Ymist.

 

           

Hans Kristian Tveter, Lærar i Elverom, døydde 2dre Febr. Tveter var ein dugande Arbeidar for alt Fridomsarbeid i Landet og soleis ogso ein varm og brennande Maalmann. Endaa daa han gjekk med den siste Sjukdomen, talad han um, kva me burde gjera for Maalsaki.

            

Fred yver Minnet hans!

 

           

Kappkøyring vart halden paa Frognerkilen Laurdag og Sundag. Det møtte fram mange gilde Hestar fraa ymse Kantar av Landet. Det var 3 Laup kvar dag. I fyrste Laupet Laurdag fekk ”Hermod” fraa Sognsdalen 1ste Premi, i 2dre ”Elsa” fraa Aar og i 3dje ”Telefon” fraa Ringer. Sundag vann ”Gorrilla” fraa Rødenæs, ”Rjukan” fraa Kristiania og ”Kvik” frå Fr.stad 1ste Præmi.

 

           

Timmerprisen hev dottet ned. Ein kann mest rekna Avslaget til 10 pCt. Mange trur, det lyt koma Stiging utyver Sumarne, men det er ikkje godt aa vita.

 

           

Ein gild Sildelaas vart nyleg sett ved Utsira paa Stavangerkanten. Dei hev teket upp 2000 Tønder av han og likso mykje er det att.

 

           

Ein stygg Hundesjuke er det for Tidi i Molde og der ikring. Mange Hundar er døydde.            

 

           

Lang Tenestetid. I Birid er det ein Mann, heiter Peder Larsen, som hev tent paa ein Gard i 52 Aar.

 

           

Den eldste Mann i Landet liver i Sparbu. Han er 108 Aar gamal.

           

 

Sjeldfengt. I Gjesdal (Jæren) er det ikkje daaen nokon sidan 24de Aug. i fjor.

 

 

”Sysvorti”, fyrste No., hev no komet ut. Det teiknar til aa verta eit gildt Barnablad, som er verdt aa stydja. Det vilde vera gildt um det kunna faa so mykje Husrom her i Landet, at det kom til aa gjera til inkjes alle desse danske Barneblad, me hev, og som oftast er lite tess ved. Barneblad og Barnebøker er nettupp det, me serleg treng til i Maalvegen. no, daa Morsmaalet vert brukat i Skularne. Innhaldet av Sysvorti er god og sunn Barnelesnad, so Foreldri kann vera trygge i den Vegen.

           

Me ynskjer berre, at det maa finna Veg til alle norske Heimar.

 

      

Snodig Utpaaskrift. Fraa posthuset i Drangedal vart for ei Tid sidan sendt eit Brev med denne Utanpaaskrifti: ”Her sender jeg et Brev til den Korporal, som paa de Maldesletter sin Uniform han bar. Der nu ganske nylig en Konge han sig fik; han med en Pige fra Hamre i Ægteskab indgik. Dette Brev skal sendes helt til Kvinnisdal; men først maa det om Fedde; thi ellers gaar det galt”. Brevet kom fram.

 

           

Salisbury, den engelske Statsministaren, kann straks venta aa verta stemnt for Lygn. Fleire bulgariske Offiserar hev vortet støytte yver det, S. sagde i den store Talen, han heldt i Guildhall i Nov., at dei hadde Betaling af utanlandske Magter for aa fakka Fyrst Alexander. Dette paastend dei er Lygn og det er Meiningi deira aa saksøkja Salisbury for dette. Engelske Blad segjer, at det er inkje ivegen for aa stemna han, daa Talen vart halden i Guildhall og ikkje i Parlamentet. Hadde det voret paa siste Staden, hadde han gjenget fri.

           

 

”Kapunda”, ein stor engelsk Dampar hev sett til ved Brasilia. 394 Menneskjur bleiv.

 

 

Det beste ved ein Kys er, at det lukker Munnen, segjer ein fransk Forfattar.

 

 


Frå Fedraheimen 12.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum