Hans Majestæt.

 

I forne Tider brukad dei mykje aa tala um Hans Majestæt, og med det meinte dei Kongen, det var i dei Tider, daa det var han, som hadde Magti og Vyrdnaden.

 

Vil ein bruka dette Namnet i vaare Dagar, so fær det ei onnor Meining; som no hjaa oss, der er det Folket, som er rette Majestæten, Kongen er berre ein Tenar, og den Tenaren, som hev minst aa segja av dei alle, han raar seg ikkje sjølv, hev inge Meiningar, kann ikkje svara for seg, hev ikkje Andsvar. Han hev ei Stelling, som minner noko um dei Høve, som Trælarne hadde i gamle Dagar, men endaa med den Skilnaden, at me kann ikkje drepa elder selja’n soleis som dei gjorde med Trælarne i Fyrndeheimen; og so er det endaa den Skilnaden, at Kongen no treng ikkje arbeida, han treng berre kunna skriva Namnet sitt skaplegt, og so hev han so kalleg stor Løn. Han som væl gjer minst for Betalingi av alle, han hev mykje større Løn enn alle Diktarar og Bladskrivarar til saman, som sanneleg hev meir aa gjera enn aa skriva Namnet sitt nokre Gonger for Dagen.

 

Det er heiltupp flirande aa høyra, at gamle Folk endaa driv paa aa kalla Kongen alt i eit med desse gamle meiningslause Titlarne og ikkje let upp Mælet det Slag um dei endaa meiningslausare Lønerne.

Men det er meir enn til aa flira av, naar Gamlignen paa Tinget tek til mest aa gaa i Barndomen, hugsar den gamle Tid og liksom gløymer elder gøymer burt 9de Juni og den Stortidi, daa Folket tok Majestæten sin i Bruk sjølv, gløymer burt, at her finst ikkje nokon personleg Konge meir, aa kalla for.

 

Det var ein vitug og upplyst Stortingsbonde, som sagde det her ein Dagen, at denne Regjeringi me no hev, er ikkje anna enn ei Kompromisregjering, venteleg daa millom Konge og Folk. Og skulde ein tru alt, som vert sagt um alle dei Umsyn til hans Majestæt Kongen i alle mogelege Saker og um Smeiking for han baade her og der, so kunne ein nok fæla for ymist.

 

Det kom fram ein Snev av denne gamle Kongedyrkingi i eit Ordskifte i Tinget um naar Stortinget skulde samlast. Det var sett fram Forslag um, at Samlingstidi heretter skulde vera 9de Januar i Staden for 1ste Februar. Statsministar Sverdrup var imot dette; for det var so leidt med det og daa, at Kongen kunne ikkje so godt faa slepp aa til faa opna Stortinget sjølv, daa den svenske Riksdagen byrjar den 15de, og daa skulde væl desse 6 Dagarne, som ligg imillom, ikkje vera nok for ein so stor Mann til aa koma aat Stockholm paa, medan andre Folk kunne fljuga att og fram millom Kristiania og Stockholm mange Vendur paa den Tidi. Og dette her kallad han for ”en Omstændighed, der saavel i konstitusjonell som i nasjonal Henseende var af en Betydning for os, som burde respekteres.

 

Det vilde være en Synderlighed, naar man i fleire Aar havde arbeidet paa en Samvirken mellem Stortinget og Statsraadet, om man da skulde betragte det som en underordnet Sag, om Hans Majestæt kunde indfinde sig i Folkets Midte og samtale med dets Repræsentanter om de Ting, som laa ham som den eksekutive Magts Sjef paa Hjerte”.

 

Dette kom so S. Nielsen og Quam og sannad etter.

 

Kongen som ”den eksekutive Magts Sjef”, kvifor bruka slike Talemaatar, som er etter Namnet og ikkje etter Gagnet. Johan Sverdrup veit det, at det er han sjølv, som i Gagnet er den ”eksekutive Magts Sjef”, Kongen er berre Skrivar. Det hev ingen korkje konstitusjonell elder ”nasjonal Betydning”, anten Statsministaren elder Kongen opnar Stortinget; det veit daa Johan Sverdrup, at slikt kann han gjera fullgodt sjølv.

 

Kva er det so tru, som det kunne liggja Kongen paa Hjartat aa samtala med Repræsentantarne um? Han kunne sanneleg vera like god Konge, um han budde i Amerika og gav nokon i Kristiania Fullmagt til aa skriva Namnet sitt under det, som Raadar elder Storting vilde.

 

Noko anna kann me ikkje tenkja oss, utan det skulde vera, at Sverdrup hugsad paa dei gamle Tider, daa Regjeringi let Kongen lesa upp Diktamina og brukad den andsvarslause som eit Skjold fyre sine eigne lovlause Gjerningar. 


Men slikt maa daa ingen tenkja um Sverdrup.

 

Nei lat oss verta kvitt alle desse Talemaatar, med elder utan duld Meining, um Hans Majestæt Kongen, elles kunne den Trui slaa seg fast hjaa oss att, at dette Kongestellet er noko, me fær dragast med til evig Tid

 

Lat oss helder passa paa ved alle Høve aa mona fram, so me kunna koma ut av heile detta Stellet snart.

 

Me treng ingen Konge i Norig.

 


Frå Fedraheimen 07.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum