Kven held Bjørnson med?

 

For 18de Janaur hev Folkets Avis eit Stykkje fraa Bjørnson um ”Albertine”, uppteket etter Dgbl. Etter dette skal Tendensen i Boki ikkje vera aa motarbeida korkje Prostitusjonen elder Hor, men berre vera eit Aagrip paa Politiets Iblanding. Ikkje eit Ord um ”Beslagleggelsen.

           

Men so kjem V. G. for 20de og fortel – ogso etter Dgbl. -, at Bjørnson hev sagt,”Beslaglæggelsen er en Gammelmands-Dumhed af nogle af Statsraadet og en lumpen Beregning af en og anden”. Men ikkje eit Ord um det, som etter Bjørnsons Meining er Tendensen i Boki.     

 

Skal ein ha’ set slikt? Det ser ut som det ikkje var Bjørnson, som hadde skrivet. Er det den same Artikelen, som vert soleis gjengjeven?

           

Ja, eg lyt spyrja so, for her uppi Fjellbygderne hev me nok baade av V. G. og Folkets Avis, men Dgbl. ser me ikkje noko til, som ventande kann vera.

           

Me krev difor, at naar Bladi her i ei sovore Sak vil herma ein Mann som Bjørnson, so fær dei vera so snilde aa lata oss faa sjaa heile Stykke; ikkje berre det, som høver i Kramkista deira.

           

Her ein dag kom eg i Treknad med ein av Grannarne mine. Han les berre V. G., men den les han, so det smeld etter. Me kom i Treknad um Albertine-Saki og Artikelen fraa Bjørnson. Men han forspaadde seg paa, det ikkje var sant det, som stod i Folkets Avis, naar ikkje V. G. hadde teket det inn. Bjørnson hadde ikkje skrivet meir han, for V. G. var nok ikkje rædd for aa taka det inn han, meinte han.

           

Men jamen ser det ut som V. G. hev voret rædd den Gongen lell.

           

Det er argasamt aa harmelegt aa sjaa. Sume Bladstyrarar trur ”sant for Dyden” dei kann trykkja i Lesaranne sine mest kva det skal vera. Trur dei alle Lesaranne held berre eit Blad og tullar iveg etter dette som ein blindad Bukk. Altfor mange er dei, som gjerer det. Men slike er au ofte plent som skakkøyrde Hestar.        

 

Du Fedraheim, hev ikkje nemnt noko um Artikelen aat Bjørnson endaa – No. 3 er det sitse eg hev fenget. – No bed eg deg, at du daa iallfall tek han inn heil og ikkje riv han sund, soleis som V. G. og Folkets Avis hev gjort¹). V. G., som talar so mykje um Formyndarskap, skulde han vilja vera Formyndar for Lesaranne sine han?

 

Fjellbygd, 31-1-87.                           

 

Vak.

 

¹) Bj. Bjørnson hev skrivet tvo Stykkje iDagbl. um ”Albertine”. Her er dei:

 

1. Hvorfor bare Kvinder? Kanske har Striden om Beslaglæggelsen af Chr. Krohgs Bok nu lagt sig saa vidt, at vi kan komme til det, Boken handler om. Der er rigtignok sagt, at den har ingen Tendens; jeg bare svarer, at jeg kjender ingen Bok i vor Literatur, som har en stærkere gjænnemført. Men Tendensen er ikke at motarbeide Prostitusjonen saa lidt som Hor; den indskrænker sig til Politiets Indblanding. Herimot er rettet et Angrep af stor Styrke.

           

Nuvel, lad der saa bli en Forhandling herom! Skal denne Politiets Indblanding kunne fortsættes? Er Visitationen undgaaelig, saa maa den vel fortsættes. Altsaa er den det? I saa Fald: maa den daa ikke utvides nu til ogsaa at gjælde Mænd? Hvorfor bare Kvinder?

           

Herom ønskede jeg at høre navnlig Lækers Vidnesbyrd, men ogsaa andres, som kjender til det. Utbreder ikke Mændene mere Smitte end Kvinderne?

         

Hvorfor bare Kvinder?

       

B. B.(i Dagbl 14/1 87).

 

 

2. Beslaglæggelsen er en Gammelmands-Dumhed af nogle af Statsraadet og en lumpen Beregning af en anden (eller andre); derom kan ikke tvistes. Men den hysteriske Maade at ta det paa, lar mig jo tvile om, at vi er modne til at ha Magten.Saamegen Ret har de evige Jurister, at Beslaglæggelsen kan forsvares. Derfor møt den med Værdighed og Klæm (f. Ex. det store Arbejdermøte, det var bra!) og ikke med Hysteri og allehaande Overfusinger, ja Raaheder.

 

B. B.(i Dagbl. 18/1 87).

 

 


Frå Fedraheimen 12.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum