Ymist.

 

 

Kongen, Dronningi, Kronprinsen og Kona hans kom til Byen Tirsdag.

 

 

Stortingethev havt berre eit og anna Møte enno til aa taka mot kongelegt Framlegg o. s. b.

??”Tiden kræver Sparsommelighed”, skal Dronningi nyleg ha sagt. Samstundes kjem det Framlegg til nye Prinseløner.

 

Sandnæs Vinstreforeininghev med 55 mot 7 R. stillat seg mot Menigheitsraadsforslaget. Skulestyrar Aarnes heldt eit greidt og gildt Fyredrag og synte, kor meiningslaust heile Framelgget var, so lenge det var Statskyrkja i Landet.

 

 

Tingarinnbjodingpaa Vor Tid fylgjer i dag som Tillegg til Fedraheimen.

 

 

Krig – Fred!Stellingi i Europa er ikkje greid aa skyna. I alle Land bur dei seg til Krig og fraa alle Land kjem det Meldingar um – Fred. Regjeringarne rundt i Europa krev store Pengesumar til Her og Flaate og samstundes segjer dei, at dei vil hava Fred. Kva skal ein so tru?

 

Dei Land, som stend skarpast mot kvarandre, er Tyskland og Frankrike. Sidan Tyskland i den siste Krigen tok Elsas-Lotringen fraa Frankrike, hev det legjet og ulmat eit Tyskarhat hjaa Fransmennerne, som vel seint elder tidlegt maa brjota laust. Det vart sagt straks etter 1870 i Frankrike, at um 10 Aar skulde Hemnen koma yver Tyskland. ”Um 10 Aar” hadde vortet til eit Ordtøkje i Landet. Dei 10 Aar hev gjenget og ingenting er hendt. Det stend plent med det same den dag i Dag og det er lite Von for Fransmennerne aa kunna taka Hemn endaa paa ei Rid. Tyskland er sterkt, sterkare enn det noko Tid hev voret. Det franske Herstellet hev komet seg svært sidan Krigen; men det stend endaa attende for det tyske.

 

Vert det Krig av det, so er det knapt Tvil um, at Tyskland sigrar denne Gongen og. Dette ser fransmennerne altfor væl og difor held dei seg attende.

  

Det er dei tyske Regjeringsbladi, som hev skriket høgast paa Krig. Dei hev gjort det berre for aa stydja Regjeringi under Valstriden. Paa det siste Stortinget vart det nemleg framsett eit Forslag um, at Stortinget skulde gjeva Regjeringi Pengar til Heri for 7 Aar. Ho fekk berre for 4 og so vart ho sinnad og løyste Tinget upp. Nye Val vart haldne og det var i denne Striden, at dei tyske Regjeringsbladi trugad med Krig, soframt ikkje Regjeringi fekk det, som ho vilde hava det.

 

Det er mogelegt, at Uveret kann driva burt denne Gongen og som so ofte fyrr. Det er mogelegt. Men likso mogelegt er det, at det vert Krig. Noko visst er det raadlaust aa segja. Spenningi er stor, so ei Avgjerdsla ikkje kann vera so langt burte. Som det no er, kann det ikkje halda lenge ved.

 

 

Sundhedsbladet”, styrt av Lækjar Oscar Nissen, Formann i ”Det norske Totalafholdsselskab”, er komet ut for Februar med dette Innhald:

 

Hypnotismen som lægemiddel; Et brev til Sundhedsbladet; Folkesygdomme; Aarsaker til sygdomme; Acnarosacea; Bakterier; Virksomme mænds levesæt; Hvorledes skal man vaske sine uldne underklær? At spare paa kræfterne; Trætte øjne; Dampbad i hjemmet; Te og kaffe for børn; Pas paa børnenes fødder; Mod opiumshandelen; Spørgsmaal og svar; I Wiens almindelige sygehus; Ulykkestilfælde ved forbrænding; Nasjonalraadet i Schweiz; Skolebørnenes sygelighed.

 

Sundhedsbaldet” kostar Kr. 2.50 um Aaret, kann tingast paa alle Posthus i Norge og Danmark og i Ekspedisjonen, Akersgata 74, Kristiania.

 

 


Frå Fedraheimen 19.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum