Politikk 7de Mai.

 

Nei lat oss for all Ting vera fri for Politikk den Dagen, me hev nok av Strid og Uvenskap elles, lat oss samla oss paa Grunnlovs- og Fridomsdagen til festleg Samankome og gleda oss yver den Forfatning me fekk i 1814 og minnast vaare gjæve Eidsvolsmenner”, soleis talar alle vaare gamlekjære, som er so innerleg vælnøgde med det, som me hev det og helst vil hava Grunnloven innlæst i Glasskaap, paa det at han kann takast fram og synast for Folket og faa si Dyrking paa denne Dagen.

 

Og 17de Mai, som Henrik Wergeland stridde so for, at me skulde faa til ein ærleg Fridomsdag utan Fusk og Lygn, han vert berre som ein annan Aarsfest med vassne Talar, Drikk og Staak og Leven og Ukjurskap med Banlysning av alt Aalvor, med si falske Fredskaape slengt yver alt politisk Fridomskrav ja yver all historisk Dom og Kritikk.

 

Denne Dagen, som skulde vera ein Fødselsdag for alt nytt, ein Uppmaningsdag til motig Arbeid, denne Dagen vert helder halden som eit Gravøl yver vaar sprettande nye Politikk.

 

Det var Arbeidaranne i Kristiania, som iaar tok til aa tala paa dette, at Fridomsdagen vaar var for god til aa øydast burt i Lettsinn, Smeik og Klapp. Dei vilde det skulde vera ein sann Fridomsdag med Krav til Framtidi bundet attaat Minni fraa dei gamle Tider.

 

Arbeidarsamfundet gjorde Vedtak um, at det ikkje skulde gaa med Fanarne sine i den vanlege 17de Mai-ferdi, men dei skulde faa i stand eit Arbeidartog, som skulde gaa for seg sjølv, og dei skulde bera fram Bøn um aalmenn  Røysterett.

  

Det vert nok mange Arbeidarlag, som møter upp med Merki sine til den Ferdi.

 

Det var eit langt og kvast Ordskifte i Arbeidarsamfundet um dette, og Sigeren vart berre vunnen med nokre Mann fleire. Alle politiske ”Ledere” var imot, kann ein vita, Bladi likeeins. Men det tek til aa verta Aalvor med Arbeidaranne no, dei gav seg ikkje, men streid seg fram til Siger.

 

Dei er ikkje ganske vælnøgde Arbeidsfolk no um Dagen korkje med Regjering elder Storting. Dei vil ikkje lita seg lenger med gode Ord og Lovnader, men krev Gjerning.

 

Og dei tykkjer, at den siste Utvidingi av Røysteretten var ikkje stort anna enn Ord og Lovnad, som langtifraa stoggar dei, berre gjer Hugen fusare etter den Retten, som dei no tykkjer dei heiltupp vert narrad for.

  

Dei er ikkje nøgde med, at dei kann naa til aa faa Røysterett eit Aar, naar dei raakar til aa tena godt, men so næste Aaret, naar det kann verta vondt for Arbeid elder dei kann faa eit Barn meir, daa vert Røysteretten teken fraa dei att.

 

Dei kallar slikt for Fuskeverk og vert sinnad.

 

Og det held me med dei i.

 

 


Frå Fedraheimen 07.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum