Kristiania, den 11te Februar. Juristar og Teologar.

 

 

 Det er Juristarne, som styrer Jordi, og Teologarne, som styrer Himlen.

           

Kva skal so anna Folk gjera, taka for godt og sanna etter dette Magtvelde i Himel og paa Jord?

            

Nei me skal kasta Aaket av oss.

            

Det er ikkje Sjølvstyring dette, at me let Juristarne og Teologarne tenkja, tala og skriva for oss og smeikja for Folket, til aa faa dei med paa sine Planar, so lenge til at dei kann faa ei Stortingsavgjerd til aa stadfesta Magti for dei; um dei aldri so mykje segjer, at det er Folkeviljen, som raar, Folkeviljen, som fær sitt fram, - nei me skulde ikkje gjeva oss yver og ”liva Leta” for det.

            

No er det Juriloven og Herskipnaden. Eg trur ikkje Bondetanken kjem fram retteleg i noko av det. Det vilde verta annaslag baade billeg, praktisk og lettvint og nasjonalt Verk daa. Herskipnaden hans Sverdrup er det visst ikkje mange Bønder, som likar fullgodt, og den fæle digre Juriloven med sine mange Hundrad Paragrafar, ser ein straks paa, at han er eit Verk av Juristar.        

  

Kva skal ein so gjera? Skal ein segja nei og venta, til at det kjem noko fullgodt?

  

Daa fæler eg for, at me kom til aa venta hosta lenge, soframt me skulde venta, til dess at det norske Folket lærde aa vera sjølvstendig. Me fekk venta i Mansaldrar daa.

  

Og so lenge me ikkje er vaksne, fær me finna oss i aa hava Formyndarar. Naar det er umogelegt for oss aa faa det beste, so fær me lita oss med det næstbeste.

  

Den, som paa det siste hev voret Formyndaren vaar, det er Johan Sverdrup. Han hev tenkt for oss, han hev arbeidt for oss, og han hev ikkje sparat seg, og naar Bønderne vilde hava noko fram, som dei var for rædde til aa føra upp sjølve, so var Sverdrup godbeden og lettvint til aa skjota fyre seg. Han hadde so store sterke Vengjer, der heile Bondeflokken kunne krjupa innunder, um det kom nokon Faare paa. Han var ein klok Kar, sette aldri noko paa Spissen, utan han viste, at det gjekk, han hadde mykje Lesning og rimelegvis faste gode Grunnsetningar, moderat og mild, aldri radikal.

  

Men no, sidan han hev vortet gamall, er det meir utvortes Hensyn han gjeng etter enn sine gode Grunnsetningar; det er Juristen, som kjem mest fram. Av dei andre Statsraadarne er det væl snaudt nokon, som var so godt fyrebudd som Gamlen, det er difor ikkje aa venta, at dei skulde hava meir Mot, naar dei kom inn i slike høge Stellingar.

  

Minst kunne ein naturlegvis venta av Teologen og Presten Jakob Sverdrup.

  

For er Juristarne einsynte og rangvise, so er Teologarne det tie Gong meir. For Presteskulen er soleis lagad, at ein snaudt fær tenkja, som ein vil. Og den Lærdomen ein kjem inn i der, det er det sjeldan, at ein fær koma seg utor att.

  

Det er likevæl tvo Karar i Statsraadet, som det burde vera godt To i, Baard Haugland og Elias Blix, og hadde Bondekulturen vaar voret ein Mansalder lenger frame, enn han er, so vilde desse tvo visst kunne gjort mykje. Men som no er, er desse og for rædde og vare og bondebljuge og moderate, det er snaudt det finst ein radikal Hug i dei.

  

Som no Blix, endaa han sjølv er so varmhugad ein Maalmann, og endaa han veit um, at Folk krev ”Nokre Salmar” godkjende til Kyrkjebruk, og endaa han veit at desse Salmarne er so gode som dei kann verta, daa han hev gjort dei sjølv – endaa drygjer han i det endelause, fyrr han autoriserar dei.

            

Jau det er norsk Bondegjerd det!

            

Det er leidt, at me hev slike Karar til Statsraadar, som hefter burt Tidi til Folk med Spursmaal, som det snaudt er Møda verdt aa gjeva fullstendelegt Svar paa.

            

Eg meiner Lovforslaget um ”Menighedsraad”.

            

Eg tenkte, at Tidi var komi, til at me kunne taka fat i Kyrkjespursmaali for Aalvor no, og eg meinte au, at det sat Folk i Regjeringi, som ikkje var rædde for aa taka fram dei store Saker og vaaga Trøya si for dei.

            

Men istaden for noko som var djervt og stortenkt, fær me dette Lappeverket um ”Menighedsraad”, noko so smaatt so smaatt, at ein maa bruka Brillur til aa sjaa det. Men det var likevæl det same, um det var aldri so smaatt, berre det gjekk paa ei rett Leid. Men kjære, so er det berre noko Kluss altsaman, berre til aa hefta burt Tidi med Snakk, so me ikkje fær koma inn paa vigtuge Saker, berre til aa gjera Folk leide av alt, som smakar av Kyrkjepolitikk. So at brae Folk, som vil noko, dei maa ofra sine Krefter paa aa greida ut dette her flokutte Menighedsspursmaalet sitt i Staden for aa arbeida beint og manneleg for det, som er deira Hjartans Ynskje.

           

Sjaa no Christopher Bruun, han skjemmer alle sine store og gode Tankar reint ut for seg, naar han blandar seg upp i denne teologiske Kyrkjelovsmyrkja.

         

I Staden hadde det berre voret ein fullgreid Kar i Regjering elder Storting, som hadde talat beint ut og lagt fram eit greidt radikalt Forslag, so hadde det ikkje varat so fælt lenge, fyrr det kunne samla heile Folket um seg.

  

For det radikale likar Folk, det andre bryr dei seg ikkje um, elder so vert det berre upp i tillærde juridiske og teologiske Talemaatar.

 

 


Frå Fedraheimen 12.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum