Fraa Vest-Agder.

 

Eg høyrde no alltid det, at Folket paa Vest-Agder var so umfram gode til kveda og leika paa Fele og Horpe jamvæl. Dette var nok helst i gamle Dagar, skal eg tru. Daa livde her ein slik ein, som han Tjodolv fraa Kvin og fleire med han, som orkad kveda baade Kraft og Gleda inn i Livet.

 

Eg ser meg ikring, og so maa eg spyrja sjølve meg, kor dei er vorten av, desse gjeve Kararne. Burte er dei. Aari er lidne og dei er avlidne. Og so hev dei gløymt, dei som etter er, aa kveda Glede inn i Livet. Men i staden for, so leet dei berre um Styggedom og so um Helvite. Sume hev so annsamt med Suti for det daglege braud, at dei korkje tenkjer elder talar um anna. Og so lenge som heile Tidi deira skal ganga til aa arbeida for Maten, so kann ein ikkje venta stort andre Tankar, hell til det som er etande. Det er Sanning det, at Matstrævet tek upp det meste av Tidi vaar; men so er det Sanning det og, at ”me trengjer meir enn mat”. Og det treng me alle like mykje. Det er ikkje berre dei, som liver uppe i dei høge Samfundslag, som turver Gleda. Soleis hev ikkje Vaarherre helder meint det.

 

Det saag noko myrkt ut, daa Høgskulen byrjad herburte. Pietistarne krossad seg for slik Styggedom. Tvo Lærarar som hadde voret hjaa Ullmann, og no vilde læra Ungdomen upp i ”Grundtvigianisme og Fritenkeri!” Skulde nokon høyrt so galet! Glade var dei, daa Amtstinget negtad gjeva pengar til Skulen. Dei kom ikkje ihug, at nokon vilde arbeida so reint paa Uvissa. Men so umogeleg gjeng og for seg.

 

Ei Mil austanfor Kristianssand ligg Straumegarden breid og fin. Der fekk daa Nils Skaar Plass til Skulen sin. I Fyrstningi kom der ikkje mange Elevar; men daa det leid framyver kom der fleire og fleire. Eg trur dei fann seg som heime, og me hadde det rektig koseleg og, medan sume Folk for Bygdi ikring med Bod um all den Gudløysa, som gjekk for seg upp i Stova hjaa Hans Straume.

Etter Jol døydde Nils Skaar. Vænt og stilt, som han hadde livd, gjekk han burt. Det var ein hard Støytt for Skulen, endaa det gjev Mot aa standa med ei Sjukeseng som Nils Skaar si. So laut den andre Læraren taka i. Det gjekk. Der kom fleire Gutar etter Jol, og so heldt dei fram til April; daa sluttad Guteskulen. Um Sumaren var der Gjenteskule, men den varad berre tie Vikur, og det er mykje for stutt Tid. Det er berre so dei fær byrjat fylgja meg i eit og anna, so skal dei halda upp.

 

Det kom Skriv fraa Vanse Heradstyre, um dei vilde koma derut med Skulen til Vinteren. Det vilde dei daa, og no hev dei drivet Skule baade for Gutar og Gjentur sidan i Haust.

 

Lista ligg flat og snaut ut imot Sjøen. Her er korkje Fjell elder Tre. Likevæl kann her vera fint, naar Soli skin og Sjøen kvelvar seg stilt innyver Strond.

 

Det er mest berre Sjøfolk her, og dei hev so annsamt med Fiske, at det er vondt koma av i Skule. Her kjem daa nokre og tjuge Gutar og Gjentur. Tvo Kveldar i Vika samlast Bygdefolket i Skulestova. Den eine Kvelden er det Ordskifte og den andre kvelden er det Fyredrag.

 

Torsvik og Westerhus held Fyredrag, kvar si Gong. Paa Ordskifterne vert det talat um ymse Ting. Skulespursmaalet var uppe i tri Kveldar, og Maalsaki og Kvendesaki.

 

Daa Maalsaki var uppe, heldt Skulelærar Høyland eit framifraa greidt og klaart Fyredrag. Det vart ikkje noko livlegt Ordskifte; men helder ei Rad med upplysande Talar um Maalet si Soga og um Grunnen, kvifor me vilde hava Morsmaalet vaart att. Sistpaa las Høyland upp nokre Salmar, som var umsett fraa Dansk.

 

Maalsaki er ny herburte enno. Det er fyrste Gongen, ho hev voret sett upp som Emne i eit Ordskifte. Det saag ut, som Folk lika daa faa Greide paa, korleis det hev seg med Maalsaki. Der var umkring halvannat hundrad Menneskje tilstades.

 

Etter Jol hev det voret Krig med Pietistarne. Det hev komet til smaa ”Trefningar” alt imillom. Dei kann ikkje skyna anna enn det gjeng til den galne Leida, og so gjer dei, det dei kann, for aa øydeleggja det vesle, som kannhenda er vakset ut or Arbeidet vaart.

 

Presten, han segjer til dei gamle, som hev skikkat Borni sine i Skulen, at det skulde dei ikkje vaaga gjera. ”Det er jo en Folkehøiskole”, segjer han.


Me vonar no, at Skulen skal veksa fram trass i Prestar og Pietistar. Som væl er, at her er mange, som stydjar Arbeidet og som skynar, at det der vert arbeid for, det er ”Ljos yver Landet!.

 

 

Lista, 5-2-87.

 

A. S.