I Augnablinken.

 

Eg hev so lengje mæ Aalvor tala,

men dei æ dauve i desse Dala.

No ve eg prøve aa leik’ aa læ

aa narre dei te aa vera mæ.

 

Aa Augnesmyrje so hev eg fengje,

for burt i Bergo der hev eg gjengje.

Aa den, som Smyrja mi have ve,

ska faa ho ”gratis” mæ Øskje te.

 

(Sæbyggjemaal).

 

 

Opningi ”beskreven udi Prosa” av Kolbein Sæbyggje. – ”Husraad” til ”Høires Fører” – her, og der Paven styrer.

  

Eg gjekk nedyver for aa sjaa paa Stasen; eg visste, det maatte vera noko rart.

 

Ei Framsyning av Riksens Magt og Fylde og Glans og Herlegdom maa alltid verka meir elder mindre agande (”imponerende”) ”allvist paa Deg”, sa eg til meg sjølv, ”som ikkje er vand til noko slikt”.

  

Eg hev nok høyrt, at gamle Dølenfekk seg mangein god laatt yver slikt. Men han var ogso ein stor Gauk, ein ”Spottefugl” elder ”Ironiker”, som Morgenbladetsa. Um det høgvyrde Blad hadde Rett, naar det gav seg til forklara dette sjælelege Under (”psykologiske Fænomen”) slik, at gamle Dølenvart Ironiker, daa han saag, at han ikkje kunde faa tak i Herlegdomen sjølv; ja um det hev eg mine store Tvil. Men ikkje for det! ”Denne Verdens Forfængelighed” hev ei fælande magt yver Menneskjeborni. Kven skulde vel tenkja, at ”Bonden” i Kongsraadet, som visst hev læt mangein Gong aat all denne ”offisielle Humbug”, at han skulde smjuga inn i ei gylt og randrendutte Uniform, svinga seg med Sabel og Snytehatt og gjera seg til Apekatt paa sine gamle Dagar?

 

Sjaa paa ”Opningar”, ”Kongeinntok” og anna slikt og du vil faa ein Grunn meir til aa tru paa Darwin.

 

Eg gjekk som sagt nedyver og glodde ikring meg med heilag Age. For, du skal vita, at Blomen av Riksens Gudfrygtigheit, Daning og Intelligens plaga vera ute ved slike Høve for aa syna seg i all Herlegdomen sin for den gapande Mengdi. Det er som eit Sjaa (”Udstilling), der dei kjem med Hestar og Naut; sume hev Kransar og Baand og ”Primmerkje”, og sume hev fenget ”Meddaljer” og anna gildt for Traav og vene Lemer elder for makalaus god Mjolking. Gud fri Munnen min. Eg vil slett ikkje gjera vaare ”store” Menn til Hestar og Naut; eg vilde berre taka ei Likning, som han Per Husmann der heime kunde skyna. Og for at det ikkje skal brjota ned den ”skyldige Ærbødighed”, so skal eg segja: Men du maa alltid akta og æra Øvrigheiti, Per! Skulde Duogso faa Hug til aa læja t. D. aat Amtmannen elder Veispikketøren, naar dei kjem køyrande i si Uniform uppigjenom Dalen, so Gneistarne fyk, so tak av deg Skjinnhuva, kryl Ryggen og læ – ned i Magen”.

 

Bajonetterne blenkja bak Løvurne ovafyre Stortingsbygnaden; det er ein Lut av ”Krigsmagten tillands”. Men, du store _ _ _ _! Aa, pytt, det er berre noko ”uskyldig” altsaman. ”Uskyldige” Apekattar, som skal standa der, naar Hs. Exellence køyrer burtimot Porten og syna honom, at dei kann præsentere Gevær et! to! og standa so strake og sjaa so morsklege ut, at Hs. Exellence slett ikkje tarv fæla, um Russen vil hava Finnmarki; det er jagu Gutar, som kann sine Ting! ”Uskyldige” Politimenn med store Skjinnhuvur og Handdyvle ved Sida. Og endeleg Dyrvaktarar med Snytehattar og randutte Klæde, at eg forsynte meg, trudde det var Statsraadar med det sama.

 

Eg vart agad; for eg tenkte ikkje, me kunde hava Raad til aa hava det so fint. Eg hadde set der heime i Dalen, at Husmennerne laut spara meir paa Klæde og Stas enn Gardemannen, som hadde lange Vevar og Skogen og Fjoset aa taka til. Men, hev me slik Magt, so _ _ _ja, so lat skura, det tenkte eg.

 

Aah! Ei gylt Kruna mest uppunder Taket’ fagre Duskar og Fløyel, og so nedunder ei Trappe med raude Klæde yver, og øvst paa den atter ”Tronstolen”, gylt og fager, som ein slik Stol maa vera.

 

Der skulde ”han Far sjøl i Huset” hava setetno og velsigna Borni sine og lagt deim upp Leksa til den komande Dagen; men han hev ikkje Tid rimelegvis – ”slike Folk hev det sogu travelt, kann du vita”, sa han gamle Gjermund Jore – og so laut Sverdrup iveg; for Sverdrup er nestetter Kongen no, veit du.

 

Eg stod paa Galleriet ende yver Inngongi der Regjeringi skulde koma. Eg hadde aldrig set Johan Sverdrup i Uniform og var difor forviten etter aa sjaa, korleis han tok seg ut. Men daa han kom ruggande innyver Salen med det breide Bandet sveipt um Bringa og Rygg, med Sabel ved Sida og Snytehatten under Armen, ja daa kom Laatten yver meg slik, at eg maatte bøygja meg ned for ikkje aa vekkja Forargelse. Johan Sverdrup klædd ut som ein Apekatt! Johan Sverdrup med Sabel ved Sida! Eg kann ikkje skyna, at ikkje heile Salen hivde seg paa Magen og storlo!

 

Og so Blix, Kyrkjestatsraaden, Salmediktaren, Fredsmannen, han ogso med Sverd!Ja, er det ’kje ”syndig”?

 

Og so var det ein Buve, som stod ved Sida av Sverdrup med Hatten paa Hovudet, so stiv som ein Pinne, glodde berre ende fram og la Henderne paa rette Maaten etter Buksefallen. Det var ”Vakti aat Sverdrup”, sa dei. Montru her er Nihilistar i Landet, som er ute med Skjotevaapen elder Sprengbombor, so det er faarlegt aa vera aaleine i ein stor Sal, naar ein er ”Exellence”? Det er litet rimelegt; men ingen kann vita, kva som kann henda i desse Dagar.

 

Ellest fekk eg idetheile Inntrykket av, at vaar ”liberale” Regjering tok seg drusteleg – nei, det er ikkje Ordet! – framifraa ”kongeleg” ut.

 

Men, kor er alle Prestarne med dei kvite Kragarne og dei slengjelege Lippurne? Og alle dei andre Thryms ”guldhornede Kjør”? Alle dei med Snytehattar, randutte Uniform og Ringelrangel for ”statsborgerlig” elder ”Embeds(u)virksomhed”, kor er dei no?

 

Mit Øie ledte over alle Sale

men disse Ædlinger det skued ei”.

 

Aa du! Dei sat visst heime i Gruva og smaabannad yver dei nye Olafsriddaranne, som dei no ikkje tolde sjaa utan aa – springa i Fillur idetmindste. Og, ikkje for det! . Me ser helder, at vaar Regjering kjem i Tinget, sjølv um det er ”Opningi”, utan denne velsignade Rova bak seg. Det er ”Komedie” nok, um ikkje dette ogso kjem til.

 

Men, det er sant!

 

Daa Folk gjekk ut or Salen, saag eg ein koma sprettande med slik ei Mina og med slik ein masse Rangel paa seg, at eg trudde, det idetmindste maatte vera ein Prins.

 

Aanei, kven er detta du?” spurde eg ein Mann, som stod bak meg. ”Aa, det er Julebukken”, sa Mannen; og det var vitugt sagt. Eg fekk sidan vita, at det var ein ”Konsul” elder noko slikt.

Eg gjekk heimatter; men um Notti drøymde eg, at Johan Sverdrup vart krynd til Konge yver Paafuglarne.

 

Kunde man leve af Skadefryd, saa kunde man leve høit nu om Dagene”, sa ”Høires Fører”, Hr. Emil Stang for ei Tid sidan. Eg hev tenkt yver dette og komet til aa tru, at ” Høires Fører” visst vilde minka ”i Omfang”, um han prøvde til aa liva av noko slikt. ”For der ska anna hell Pylseskjinn aa Epleflus til meg”, sa han Graute-Bendik.

 

Men istadenfor aa prøva til aa leva av ”Skadefryd”, som eg, som sagt, trur, maa vera smal Kost i Lengdi, til Skade for Fordøielsen og ellest – reint ”kristeleg” set – Synd imot den 2dre Tavle, so skulde Høgres Førar helder gjera som Haren, daa han saag Mikkel Hestefangar koma ridande paa Gampen og verta slengd mot Stokk og Stein, so det brakad i Beini, han skulde halda seg paa Magen elder paa – Baken og læja, so Kjeften sprakk heilt upp til Øyrurne. Sovidt eg kann skyna, vilde dette baade vera sunt for honom og ellest stemmande med ”god, kristtækkelig” Skikk.

I ein By i Sud-Tyskland hev Prestarne forbodet Gjenturne aa skeisa, daa dei fann det aa vera saarande for ”Blufærdigheden”.

Dette gjorde dei Rett i, og eg hev somenn tenkt til aa beda Pastor Heuch skriva ei Fyrestelling til det kongelege norske Justitsdepartement, ”Blufærdighedens høie Beskytter”, um det ikkje kunne ganga an aa forbjoda slikt her og. For min ”Blufærdighed” er so saarat av det, at _ _ja, so veit De, kva eg meiner, mine Herrer!

 

 

T. B.

 


Frå Fedraheimen 19.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum