Ei Hønsesoge.

 

Eingong hadde nokre kloke Hana – av den pædagogiske Rase – vortet samde um aa halda Skule. Dei sende Bod utyver Landet, at kven som vilde kunne faa vera med. Og der samlast snart ei heil Horg med Unghanar og Hønur, fraa ymse Landsluter.

 

Hønurne skulde nemleg au faa vera med paa denne Skulen – skulde faa sitja paa same Pinnen som Hanarne. Fyrr hadde dei allstødt voret utestengde fraa dei høgare Gjeremaal. Dei hadde vaksi upp i den Trui, at dei var veike og udugande, kunne mest ikkje tenkja sjølvstendugt. Dei var so vande med, at Hanarne skulde vera dei glupaste i Korgi, skulde sitja paa dei høgste Pinnar, vera deira Formyndarar og styra Land og Rike som dei sjølv vilde. Hønurne fekk berre kara med Føda jamt – berre gjera si simple Hønsepligt – trongst ikkje meir. Var der eit anna To i dei tru? var dei kanskje skapt med Flogvitet i Beini?

 

Noko av det morosamaste dei hadde paa Skulen, var det som dei kallad Nebb-eting. Daa hadde dei ikkje dei gamle Snushanar til aa dryfta og vega kvart Ord som vert sagt; dei fekk ikkje Tefti av det som gjekk for seg der ein Gong. Ikkje for det, det gjeng svert sømelegt, mest høgtidelegt til paa desse Møti – bevare min Munn for aa segja anna – med Ordstyrar og Innleidar o.s.b. Paa eit av desse Møti kunne dei ikkje semjast um Taleemne. Ein vilde hava ”aalmenn Røysterett”, ein annan ”Maalsaki”, fleire vilde hava ”Dansemoro” o. s.b.

 

Pro-sti-tu-sjonen”! gol ein ung Spettahane. Hønurne – som sat som Nullar burtmed Veggerne- stakk Hausarne saman og kviskrad: ”Kva er Prostitusjon for noko?” Dei hadde høyrt noko um, at eit slikt fælt Udyr skulde ”grassera” nede paa ”Havsens Botten”: ”Vilde han kanskje freista tyna dette Havtrollet?” Men meir visste dei ikkje. Dei saag burt paa den staute Hanen med Vyrdnad; han kunne visst meir enn mata seg den Karen.

 

Dansemoro vart teket upp til ”Forhandling”. Der vart talat sterkte Ord, som sikkert vil minnast til komande ætter. Ein Hane meinte det, at Dans var naudturveleg for at Villskapen kunne brjota ut, at den var likso naudturveleg som Maten.

 

Etter ein heit Ordstrid var der framsett Forslag um, at Hønurne skulde hava Løyve til aa bjoda upp til dans, dei, liksovæl som Hanarne. Det gjekk til Avrøysting. Alle røystad for. Berre ei – gamal Attergløyme av ei Høne – sat kyrr; ho stakk Huvudet under Vengen og løynde seg bakum dei andre. Ho hadde no so sine eigne Tankar um denne Greida; ho trudde, at Hanarne kom til aa trega paa, at dei gav fraa seg noko av det, som fraa æveleg Tid hadde voret Serretten deira. Ei slik radikal Umbrøyting, trudde ho, vilde draga syrgjelege Fylgjur etter seg, og falla attende paa deira eigne Hausar. Dei fekk agta seg for aa gjeva Konurne alt for lange Taumar – fekk dei fyrst Bugti, so vilde dei nok freista aa krafsa til seg baae Endarne med. Kor hadde dei havt Tankarne sine helst – dei vise Hanar – naar dei ikkje forstod, at dette bar like lukt i Gapet paa – Emansipasjonen. Slike ”emansiperte” Hønur er lite sætande; kven veit, um dei ikkje ein væn Dag kunne koma stigande som Friarar? Aa for ei Skandale! og so løgelegt paa eingong. Hønurna fri til Hanarne! Hi, hi, hi! den gamle Høne log, so det gol i ho. So lystig var ho no sjeldan, ofte vart ho sutefull, den gamle. Ho kjende seg som ein Spurv i Tranedans millom alle desse byrge Unghanar og Hønur. Ho hadde ofte merkat, at dei hadde seg unda som for noko vondt, naar ho nermad seg. Kva vondt hadde daa denne Stakkaren gjort? At ho var gamal var daa ikkje hennar Skuld; den Naturloven trudde ho, at alle maatte bøygja seg inn under. Det aa vera ugift tykte ho helder ikkje ho turfte skjemmast for. Hadde ho høyrt rett, so skulde det vera fyretjuge Tusind fleire av Hokjøn enn Hankjøn i dette Landet. ”Og no vilde ho berre spyrja korleis alle desse skulde verta gifte”. At nokon kunne vanvyrdast som ein uting berre fordi ein var gamal og ugift – naar ein ellest stellte seg bra – det gjekk vyer hennar sunde Hønseforstand. Men desse gamle Attergløymur hadde no eingong vortet ei vanvyrd Ætt – klore og bite kunne dei og giftegalne var dei – kunne ikkje gjevast Undantak der. Kanskje det vilde gaa lang Tid fyrr – det som me kallar – Samfundet vil koma so langt i Frigjering og Daning, at det kann riste av seg denne Fordomen mo dei gamle Attergløymurne.

 

Den store Dagen var komen, og den nye Umvølingi skulde dansast inn. Paa Veggtavla stod: Hugsa den nye Avgjerdsla: Hønur kann taka Hanar, og umvendt. Musiken spilad upp. Nokre Unghønur flagrad avstad, tok med seg Hanar, som skrivet stod, og avstad dansad dei. Den gamle Høne sat etter – skulde ho vaaga Spranget – slaa seg laus? det var so freistande. Ho saag nedetter seg – aa ja, Fjødri kunne vera bra nok; men du er so gamal og ljot, sukkad ho, tru um nokon Hane vil dansa med deg? Med eit kastad ho desse saare Tankarne langt fraa seg, ikveld vilde ho vera glad, dansa med dei unge. Ho hadde seg fram paa Golvet, treiv ein Unghane og avstad flagsad dei med dei andre. Ho høyrde Klapp og Fagnadrop susa seg um Øyro og ho kjende seg so ung, sæl og byrg.

 

 


Frå Fedraheimen 19.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum