Bods- og Bededag.

 

I gamle dagar sette dei Verdet paa Mannen etter kor mykje han kunne tena med Arbeidet sitt.

 

I vaare Dagar reknar me det etter kor trugen han er.

 

Skilnaden ligg berre i det, at det er noko anna me kallar for Eigedom elder Kapital no mot i gamle Dagar.

 

No reknar me Arbeid, friskt Mot og god Helse og framfor alt gjæve Livsformaal for Kapital, ja alt som skapar Livslukke.

 

Naar eg soleis kallar Maalsaki og serskilt Fedraheimen for ein Kapital, so meiner eg ikkje endeleg, aat ein vert so rik i Pengevegen, men at den, som stend i eikvar slik Tenest, kjenner seg hugheil og sterk og motig, ja mest lite gjævare enn andre Folk.

 

Naar det likevæl berre finst faae Menn av 1ste Klasses Moral millom Maalmansflokken, so visar dette korkje, at dette her er usant, elder at dei hev eit daarlegt Hjarta; nei det visar berre, kor seint nye Tankar hev for aa koma inn i jamvæl nokso kloke Hausar; det er soleis meir eit Lyte ved Forstandet enn ved Hugen og Viljen deira.

 

Dei gjer lite for Maalsaki Stakar, men det kjem seg ikkje av, at dei er umilde og hjartekalde; det er berre det, at dei veit ikkje betre.

  

Me vilde halda det for eit lite Krav til ein Maalmann aa beda um nokre Tusind Kronur, den som gav det vilde hjelpa Saki etter fattig Evne; nei me bed um andre Ting, som er mykje meir verd enn Pengar til aa driva Saker fram, og me ser med Ro og Ovundsløysa paa dei, som øyder sine Pengar imot oss, nei det som me krev er berre litevetta Moral.

 

Litevetta Moral ja, litevetta Trugenskap, litevetta heil Hug hjaa Kararne; hadde me havt den, um det so berre var ein midels Flokk av oss, so kunne ein visst hava sett Kapitalen vaar alt no til jamstor med Millionar Kronur.

 

Men som dei store gjeng fyre, so fylgjer dei smaae etter. Det vart nok eit fælt Syndehus, som kanskje hev dreget oss ned paa – mang ein Gong, um ein skulde til og forfara Feti vaare for væl.

 

Det er denne halve Hugen vaar allstad, som gjer, at det gjeng so grøteleg seint med alt nytt, som vil fram, det er liksom um Vaaren i Fjellbygderne; det som Dagen gjev Ljos og Varme, det kjem Notti og frøyser i hel. Det som vaare gode norske ”Ideens” Menner og ”begeistrede” Sellar byggjer og skruvlar upp den eine Dagen, det skrøyver dei so innerleg væl av att den andre. Som daa Statsministaren til aa berga seg utor ei Knipe kallad det norske Maalet eit Maal ”som faa læser og færre forstaar”, var det ikkje daa, som um det draus ein Fjørham av han? 

 

Og no alle dei i høg Vyrdnad og med høge Løner, som var so uppglødde for Maalsaki i Ungdomen og som endaa i Grunnen hev dei same Tankarne, men som ein likevæl ikkje veit anna um no, enn at dei endaa held til her paa Jordi.

  

Og so det verste.

 

Det er dei, som skriv godt Maal og vil vera millom dei gjævaste Arbeidarar i den Vegen, so dei hev ei Teft av kva Æreer for noko jamvæl, dei er det ofte, som gjev Saki vaar det saaraste Slag, det som munar mest iallfall. Naturlegvis kann dei ikkje tenkja paa aa tala Maalet, det vilde snaudt vera ”anstændigt” det i vaar Tid aa taka Kjærleiken so heitt. ”Tak all Ting med Maate, bind deg aldrig for trugje til noko, tru aldri for mykje, hav alltid ei Bakdør opi, hav Ryggen fri; so gjeng det ikkje daa, er du iminste skadeslaus; vaag aldri meir enn du veit visst gjeng med det aller fyrste og kann verta godkjent av alle; er Saki god og rett, so gjeng ho av seg sjølve paa ein naturleg Maate. Og Maalsaki er no fyrst og fremst ei Skulesak, og den er det ein kongeleg Kommissjon, som skal greida, so det hastar ikkje med oss andre”, sjaa det er Morallæra i vaar Tid, og so skriv dei gode Maalmenner med slik innerleg godt Samvit paa den reinaste Dansk og spottar den gilde Sak dei skulde tena.

 

Og dei veit ikkje kva lønsamt Arbeid er, dei veit ikkje kva Sæle og Livslukke er, det aa standa med flekkfritt Skjold, den heile fulle hugfaste Tru og Burtgjeving til det som er sant og godt, og det aa faa kunna leggja all si Kraft og Arbeid ned for det.

 

Det var ein Mann, som no er mykje hæv, som raadde Ungdomar fraa aa gjeva seg inn paa Maalsaki, for Folk døyr berre av slikt, sagde han.

 

Slike Ord er fælt umoralske; sjølv um det var sant dette. Det er den Tankegangen, at det kjem an paa aa liva lenge og faa Løn og Takk for Arbeidet sitt; dette skal vera det fyrste aa sjaa etter.

  

Nei daa er det annaslag baade Moral og Livslukke soleis som Vinje tok det:

  

Aa liva til Gagns, det slit og riv,

me starva og stræva so saart.

Og det, som tidt er vaart beste Liv,

det kostar oss Livet vaart”.

 

Men aa døy paa denne Vegen er aa døy væl. Derimot er det aa døy ilt for dei mange, som missa Helsa si for dei gjera forlite og liva for væl”.

 

Den einaste Livslukka er aa kunna gjeva seg heilt burt i Tru, Kjærleik og Arbeid.

 

Mykje helder baade liva som Vinje og svelta i hel som han enn aa hava mange Livedagar og Amtmans elder Biskops Løn for ingen Ting.

 

Som Vinje segjer:

 

Er det vist, at Kulturlivet her (og ellers i Europa) gjeng ut paa ei slik Matløn, og at Tankelivet vert verdsett etter den, so er det og snart ferdig og kann leggja seg til aa sova den evige Svevnen”.

 

 


Frå Fedraheimen 07.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum