Boksjaa.

 

Lærebog i Noregs nyeste historie af O. A. Øverland.

 

 

Eg vart innerleg glad, daa eg fekk fat i den Boki, for der fekk eg ein Hjelpesmann i Sogaundervisningi, som eg lenge hadde lengtat etter.

 

Eg hev i dei siste Aari støtt teket Norigs Soga i tvo Partar jamnsides ein annan, brukt like mykje Tid til vaar nyare Soga som til den eldre.

 

Men det hev voret eit vandt Arbeid, so lenge ein ikkje hadde nokre Bøker til Hjelp for Læresveinarne.

 

Difor hev det voret slik, at Gutarne hev skrivet mykje under Fyredragi for aa hava noko fast aa halda seg til. – Men der skal stort Arbeid til for den, som bur paa Landet og hev vondt for aa faa i Kjeldur til den Tidi, naar ein so nokolunde skal kunna faa med, det ein vil.

 

Det er Dagbøker, ”Erindringer” og gamle Avisur, ein lyt snusa etter, og det er ikkje altid so godt aa faa fat paa.

 

Difor kom Boki, som ho var kallad.

 

Og eg vil med det same faa segja Øverland takk, fordi han tok paa med Arbeidet. Han kunne neppe gjort noko naudsynlegare. 

 

Men eg kann gjerne segja det med same, at det er ’kje so visst, at Boki vert brukad fyrste Aari iallfall somykje, som ho burde vera, og som eg skulde ynskja.

 

Me hev enno ikkje so lite gamalt, eg hadde nær sagt myglat Skulesyn, og i det passar Boki ikkje. –

 

Det hev voret slik til dessa, at til Soga hev berre voret reknat den Tidi, som laag solangt attende, at det ar mest umogeleg aa faa Greide paa det, og difor er ofte den ”historiske Dom”, som der talas so vænt um, vortet alt anna enn aa lita paa. Det er væl nok, at ein prøvar aa setja seg inn i dei Tider, som ligg langt attende, so godt ein kann, men vilde ein lata dei Tider, ein liver i og kann faa full  Greide paa, ligga, til dei so umlag vart gløymde, so maatte ein beint fram vera galen. Det lyt staa fast, at det, som gjekk for seg i fjor, høyrer Soga til i Aar, og di lenger det gjeng, fyrr ein ser attende paa det, di meir vert avgløymt, og di mindre kann ein faa Gagn av det.

 

Sogeundervisningi maa vera realistisk, korkje æstetisk njotande som Lyrikk, held ikkje ramsande innpluggad som Pontoppidan, men slik, at ein lærer noko for sitt eiget Liv, lærer aa kjenna den Grunn, ein stend paa, og kor det heile peikar Vegen frametter.

 

Det er det, som skal til for eit heilt Menneskje (Personlighed), at han kjenner Grunnen, som hans Liv gjeng ut fraa, og Maalet, det peikar imot.

 

Daa fyrst kann ein faa vega sine eigne Krefter og faa Skyn paa, kormykje held korlite ein kann taka med, kort, daa kann han skyna, kor han høver i Livet.

 

Men det maa au vera soleklaart, at der ikkje er nokon part av Soga, som so godt kann læra nettupp den Tingen, som den Tidi, daa Bestefar, Far held so smaatt ein sjølv hev voret med i. Og det er au greidt, at der ikkje er nokor tid, ein hev so stor Hugnad av aa faa Greide paa, som den, ein personleg kann hava noko med.

 

All Soga gjer Gagn, men den siste Tidi teki paa ein skikkeleg Maate gjer mest Gagn, og det er visst, at er der noko, som løner Arbeidet, so er det det aa setja seg inni si eigi Tid. Difor hev Øverlands Arbeide so stor Vigt au.

Men her møter dei med det, at ein ikkje kann faa den nye Soga fulltobjektiv. Sogeskrivararne tek Parti, meiner dei. Dertil kann no for det fyrste svarast det, at det kann vera eit stort Spursmaal, um den gamleSoga held er so fullt ”objektiv”, ja det kann til og med vera Spursmaal, um ho kann  vera det. Det skal eg her ikkje gaa meir inn paa, og eg skal medgjeva, at der kann  vera Faare for, at Sogeskrivaren i nyare Soge kann taka Parti.

  

Det trur eg lell maa medgjevast, at sovitt som nokon kann segjast aa vera ”objektiv” er Øverland det i denne Soga.

 

Eg hadde nær sagt, at han er altfor ”objektiv”. Men kannhenda, det er det beste so.

Eg kann iallfall ikkje skyna av Boki, anten han er Høgre- held Vinstremann, so det Klagemaalet um aa vera partisk, visst inkje kann brukast her.

  

Boki er idetheile god, og naar ein ser paa, kor vanskelegt det maatte vera aa gjera eit høvelegt Val, der ingen hadde arbeidt upp noko fyrr, so vil eg segja, at Boki er eit framifraa godt Arbeide. Men fullkomi er ho som ventande ikkje. Det, som eg tykkjer kanskje kunne vera noko onnorleis er, at det er væl mykje politisk Soga og væl lite Kultursoga. Eg veit nok, at det ikkje altid er so godt aa segja, kva som er det eine held det andre, og at den reint politiske Soga au er Kultursoga, men noko Skil vert der, kor som er. Og eg trur Forfattaren vil gjera væl, um han ved ei ny utgaava vil merkja seg det. At Stykki er sovitt korte, er berre bra i ei Lærebok.

  

- Sume av dei Menn, som er nemnde som Vitenskapsmenn kunne visst utan Skade voret burte, men det er Smaating, som eg berre sovitt skal nemna.

  

Boki er god; ho er pen og nokso billeg. Eg vil berre ynskja, at vaare Skular snart maa koma til aa bruka henne.

 

Hadde vaart Folk havt so vidt godt Kjennskap til vaar nyare Soga, som ein kann faa i den Boki, so hadde me neppe havt den Vetostriden og alle dei Greidur, som me no hadde.

 

Ei slik Bok burde brukast i kvar einaste Skule for Vaksne, og naar no den vesle, som er meint paa Barneskulen, kjem ut, bør ho takast i Bruk strakst. 


Huseby & Co. hev gjort eit Mansarbeid ved aa taka paa aa faa ut desse Bøker.

 

 

Lasse  Trædal.

 

 


Frå Fedraheimen 07.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum