Aat Kyrkjedepartementet!

 

Underskrivne tek seg den Fridomen aa beda Departementet um ved høvelegt Tilføre aa kunngjera, um det er lovlegt aa føra Protokol for Folkeskulen paa Landsmaal, naar det høver so, at Skulen er i ei Bygd, der Barnets Maal, som Læraren skal bruka, ikkje er det vanlegt brukte Bokmaal.

 

Underskrivne er vitande um, at Skulens Bøker fleire Stader vert førde paa Norsk, og at det vilde verta Tilfelle paa langt fleire, soframt ein fekk vita, at det var lovlegt.

 

Med Høgvyrdnad

 

J. Fjøsne.

 

Daa Hr. J. Fjøsne bed oss segja vaar Meining um dette Spursmaalet, skal me ikkje halda oss attende.

 

Det kann – etter vaar Meining – ikkje Tvil vera um, at det er fullt ut lovlegt, aa føra alleslags offentlege Bøker, anten dei høyrer Skulen elder Heradstyre til, paa Norsk. Den einaste, som skulde kunne setja seg imot, maatte vera Skulekommissjonen; men det er ikkje trulegt, at nokon Skulekommissjon – allvist paa Vestlandet – er so dum. Um ingen annan bryd seg, so vil nok Stortinget vita aa hevda den Loven, som vart gjeven 12te mai 1885. Paa Stortinget kann me lita i Maalvegen.

 

 

Bladst.