Johan Sverdrup og Framlegget um Menigheitsraad.

 

Som det fyrr er sagt her i Bladet, tykkjest det vera Von um, at Regjeringi ikkje vil koma med Framlegget um Menigheitsraad iaar. Det vart soleis ikkje nemnt i Trontalen, og det tok mange for aa vera eit godt Merkje paa, at Regjeringi i det minste vil spara det so lenge, til dei store Saker, som heile Vinstre kann samla seg um, er førde igjenom.

           

At Vestlandsposten ikkje unner oss aa hava denne gode Trui, kann ikkje undra nokon, som hev lagt Merkje til, korleis dette ”kristelege” Blad strævar etter aa gjera ei Semjing millom Regjeringi og Vinstrefleirtalet so vanskeleg som mogeleg.          

 

Liksom Høgrebladi i Selmertidi preikad um, at ”Kongemagten havde brændt sine Skibe”, soleis gjer og Vestlandsposten no med Ministeriet Sverdrup. Den vil paa harde Livet hava det slik, at naar Framlegget um Menigheitsraad kom inn i Trontalen i fjor, naar Johan Sverdrup hev sagt det og det, naar heile det ”kristne Lægfolk” (d. v. s. Jakob Sverdrup, Oftedal og det vesle Fylgje, dei hev fenget) vil hava det, og endeleg, naar dei skarve Europæararne og Fritenkjararne (d. v. s. det store Fleirtal av Vinstrepartiet i Landet) ikkje vil hava det, ja, so kann ikkje Regjeringi ”trække sig tilbage” so hev ho ikkje anna aa gjera enn aa tvinga det fram; ho hev ”brændt sine Skibe” og sleget upp sitt Paulun i Oftedølernes Leir.

           

Og difor vil Framlegget ”selvfølgeligt” koma, segjer Folkets Avis. Naar det ikkje vart teket med i Trontalen, so var det berre, fordi det høyrde til dei kjende Ting, som ikkje turvte nemnast.

           

Ja, me lika no aa sjaa alt i det ljosaste Laget, so lenge det er Raad.

           

Men ikkje for det! Det kann gjerne henda, at det gjeng som Profeten i Karl Johan spaar – for det er lett aa vera Profet, naar ein ikkje tarv ganga lenger for aa faa den rette ”Inspirationen” -, at altso Kyrkjestatsraaden ein vakker Dag kjem stigande i full Uniform, med Sabelen ved Sida, og legg den kongelege Proposisjonen paa Præsidentens Bord.   

 

Og so kann det og gjerne henda, at Johan Sverdrup (i Fylgje med Jakob) kjem i Tinget og segjer som i Laget paa Vetlehamar, at, um det so er hans ”sidste Stemmegivning”, so vil han ”give det sin Stemme”, elder meir endeframt. ”Røystar Fleirtalet av Dykk, mine Herrer imot det kongelege Framlegg til Lov um Menigheitsraad, so gjeng eg min Veg, og so kann De sitja der etter og grona yver, kor de atter fær ein ”Peter” ifraa. Elder De kann og gjera, at me fær eit Ministerium a la Selmer, mine Herrer! Men – so kann De hava det so godt.

          

Det er alltid best aa tenkja seg um i Tide, so ein ikkje berre stend og gapar og glor, um det hender noko rart.       

 

At Johan Sverdrup skulde kunna gjera noko slikt, er ikkje so svært urimelegt etter det, me hev set i den seinare Tidi. Det kann ikkje nytta aa nekta, at mange finn seg svikne i sine Draumar um, korleis me skulde faa det her i Landet, naar han kom paa ”Magtens Tinde”.

           

Men likevæl er det noko, som orsakar honom. Lat oss berre minnast, korleis Stellingi er!

           

Bak den ”graanede Kjæmpe”, som vel maa hava misst noko av den gamle Eldhugen og det gamle Klaarsynet, stend det ein Flokk med magtsjuke Folk, som bildar honom inn, at no kann han med sin ”Fortid” og sin ”parlamentariske Kraft” driva igjenom, kva det skal vera, serleg daa me hev desse store Merkesakerne – Juryen og Hærstellet – som han meir enn nokon annan er bunden til, og som han baade som den fyrste demokratiske Ministaren og som den gamle Vinstrehovdingen maa hava til serleg Uppgaava aa løysa paa den beste Maaten.

           

Og Vestlandsposten og dei andre Rovediltarar smeiker for honom og fortel, at han vil hava alle ”kristne” i Landet med seg (aa kor dette ”kristne” lyder farisæisk i Munnen paa deim!), at det gjeld ”at sikre Bevarelsen af den evangelisk-lutherske Kyrkje her i Landet” at det gjeld –og so les dei¹) upp for honom, kva han sagde so ”varmt” i 69 – um aa faa ”en Reform, som ikkje bare er ønsket og ønskelig, hensigtsmæssig, velgjørende og stemmende med vore Institutioner forøvrigt, men ogsaa et nødvendig Led i den største af alle Udviklinger, at dens Indførelse vil være uundgaaelig, og at det derfor kun gjælder at træffe det rette Tidspunkt”.

           

”Og det rette Tidspunkt er no komet”, segjer Jakob Sverdrup og Oftedølerne. ”Bryd deg berre ikkje um, korleis desse Europæarne og Kristianialiteratarne skrika; det ”kristne Lægfolk” vil velsigna ditt Minne”.

           

Og den store, gamle Mannen sit nede i Stiftsgarden, meir einsleg, enn han fyrr hev gjort, i Knipa millom Elden og Vatnet, lyder til dei kviskrande Røysterne og kjenner det paa seg, at no gjeld det aa – velja. Fred og Forlik elder – Strid!

 

Lat oss venta og sjaa og – vona det beste.

           

Me vil ikkje hava Menigheitsraad, daa me trur det vil verta til Skade istadenfor til Gagn for det kristelege Liv. Og me trur, det vil verta til endaa større Skade for vaar politiske Utvikling, um Regjeringi no vilde driva det fram. Men me skal vera rettferdige.

           

Naar ymse Blad og Menn hev sagt, at Johan Sverdrup hev sviket ”sin Fortid” ved aa ganga med paa og stella seg slik til Framlegget um Menigheitsraad, so trengst det aa verta sagt at dette er berre paa ein Maate sant.

           

Saki er – det veit kvar, som hev fylgt med i det politiske Liv -, at han alltid hev voret med paa den Tanken, som ligg til Grunn for Framlegget. Me turva berre lesa Talurne hans i Ordskfitet um Menigheitsraad i 69 for aa skyna, at dette fraa fyrst av hev stadet for honom som ei stor Sak, elder for aa bruka hans eigne Ord: han hev alltid sett det ”som et Led i den største af alle Udviklinger”.

           

Ja, naar me sjaa paa hans Uttal i 69, so maa me helder segja, at han hev vortet meir frilynd av seg i den Vegen etter det kongelege Framlegget aa døma.

           

Daa eg trur, det er mange som ikkje kjenner til det, lyt eg faa Lov til aa herma noko av Talurne hans (etter Storthingstidende for 69): ”Taleren (J. S.) fandt, at naar Menigheden selv havde valgt Menighedsraadet, og naar dette bestod af et Kolegium, der ikke var for faatalligt og havde Presten i sin Midte²), maatte Censuren for, hvem der skulde være stemmeberettiget, kunne betroes til dem, især da her kunden appelleres til Kirkens høieste Funksjonærer. Han vidste ikkje, hvorledes man skulde kunne oprette et Menighedsraad, undtagen at give det en Myndighed, der i Hovedtrækkene svarede til det, der var forelagt i §§ 13, 14 og 15.

       

Enten maatte man ikke ville Institusjonen eller man maatte ville omtrent saa meget”. Og § 14 slik som baade Sverdrup og Ueland røystad for honom, lydde so: ”Menighedsraadet har at fatte Beslutning om, hvorvidt noget Menighedslem, efter forgjæves at være formanet af Presten i Overvær af 2de af Menighedsraadets Medlemmer vedblivende bør udelukkes fra Adgang til Nadveren eller, om saadan Adgang ikke er begjæret, paa Grund af vitterlig Forargelse i Liv eller Lære, fra kirkelig Stemmeret. Den fattede Beslutning skal, naar enten Presten eller 1/3 af Menighedsraadets Medlemmer eller den, hvem Sagen angaar, forlanger det, gjennem Provsten forelægges Biskopen til Afgjørelse”.

      

Er det ikkje merkjelegt? Ein Mann som Johan Sverdup er med paa slikt, talar her med Varme um Censur, andeleg Censur, Godtfolk! – og er ikkje rædd for, at Styringarne i Menigheitsraadet – um det til all Ulukke skulde vera nokre slike – vil misbruka Magti, naar dei hev han Far: Presten ”i sin Midte”, og naar endeleg den arme Syndaren kann appellere ”til Kirkens høieste Funksjonærer”, som naturlegvis vil vera ”barmhjertige” imot honom.

           

Og, at han endeleg sluttar med dette: ”enten maa man ikke ville inst. eller man maa ville omtr. saameget” liksom og, naar han segjer at han ikkje ”vidste, hvorledes man skulde kunne oprette Menighedsraad uden” o. s. v. so skulde dette ikkje tyda paa, at han kunde gjera slike ”Indrømmelser”, som Motparten krev m. a. o. at Johan Sverdrup er og alltid hev voret so klerikal, at hans kyrkjelege Reformer ikkje paa nokon Maate vil hava Von um aa ganga igjenom i vaar Tid med sitt sterke Krav paa det einskilde Menneskjes rett til aa dyrka Gud paa sin eigen Maate, utan derved aa lida noko borgarlegt Tap.

           

Men skal ein døma etter Jakob Sverdrups Uttal paa Stiftsmøtet i Kristianssand, og likeins etter private Uttal av Johan Sverdrup, so skal han no hava gjort ein Sving i Trui – til det betre.

           

Det er endaa deim, som segjer, at han vil lata desse kyrkjelege Røysterettsreglarne reint falla burt, naar han berre kann faa Framlegget igjenom. Men dette maa berre vera eit Knip; for me kann ikkje tenkja oss, at han vil gjeva upp det, som – baade etter hans og Uelands Uttal i 69 aa døma – var det ”væsentlige” ved Framlegget, det, at Menigheitsraadet skulde hava ”Kirketugtsmyndigheden”. (Naar t. D. Ueland serleg lagde Vegten paa ”Tugten” uppyver, so var det berre for aa roa deim, som var rædde denne andelege Innsnøringi). At dei den Gongen saag dette som det ”væsentlige” ser me bl. a. av, at baade Sverdrup og Ueland røystad imot nokre Umvølingar av Teksti, som kunde gjeva Framlegget eit mildare Lag.

           

Likeins ser me og av Motpartens Innlegg i Ordskiftet, at det nettupp var dette som dei ræddest for. Schweigaard sagde soleis: ”Man havde sagt, at Myndigheden kom i gode Hænder. Da den katholske Inkvisisjon indførtes, troede man ogsaa, at den var i gode Hænder; men hvorledes havde det gaaet?” _ _ _ ”Kirketugten drevet paa med Kraft var af alle Midler det allerværste”. _ _ _ ”Den Udrensning, man her lagde Vegt paa, var altfor vanskelig, til at man kunde bygge noget paa den”.

           

Og lenger ute i Ordskiftet segjer han, at ingen Lov let seg grunna paa noko, som dei kallar ”vitterlig Forargelse”. Og likeins gjeng det ikkje an aa lata Fleirtalet i Menigheiti døma um, kva er ”Forargelse” og ikkje (d. v. s. naar dei med det sama hev Magt til aa støyta ut).

           

Og, kva i all Verdi skulde me ogso med Menigheitsraad, naar det ikkje hadde anna aa gjera enn aa sjaa etter Kyrkjur og Prestegardar, gjera ”Overslag” yver Utgifter til dei kyrkjelege Ting og anna slikt som Formannskapet og Skulestyret kann greida so godt. Og naar det gjeld Val av Prestar, so vilde det vel vera betre, at kvar fekk Lov til aa røysta for seg sjølv utan aa gjeva Retten ifraa seg til dette Menigheitsraad.

           

Nei, rette Grunnen er, at dei, som paa harde Livet vil tvinga det igjenom, trur, at det skal hjelpa deim til aa herska, til aa ”øve Censur over Aanderne” og til aa bannstøyta alle, som ikkje fylgjer den rette ”autoriserede”, ”regelbundne” Lov ”i Liv og Lære”.

           

Eg veit nok, at desse patentkristelege Folk segjer som so: Ja, kann De ikkje tola Bandet, so fær De melda Dykk ut. Me svarar: So lenge det er Bate aa vera i Statskyrkja og skade aa ganga utor, so er dett eit Tyranbod og ikkje noko anna. Lat oss faa Statskyrkja vekk, so kann De gjerne faa herska, so mykje De vil, yver deim, som er dumme nok til aa bøygja Ryggen, berre dei ser ein Snipp av Farisæarnes lange Kjolar og ”Bedemandsfjæs”. Men so lenge me hev den, vil me ikkje vita av noko Serrett for visse Folk til aa kasta ut av Guds Hus deim, som dei tykkjer, ikkje hev den rette Brudlaupsklædnaden paa.     

 

Det er ikkje med dette som med dei borgarlege Spursmaal. Der hev Fleirtalet Rett til aa raada. Men Kristi Rikje er ikkje ”af denne Verden”, og difor hev ingen Lov til aa krevja den same Retten gjort gjeldande her.

 

Det er soleis reint løglegt, naar O. G. Ueland ”begrunder sit Votum” i 69 slik: ”Loven vil fremkalde Splid, sagde man. Men Splid er bedre end Tankeløshed; det vil være en Vækkelse for Menighederne, at de kom til at tænke over Tingene”. Det skal vera plent som med andre jordiske Ting: Misbruk er ikkje so faarlegt; det lærer berre Folk aa tenkja.

 

Men dei, som tenkjer slik, gløymer, at det aa stengjast ute ifraa Samfunnet med Gud er noko heilt anna enn aa stengjast ute fraa Kommunestyret elder Stortinget. Og det er liti Trøyst i, at ”Folk vil komme til at tænke over Tingen”, naar dei – fyrrenn dei hev ”tenkt” – fær Magt til aa gjera – Urett.

 

Men, lat oss koma tilbake til det, me gjekk ut ifraa! Naar Johan Svredrup no er med paa Framlegget um Menigheitsraad og kanskje – endaa me enno hev Von um, at han ikkje vil driva det fram iaar – vil gjera det til Kabinetsspursmaal og soleis draga Landet inn i ein ny, bitter Strid, verre enn den um Vetoet, splitta Vinstre og soleis setja heile sitt store Verk paa Spil, so kann han vistnok segja: Eg vil berre hava fram ei Sak, som eg alltid hev kjempat for, so det er undarlegt, at De, mine gamle Vener, ikkje vil vera med. Han kann skjota seg inn under dette, at han fyrr hev talat og røystat for Menigheitsraad.

 

Men, naar han no ser, at den andelege Utvikling her i Landet – som han, meir enn nokon annan er Skaparen av – hev ført til det, at Fleirtalet av Vinstres korne Menn, ikkje lenger kann vera med paa noko slikt, daa dei trur, det vil draga oss tilbake i stadenfor fram, og at det ikkje lenger høver i hop med dei Krav, som er uppe i Tidi, ja so skulde han tenkja seg um, fyrrenn han slog til.       

 

Han veit, at me er rædde for aa missa honom, at me vil vera honom til lags so lenge det er Raad, fordi me ser, at gjeng han sin Veg no, daa det gjeld aa freista vaar Fridom i slike Former, at det ikkje kann tenkjast at noko Høgrestyre kunne støypa dei um, ja so sitja me der atter i Klemma.   

 

Og denne Voni veit han, at me ikkje gjerne vil vaaga. Men – han kunde driva oss til det likevæl.          

 

Det kunne difor i Sanning trengjast, at han tenkte seg um, fyrrenn han let Jakob og Oftedølerne draga av med seg. Ein ”parlamentarisk Minister” kann naturlegvis koma med kva, han vil, og standa elder falla med det. Det kunne soleis – endefram set – ikkje vera noko aa segja paa, um han no kom med dette Framlegget um Menigheitsraad.

 

Men ein stor Mann vil ikkje berre taka ”Hensyn” til seg sjølv elder ein Klikk, som han serleg kjenner seg dregen imot; han vil ogso og serleg sjaa etter, kva som kann tena til ”Landets Vel”, han vil skoda framyver, ut yver alle smaalege Ting, for aa vinna so langt som mogelegt fram mot det store Maal.

 

Og no er Johan Sverdrups store Maal aa samla Vinstre um det Arbeid, som Tidi og Utviklingi krev, lata det liggja, som han veit vil sprengja og skilja, og soleis setja Kruna paa sitt store Verk. Gjerer han ikkje det, so hev han sviket ”sin store Fortid” og sviket deim, som trudde, at han var Mannen med det rette ”Hovdingesind”.    

 

 

T. B.

 

¹) or Vestlandsposten.   

²) Utpeikat av meg.

 

 


Frå Fedraheimen 12.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum