Uppmaning.

 

Ein av dei fyrste Doktaranne vaare, J. O. Hennum skreiv for ei Rid sidan ei Bok, som heiter: ”Anatomiske Termeni fra det norske landsmål”. I denne Boki hev Forfattaren sankat saman alle dei Namn paa Lekamsdelarne, han hev kunnat uppdriva. Boki kom ut som Tillegg til eit Lækjartidskrift og er soleis ikkje aa faa i Bokhandelen, Men so hev Hennum tenkt aa skriva ei større seinare. Han hev alt byrjat med ho. Det vilde vera til stor Stydnad for han, um alle Maalmenn, i Landet er, vilde leggja seg etter aa sanka saman so mange Namn som mogelegt. Det er Namn paa alle Lekamsdelar, ytre og inre det gjeldst um. Dei bør skrivast upp og verta forklarde so godt som mogelegt. Me er visse paa, at alle Maalmenner vil gjera det, dei kann i denne Vegen, daa dette vil vera til stor Hjelp for Maalsaki. Alle sovorne Upplysningar kann sendast anten til prosektor J. O. Hennum Universitetet elder til Fedraheimens Bladstyre, Kristiania.

 

Gjer alt, de kann, Maalmenner!

 

        

Me bed alle Blad taka inn dette.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum