Om Jury.

 

(Del 2 av 3. Fyrste del.)

 

(Framhald fraa fyrre No.).

 

 

Me skal no tala um korleis Juryen skal skipast etter Innstellingi fraa Justitskomiteen.

 

Der skal vera tri Slags Domstolar: Forhøyrsretten, Meddomsretten og Lagmannsretten. Kvar av desse kann døma baade um Skuld og Straff.

 

Forhøyrsretten  er den lægste. I den siter berre ein Domar, den som held Forhøyret. Han kann døma i Saki, dersom den Skuldige, ”Tiltalte”, ikkje dyljer for noko av det, han hev gjort, og der hellest er noko Bevis for, at han ikkje lyger paa sjølve seg. Og so maa Straffi ikkje kunne verta større enn Straffarbeid (Tukthus elder Slaveri) i 5te Grad, fraa 6 Maanar til 3 Aar.

 

Meddomsretten. I denne Retten skal vera ein Landsdomar (Skrivar) elder ein Bydomar og 2 valde Domsmenner. Der skal vera ein slik Domstol i kvart Skrivardøme og kvar By, som hev sers Domare. Til Domsmenner skal der i kvart Skrivardøme veljast dubbelt so mange Menner, som der vert haldet Rettsmøte. Talet skal delast millom alle Herad etter Folkemengden. Der skal daa ikkje vera mindre enn 3 i noko Herad. Det er Heradstyret, Lensmannen og Forlikskommissærarne, som vel. Meddomsretten skal haldast i kvart Tinglag paa same Tid, som dei aalmenne Ting, men Justitsdepartementet kann og fastsetja visse Rettsdagar. Millom alle Domsmenner i Skrivardømet elder Byen skal der med Lotdraging takast ut 2 Menner, som skal møta fram paa Tingstaden, naar der er Straffesaker, og vera med og døma. For denne Domstolen skal koma Politisaker og andre Straffesaker, naar Straffi ikkje kann verta større enn Straffarbeid i 5te Grad.

 

Lagmansretten. I den skal sitja 3 lovlærde Domarar, derav ein fast Embætsmann som kallast Lagmann og som skal vera Styrar¹).

 

So skal der og vera 10 Lagrettemenner. Landet skal delast i 6 Lagdøme med 1 Lagmann i kvart. Det skal vera Borgatings, Eidsivatings, Agdesida, Gulatings, Frostatings og Haalogalands Lagdøme. Lagdømi skal delast i Lagsokner. Av Byar skal Kristiania og Bergen vera Lagsokner for seg sjølve; hellest skal kvart Amt vera ei Lagsokn, men Kongen skal hava Magt til aa skipa Soknebytet annleis, naar han hev høyrt Meiningi aat Amtstingi og Bystyri. I kvar Lagsokn skal vera ein fast Rettsstad, og der skal haldast Lagmannsting 4 Gonger um Aaret. For avsides Bygder kann setjast ein sers Rettstad for Saker derifraa. I Lagsokni skal vera paalag 100 Lagrettemenner. Talet skal delast paa Herad og Byar etter Folkemengdi. So skal dei veljast paa same Maaten, som Domsmenner til Meddomsretten. Fyrr kvart Lagmannsting skal der av alle Lagrettemenner i Sokni med Lotdraging takast ut 26 Menner. Den Advokaten, som skal føra Straffesaker for det Offentlege, hev daa Rett til aa skjota ut 5 av dei. Dei andre 21 skal møta fram paa Tingstaden. Der kann daa Advokaten skjota ut att 3, og den som er stemnd til Straff (Tiltalte), hev Rett til aa skjota ut 8. Dei hine 10 skal daa vera med aa døma. For Lagmansretten skal koma alle dei Saker, som kann føra til større Straff enn Straffarbeid i 5te Grad. Likeins dei Saker, som hev voret paadømde av Forhøyrsretten og Meddomsretten, og som sidan kann førast fram for Lagmannsretten og takast upp att.

 

Dei no nemnde 3 Domstolar hev aa døma i alle Straffesaker, som ikkje høyrer inn under Riksrett elder Krigsrett.

  

(Meir.)

 

¹) Dei 2 andre skal Kongen nemna ut for kvart Amt av dei faste Domarar i Amtet. Dei skal berre standa 1 Aar og ikkje hava Løn, men Kostpening og Skjusspening.

 

 


Frå Fedraheimen 07.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum