Kristiania, den 18de Februar.

 

 

Folket hev talat. Vestlandspostenhev Gong paa Gong fortalt oss, at Menigheitsraadet hadde Fleirtalet av det norske Folket bak seg.

 

No ei Tid hev det vortet gjort det eine Vedtaket etter det andre i Vinstreforeiningarne Landet rundt. Og paalag alle er dei imot det Jakob Sverdrupske Kyrkjelovsforslag. – Det er berre ein ørliten Del av Folket, som vil hava Menigheitsraad og han vert mindre for kvar Dag som gjeng.

 

Klaarare og greidare kann ikkje Regjeringi faa vita, kva Folket vil. No veit ho det og daa er det kloakst aa retta seg deretter.

 

Folket hev talat; Regjeringi fær – lyda.

 

 

Danskarne um Maalet. Ei Melding av ”Mannfolk” i eit dansk Blad sluttar soleis:

 

Mannfolk” er skrevet paa det af Garborg med Forkærlighed anvendte Landsmaal. Det læses uden overdreven Vanskelighed af Danske”.

 

Samstundes finst det ”Normenn”, som segjer, at dei ikkje forstend Maalet. Kva skal me tru um sovorne Folk?

 

Det er fælt so mykje det skal til for aa faa verkeleg Nasjonalkjensla inn i Folket vaart”

 

 

Skindfeldpolitiken er eit nytt Ord, som me kann takka Kapt. Jakobsen for. Det er paa ein viss Maate eit framifraa godt Ord og er iallfall eit greidt Uttrykk for den Unionspolitikk, dei Folk driv, som er rædde for aa gaa med paa Hamarvedtaket. Som me veit, er Hamarvedtaket eit endeframt og greidt Svar paa det Staaket, som Svenskarne hev gjort, naar me hev kravt den same Retten i Foreiningi som dei. Det er eit so tydelegt og klaart Svar, at alle maa forstaa det og det er ingenting, som betre syner det, enn den Maaten dei svenske Blad hev faret fram paa. Hamarsvedtaket kom som ”Salt i sure Augo” for dei. Det var berre ein Ting det galdt um: at alle Normenner samlad seg um det. Hadde dei det gjort, so hadde me havt betre Voner for aa faa uppgreidt Forholdet til Sverik.

 

Men det er ikkje so væl. Det finst ein Del Folk er i Landet, som er rædde av seg og torer ikkje krevja full Rett. Dei skjelv i Knei, naar det gjeldst um aa taka aalvorlegt fat og segjer, me maa endeleg agta oss for ikkje aa gaa lenger enn Skindfelden røkk, d. v. s. me kann alltid tala um, at so og so burde det vera, soframt det var, som det skulde; men me maa taka oss iagt og ikkje terga Svenskarne. Me hev den og den Retten, det er soleklaart; men me skal vente til Svenskarne kjem og byd oss han. Me maa framfor alt ikkje freista aa tiltaka oss han.

 

Denne Talen høyrer Svensken og gleder seg. Han gleder seg yver, at no tarv han ikkje sjølv freista aa yvertyda den vrange Normannen i dette Stykket; no er det komet so vidt, at sjølv Normenn driv paa med det.

 

Skal denne Politikken faa Raaderom i Landet, ja, so kann me gjeva Sjølvstendetanken upp og. Det vert so ikkje noko av det daa, likevæl.

 

 

Bonden og Velociped-kar. Daa Regjeringi kom med Framelgget sitt til Tollista for det Aaret som kjem, so trudde me Bønder fullt og fast at me skulde faa set eit litevoret Paalegg paa Feitevarurne, og me vonar nok so smaatt eit maatelegt Paalegg paa Korntollen au.

 

- Men kvat fær me sjaa? – Jau, fyrst og fremst lovar dei oss nok ein kongeleg Tollkommissjon; men me veit kva det vil segja. Me veit at ”Sagkundskaben” vert fælt so diger i dei, og me veit at dei kann tøyga Tidi dei Kararne. -

 

- Sovoret byd dei oss, og i same Pustandet kjem dei med eit Avslag i Velocipedtollen.

 

Dei Kararne kann aldri ha tenkt seg eit slikt Høve:

 

Ein Bonde stend i Mokjademma og sliter so Sveiten høljar av han; so kjem det ein Sprett av ein Bykar rennande paa Velociped. Det lyt eta Bonden det, aa tenkja paa, at Regjeringi hadde fælt so braatum med aa hjelpa denne Byspretten til aa faa seg ei billegare Køyredoning; men han, Bonden, lyt venta og vona. Det er ikkje Klokskap dette, og det vil hemna seg.

 

 


Frå Fedraheimen 19.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum