karpatherne, medan det er sjeldan dei er i Brasilien, det austlege Asia, det innre av Afrika og Millomeuropa.

 

 

5. Det hev ogso synt seg, at det ikkje er like mange Jordskjelvar til kvar Aarstid. Mallet, ein namngjeten Engelsmann, hev skrivet upp alle Jordskjelvar fraa Aaret 800 til 1843. Paa den nordlege Halvkula hadde det i den Tidi voret 5492 Jordskjelvsdagar. Desse fall soleis for kvar Maanad i Aaret.

  

Januar             583 elder i Prosent 10,6

Februar 496 - ” - 9,0

Mars   451 - ” - 8.2

April   455 - ” - 8.3

Mai     427 - ” - 7.8

Juni     377 - ” - 6.9

Juli      388 - ” - 7.1

August 424 - ” - 7.7

Septbr. 403 - ” - 7.3

Oktober 517 - ” - 9.4

Novbr. 465 - ” - 8.5

Desbr. 506 - ” - 9.2

  

Det syner seg altso, at det er mest Jordskjelvar i Januar og minst i Juni. Talet stig daa litt etter litt til Januar att. Det same fant Forfattaren var Tilfelle paa den sudlege Halvkula.

            

Det hev synt seg klaart, at Soli og Maanen innverkar paa Jordskjelvarne. Ein lærd Mann hev soleis funnet ut, at det var fleire Jordskjelvar 1) ved Ny- og Fullmaane enn i Kvarteri, 2) naar Maanen var nærast Jordi, enn naar lengst burte, og 3) i Vintermaanarne enn i Sumarmaanarne paa den nordlege Halvkula.

            

Me hev her ikkje Rom til aa framføra alle dei Prov, som Vitenskapsmenn hev komet med. Berre eit og anna Døme:

            

Med November Maanad 1880 byrjad det aa bivra i Jordens Inre og det kom daa ein Mengde Bivringar ved Ny- og Fullmaane. D. 14de Nov. bivrad Jordi i Tiflis, Innsbruck, Halle, Thaur, Rein (Tyrol) og Mittenwald i Bayern; d. 16de i Bern, og merkjelegt nok, same dagen i Agram. 16de Desember vart det Jordskjelv i Agram att, og dette hadde Forfattaren funnet ut i Fyrevegen. Likeins hadde Forfattaren alt i Mars reknat ut den Jordskjelven, som var i Chios 10de Juni 1881.

  

 

6. Naar det er Jordskjelv i Nærleiken av Kystarne, stig Vatnet trast etter Støyten. Her maa ein skila millom desse 3 Tilfelle:

  

1) Anten dreg Vatnet seg snøgt attende for so etter nokre Minut aa yverskyla Kysten (Dette hender oftast). 2) Elder Vatnet stig litt trast etter Støyten, fell so attende for Gong etter Gong aa yverskyla Kysten. Dette Tilfelle merkte dei seg ved Jordskjelven d. 13de Aug. 1868 i Iquique (Peru). 3) Elder Vatnet flaumer innyver Landet, utan aa draga seg saman i Fyrevegen. (Dette var Tilfelle i Lissabon 1ste Nov. 1755).

 

 

7. Orsaker til Jordskjelvarne.

  

I gamle Dagar var det langt fleire Eldfjell paa Jordi, enn no. I det inre europæiske Fastland finst det Far etter sovorne Fjell; mange Stadar so smaae, at det ikkje skulde mykje til for aa begrava dei. Varme Kjellur i Nærleiken deira syner, at det endaa finst Varme der nede.

  

At det finst eit flytande Stoff i det inre av Jordi er noko, som flestalle Vitenskapsmenn no er samde um. At dette maa vera svært varmt er greidt, etterdi Varmen stig til nærare ein kjem Jordens Midtpunkt. Kva skulde det so vera i Vegen for, at me segjer, at dette Stoffet og den ”Lavaen”, som Eldfjelli spyr ut, er plent det same? Kva er det ivegen for aa tenkja seg, at Lavamengdi er større i Djupet, enn ho ser ut til aa vera ved Utbroti? Kva er det ivegen for aa tru, at denne Lavaen er Slutten paa det eldflytande Stoff, heile Jordi eingong vart danat av, og at det difor finst mykje av han nedi Djupet? So lenge ein ikkje kann prova, at ”Lavaen” hev eit anna Utsprang, vert dette den einaste rimelege Maaten aa forklara det paa.

            

Me tarv Letikkje tru, at Soli og Maanen lyftar slavaen i Veret; me veit, at flytande Stoff helst vert lyftat upp ved Hjelp av Gas. Men at desse tvo Himmellekame dreg paa Gasen, er visst. Det kann difor ikkje ofte nok veta framhaldet, at ein bør sjaa paa Jordi som ein ovstod Trykkmaalar. Gasutbrot syner Kjensla for Skildnaden millom dei ytre Trykk.

            

Dette kann ein kalla den aalmenne Læresetningi for Eldsutspying. Med Avsyn paa Jordskjelvarne kann ein uttrykkja dette soleis:

            

Jordskjelvar er underjordiske vulkanske Utbrot, som vert framkallat ved Avkjølingi i det inre av Jordi og vert framhjelpte ved Tiltrekkingi fraa Soli og Maanen.

            

Denne Jordskjelvslæra vart framsett i 1868 og hev sidan vunnet fleire og fleire med seg.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum