[Ymist.] Henry Stanley i Afrika.

 

Stanley er utan Tvil ein av dei merkjelegaste Menner i dette Aarhundrad. Han eig ein Jarnvilje og ei Jarnhelse, som tillet han aa uppehalda seg i dei varme Land det eine Aaret etter det andre, og Lukka fylgjer han allstad. Den stakkarslege amerikansek Bladmannen hev vunnet eit stort Namn i Heimsoga, eit Namn, som stend yver dei største Krigarar og Statsmenner sitt.

  

Men det no noko reint framifraa, han hev gjort og. Han for tvers gjenom heile Afrika for aa finna Livingstone, som dei trudde var daaen, han hev granskat den øvre Luten av Kongoelvi og grunnat Kongoriket. Millom alle dei Reisande, som hev ofrat Livet sitt paa aa granska det ”myrke Fastlandet” er det ingen, som hev gjort so mykje som han. 

 

No i desse Dagar er han ved Kongoelvi atter. Han skal no ut paa eit Tog faarligare enn noko av dei fyrre. Han vil frigjera Emir Bey, som i fleire Aar hev voret innestengd av Sudanfolk i Sado, der han med stor Dugleik freistad aa uppehalda Egyptens Herskarmagt. Um Emir Bey enno liver, er eit Spursmaal. Stanley trur det og det er plent difor, han hev sett dette Toget i gang. Han vil hjelpa han. Han reiste fraa London gjenom Zuezkanalen til Sansibar, der han kom i Lag med ein gamall Kjenning, Tippo-Tip. Dei sankad saman 800 Mann desse tvo, og med desse for han avstad, rundt Afrika, til han kom aat Kongoelvi, der han er no. Han tenkjer aa fara upp Elvi til Vivi, der Fossefalli byrjar, derifraa yver land til Leopolville og so frametter til Sjøen Albert-Nyanxa. Deretter vil han taka mot Nord til Sado og hjelpa Emir Bey.

 

Kva Stanley plent vil paa denne Turen sin er det ymse Meiningar um. I Paris trur dei, at det utanum Granskingi av Landet ligg Politikk bak. Dei franske Blad meiner, at Hovudsaki er aa setja Sudanfolket, som hev voret so brydsame for Engelsmennerne og Egyptarne, i Knipe ved aa koma yver der fraa Sud. Dei trur ikkje at Engelsmennerne ellest vilde voret so fluse med Pengar til Turen.

  

Um det er noko sant i dette, vil Tidi syna. Det er ikkje rimelegt, at ein kann gjera stort i Sudan med berre 800 Mann. Paa den andre Sida er det eit Spursmaal, um det ikkje vil flokka seg mange Folk um Stanley, naar han fer uppgjenom Landet. Turen skal nemleg gaa gjenom Landsdelar, der Tippo-Tip er vælkjent, og det vil visseleg ikkje vera vondt for han aa sanka ei Mengd Folk ikring seg.

 

Kven er daa denne Tippo-Tip? Elefantbein- og Slavehandlar. Desutan er han ein stor Mann, reint ei Afrikakjempe.

 

Stanley skildrar han soleis:

 

Det, han med mykje Stræv hev tent, hev han lagt ut i Geværar og Krudt. Eventyrhugad Arabarfolk hev flokkat seg kring han og millom Stanleyfalli og Tangamihasjøen, er han Konge utan Krune. Han raar yver fleire Tusund Krigarar, som er vane med aa tola alt mogelegt. Hadde eg raakat han i laakt Huglynne, hadde det voret best aa komet burt fraa han so snøggt som mogelegt, for daa kunne lett alle dei Vaapengreidur, eg hadde med meg, vortet ein Faare for Kongoriket. Eg er ikkje viss paa, kven som vilde vortet den faarlegaste, anten Tippo-Tip elder Kongen i Yganda”.

 

For aa faa denne megtuge Mannen paa si Side, hev Stanley utnemt han til Hovding ved Stanleyfalli. Tippo-Tip er altso no i Kongoriket si Tenesta. Han hev ei aarleg Løn, som han fær hjaa dei engelske Utsendingar i Sansibar. For dette hev han yverteket aa verja Innflytjaranne ved Stanleyfalli mot Arabarfolket og andre vilde Folkeslag. Han hev gjenget inn paa ikkje aa handla med Slavar nedanfor Fossefalli. Men paa øvste Sida hev han frie Hender.

 

Utfallet av Turen avheng altso av ein Slavehandlar. Den store Ferdamannen er heilt i Henderne paa den Mannen, som han sjølv kallar ein ukrønt Karge. Dei 800 Soldatarne lyder ingen annan enn Tippo-Tip, og soframt han ikkje er ærleg, kann dette verta siste Ferdi hans Stanley. Men det er trulegt, at han kjenner sine Folk, so han ikkje gjev seg i lag med Folk, som han ikkje fullt ut kann lita paa.

  

 


Frå Fedraheimen 07.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum