Ein, som ”hamrar inn”.

 

 

Det er ein, heiter Maakestad, burt i Hardanger ein Stad, som vil fortelja Oddm. Vik, ”at dei vestlandske ”Lesarar” berre lær ut Fædrel., naardetsutrar um Vantrui. Men naar Pastor Oftedal segjer det same, daa trur dei han”.             

           

Ein gløggsynt Kar denne Maakestad’en. Daa Fædrel. slo um seg med, at alt, som hekk i hop med Fridomsflokken, at alt, som reiv ned paa Selmers Styre, at alt, som var med i 9de Juni-Avgjerdi, at alt, som var med paa Riksretten – det var Vantru og Illmanns-skap, daa lo dei. For det var ikkje sant. Men naar Vestlp. hevdar, at alt, som riv ned paa Bibelen, paa Guds Ords Magt i Folk, det er Vantru, daa læ dei ikkje; for det er aalvorleg Sanning. At ein Unggut som M. lær aat alt dette, er trulegt, for han heve vel havt litet aa gjera baade med Tru og Vantru. Men Folk, som elska Gud og hans Ord, dei læ ikkje. ”Kva Samfund heve den, som elskar Gud, med den, som ikkje elskar Gud”. Det vert allstødt Fiendskap der. Og naar Striden stend um Kjærleik elder Fiendskap mot Guds Openberring i sin elskelege Son, daa veit den same kristne so godt aa finna sin Flokk, anten so Vestlp. elder Fædrel. elder V. G. vil leida honom. At Vestlp. aldri heve gjort Mistak i Striden, og at ”Lesaranne” er samde med honom i kvar Lina, er ikkje hermed sagt.

           

Naar Bruun talar, so kvekka Høgskulelæraranne yver til det ”kristne” Vinstre og og ”vil ikkje ha meir med det gamle Vinstreprogram aa gjera”, meiner same Guten.     

 

Ja kva er no det gamle Vinstreprogram daa? ”Eg minnest 12 ”Punkter”, og millom dei stod ”Adgang for Menighederne til at øve Indflydelse paa Valget af Præster og Brugen af Kirkerne”. Er det det? Kven er det daa, som ikkje vil hava meir med det gamle Vinstreprogram aa gjera? Det skulde vel aldrig vera M. sjølv. Men Maakestad ”hamrar inn”, han, og so stend det fast; for han ”set Namnet sitt under som ein stor Autoritet”, so ein kann ikkje tru det helder.

           

Maakestad er Emne til noko stort, er det sagt, um eg ikkje misminnest. Kannhenda M. kunne vaksa med Tidi gjennomstrengt og trottug Arbeid, han som andre. Men daa lyt han læra krjupa, fyrr han lærer ganga.

                                              

 

K. S.

 


Frå Fedraheimen 12.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum