Litt um Banning.

 

 

Det er svært som Banningar og raae Eidar vinn meir og meir Heimstamnsrett i dei nye Bøkerne. Det er mest likesom ei Bok ikkje skulde vera noko tess no, naar ho ikkje er fullpakka av sovorne Ting. Men lat meg faa segja det, at slik Skriving er lettsinnig, altfor lettsinnig. Det skal segjast det. Og ikkje er eg aaleine um den Meiningi. So den Kritikken yver dei moderne Bøkerne vaare skal ikkje burtdylgjast, um enn eit Blad som V. G. stikk den under Stolen og leet som ingenting var. Fram skal det.

       

Elder kanskje det ikkje er verdt aa segja noko um, at me kann mislika ei Bok i ymse Maatar, -daa- ho er skrivi av den elder den Stordiktaren, den trauste Karen, som det gjeng so og so store Ord um, som me hev so mykje og takka for, og som me lyt halda so mykje av –og som me held av? Ikkje det? Det var undarlegt. Eg veit daa i det minste, at V. G. ikkje kryp burt i Kraai og gøymer seg, naar det er noko han synest, han lyt skrubba paa Partikameratar for, um dei er aldri so store og ”fortjent” Menn. Elder det er kannhenda so, at naar ei moderne Bok kritiserast for slikt ”Smaatteri” som ei stygg Mengd med Banningar, maa det skriva seg fraa eit pietistisk Trongsyn, som berre er aa blaasa aat for framskridne og meir elder mindre frigjorde Folk? Eg fær daa fortelja, at Nedskrivaren av dette er langt fraa aa vera Pietist. Og endaa hev eg leset meg sinnad paa desse Gapaskrivingar og Flaakjeft-framstellingar av alle Slags styggare elder ”finare” Banningar. Som no t. D. i ”Mannfolk”. Det finst meir enn hundrad Banningar i den Boki. Men kva tener dei til? Ikkje skynar eg det. For all Mannfolk-usseldomen, som Garborg dreg fram og piskar i Boki si, kunne han fortalt um og framstelt livande nok for Lesaranne utan Hjelp av ei einaste Banning. Visst er det so, at Sedløysa og Raasnakk og Banningar høyrer saman som det rotne og den vonde Lugti av det; men likeso visst er det umogeleg aa teikna Livet heilt ut naturtru ved (paa Prent) aa koma fram med all Slags Raasnakk, som daglegdags kann falla millom raae og fulle Mannfolk – kven vilde vel gjera seg so idiotisk som aa freista paa det! – Og likeso visst kann den naturalistiske Diktningi likevæl teikna Menneskjur og Karakterar, so me ser dei og kjenner dei att, ser dei livs livande for oss fraa det daglege Livet, raae og fæle som dei kann vera, utan aa draga fram stort av Grisesnakket deira, og eg kjenner meg yvertydad um, at det kann gjerast utan aa draga fram ei einaste Banning – og gjerast godt endaa.

           

Garborg fortel ein Stad um Maalaren Bjølsvik, at ”det saakaldte Sprog” var for fatigt paa Kraftuttrykk for honom. Og daa han den sure graakalde Morgonen strævad med aa faa upp Varme i Omnen, heiter det, at han bannad, so det kunne ha teket Eld i Veden berre av det, men for Tryggheits Skuld saag han etter, um det var att noko paa Parafinflaska, Og ein annan Gong fortel han, at ”han mannad seg upp, og han bannad seg upp”. – Eg vil spyrja: trengst det her aa setja attaat Prøvur paa Banningarne hans? Er det naudturvelegt for Lesaren til Forstaaing av Bjølsviks Karakter elder av nokon annan Grunn aa vita, kva det var for Ordlag og Kraftsetningar han nettupp brukte kvar Gong? Aa langt ifraa. Det hev daa helder ikkje Garborg brydd seg um. Han maa naturlegvis sjølv vita det, at Lesaren ved desse Smaatrekk hev Bjølsvik likeso livande for seg, som um han hadde skrivet ned fleire Sidur med Banningarne hans – som det forresten er nok av elles i Boki. – Men Bjørnson t. D. hev voret lettsinnig nok til aa gjera noko sovoret i ”Det flager”. Fyrst fortel han paa sin meistarlege Maate um Jon Kurt, at han øydslad so mykje paa Banningar, at ein Maalar kunne hava fyllt eit stort Bilæt-rom (Galleri) og ein Diktar likeeins ei heil Boksamling, um dei hadde voret Eigarar av den; likeeins korleis han kunne faa ei Banning til aa rekka fraa den eine Enden av Eksisplassen til den andre, so Soldatarne hans gjekk i Takt etter Banningi. Og so utanpaa det att gjev Bjørnson ei ”noget tillempet” Prøve paa, korleis den same Kurt bannad ein Prest, han hadde høyrt halda ei Preike som han misslikad -! Eg veit ikkje nemna nokor meir lettsinnig Skriving enn den. Kva skal den Prøva vera til der?

           

Eg vil so gjerne tru, at Dikaranne vaare dreg fram all denne Banningsstyggedomen av same Grunn som dei dreg fram alt anna rotent og raatt og styggt millom oss – for aa preika imot det. Men korleis nokon so kann tenkja seg aa motarbeida Banningsbruken ved aa fullpakka Forteljingar og Skodespel med Banningar, den eine rarare, raa-are og verre enn den andre, ja, det skynar ikkje eg.

 

Dei fyrste Gongerne eg las Bøker med sovorne Saker i – det var nok endaa fyrr eg var vaksen – totte eg, det var fælt aa sjaa sovorne Uttrykk, som eg naturlegvis alt daa var fullgodt kjend med, - totte, det bar meir imot aa sjaa dei paa Prent enn aa høyra dei i Kvardagslaget. Men sidan hev Vanen sløvd den Sansen, so eg sant aa segja ikkje hev gjort meg noko ut av aa sjaa Banningar i Bøker; ja hugsar endaa, at eg sjølv hev lædd, so Sengi hev ristat under meg. Men um eg hev turvt god Tid til det, er det ikkje mindre visst, at eg no hev leset meg sinnad paa Banningarne. Og det vil eg fortelja.

           

Tydelegst Kjensle av Lettsinnet, som ligg i det, fær eg, naar eg les app sovorne moderne Bøker for andre. Skal eg daa lesa litgrand naturlegt, set Aahøyraranne i og storlær ved kvar Banning. – Er den Laatten der paa rett Plass? Nei, den vet lettsinnig, og den upplesne Banning likesovæl stygg, som um det hadde voret mine eigne Ord.

           

Eg tvilar elles for, at Diktaranne – i dei fleste Tilfelle daa – ved aa bruka Banningar slett ikkje tenkjer mykje paa aa motarbeida den Raaskapen.     

 

Bjørnson leet i ”Geografi og Kærlighed” Professor Tygesen segja, at ein Mann med litt skikkeleg Fantasi fær ikkje Rom i Spraaket utan ved aa banna. Er det so med Diktaranne tru? Det ser næsten so ut. Og Folk hev no vænt seg soleis til aa sjaa alle desse Banningarne, at det er liksom vortet eit Kjenneteikn paa ei ”moderne” Bok, um det er mange rare og ukjende Banningar i ho.       

 

Eg kann ikkje skyna, at den naturalistiske Diktningi paa nokon Maate kann segjast elder ventast aa gjera noko godt med denne Bruken av Banningar. Ikkje noko godt. Men helder mykje vondt. Og eg skynar like so lite, at Diktaranne er nøydde til aa ha dei med, fordi um dei skal skildra det verkelege Livet. Ein Diktning treng daa vel ikkje aa verta vassen av Smak elder usann i Skildringarne, um han ikkje framfører Banningar? Um nokon hev den Yvertydingi, vilde eg gjerne høyra Grunnar mot Meiningi mi.

 

Eg segjer, som daa eg byrjad: Slik Diktning er lettsinnig. Altfor lettsinnig!

                                                                                             

 

Aug. Steinhamar.

 

 

Kristianiaposten og Framgang tek visst upp dette Stykkje?

 


Frå Fedraheimen 12.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum