Ymist.

 

 

Fraa Tinget.Det var greidt og noko, som mest segjer seg sjølv, at Høgre vilde bruka alle mogelege Midlar for aa hindra Jurysaki. Dei skynar nok det, at eingong  maa me faa ein annan Skipnad paa Rettsstellet vaart, ein Skipnad, som batt Folket nærare til Lov og Rett og gjorde Ende paa alle desse Juristvridingar, me so lenge hev havt aa dragast med. Men dei trudde, dei skulde faa hala ut Saki so lenge som mogelegt.

 

I dag byrjad Ordskiftet um Juryen i Tinget. Fyrste Talaren var Storhandlar Knudsen. Han vilde, at Tinget skulde utsetja Saki til Fyrstningi av Februar komande Aar. Tal. trudde, det var mykje som talad for, at dette vart gjort. Baade vilde ein faa setja seg betre inn i Saki og so vilde ein kunne spara mykje Tid, av di Tinget hev litt aa gjera paa den Tid likevæl. For dette Framlegget talad Stang, Bonnevie, Rynning, Holmgren, Michelet  og Berentsen. Alle heldt dei fram dette, at Saki var lite utgreidt enno, so det kunne trengjast aa faa setja seg inn i ho.

 

Mot Framlegget talad Statsministar Sverdrup, Blehr, Qvam, Liestøl, Drevland.  Dei meinte, at Saki hadde voret so lenge ordskiftat um no, at det var paa Tide, at ho vart gjenomførd. Vinstretingmennerne var valde paa den Saki, og soframt dei ikkje fekk ho gjennom iaar, so vilde nok Veljaranne vita aa velja Folk, som det var meir Tiltak i. Det var serleg Statsministaren, som heldt denne Tanken fram. Han talad greidt, klaart og glødande. Ein høyrde paa han, at det var ei Livssak for han dette. Det var lett aa kjenna att den gamle Johan Sverdrup, som sankad kvar einaste Vinstremannen i Tinget um seg, naar det galdt ei Sak, som vilde styrkja Folkestyret. Det var Hovdingen, som flokkad Folket sitt ikring seg og uppmanad dei til Strid mot Kantorstyret og det sjølvgode Høgrestyret.

 

Rynningen fraa Drammen var løgleg, som han altid plar vera, naar han skal verja um det gamle. Han hadde det so annsamt med aa faa det paa det reine, at det var Politikk med i dette Spursmaalet. Han trudde viseleg, han skulde faa Folk til aa gløyma, at dei var valde paa aa gjenomføra Juryen. Gong paa Gong kom han slengjande med dette, endaa det var noko, som sjølvsagt ingen Vinstremann freista daa dylja. Qvam svarad og sa raakande, at Rynning sletikkje turvte vera rædd for aa taka imist, naar han sagde dette. Det var noko, alle visste, at det her galdt ei Strid millom Kantorstyret og Folkestyret.

 

Høgre brukad alle mogelege Midlar for aa hindra Saki fraa aa koma fyre iaar. Men paa alle Leider kom dei tilkort. Stang, som altid plar fara so fint aat, kom denne Gongen med Ting, som han maatte vita ikkje var sanne. Han sagde, at Vinstre ikkje hadde valt paa Juryen. Saki hadde nok eingong stadet paa Vinstres Program, men so var det teket burt, og Tillit til Johan Sverdrup sett i staden.

 

Paa dette fekk han Svar fraa Liestøl, som paa norsk Maal og med fjellfrisk Sveip yver Talen sin, helt fram, at var det nokor Sak, Vinstre hadde valt paa og som dei vilde hava gjenom, so var det Juryen.

 

Etter at dei hadde haldet paa i 3 Timar, var Framlegget um Utsetjing kastat med 52 mot 30 R. Deretter byrjad det eigentlege Ordskiftet. Fyrste Talaren var Stang og etter han kjem Qvam, Statsministar Bugge og Blehr.

 

5/587. L.


 

Hr. Stortingspræsident Steen  fekk Bededagsaftan denne Adressa:

 

Hr. Rektor Steen! Vi føler Trang til i Ærbødighed at frembære for Dem Bevidnelsen af vor udelte Høiagtelse og Tillid.

 

Vi udtaler tillige Forvisningen om, at det ikke skal lykkes gjennem lav Bagtalelse at vildlede den frisindede Almenheds Dom om et Forhold, der i sig selv let overskueligt ligger udredet og aabent for alle.

 

Ingen Bagvaskelse vil kunne forringe Derres Landsmænds Høiagtelse for Derres Person og Karakter, den Taknemmelighed og Hengivenhed, som er en Frugt af Deres i 30 Aar fortsatte trofaste samvittighedsfulde Virke for Folk og Fædreland.

  

Kristiania, 30te April 1887.

 

S. Nielsen. C. M. Havig. A. Qvam. G. Krogh.

Konow. M. A. Aarflot. A. Tonning.

J. M. Ueland. Even Glestad. J. O. Lange.

N. Kolbenstvedt. Olaus Eskeland. L. Liestøl.

Ole Lilleholt. L. Hektoen. V. A. Wexelsen.

Castberg. E. Rejerson. O. Berge. J. Sparre.

E. Torp. J. Løvland. Ivar Fløistad.

Aasmund Vinje. O. Sundbu. L. B. Drevland.

J. Myklebust. O. S. Holm. Jakob Løvø.

O. Nilssen. Peder Rinde. W. S. Dahl.

Carl M. Ellingsen. N. Sørensen. O. T. Lindstøl.

Carl Berner. J. Olufsen. Daniel Sæter.

O. A. Wist. J. Hæg. R. N. Leer. A. Huser.

V. Ullmann. S. Jaabæk. O. Langeland.

Peter Holst. P. A. Fjermstad. O. J. Sørum.

M. Mustad. Julius Olsen. K. Dieseth.

Albert Jacobsen. Olaf Sveinsson. K. Moursund.

A. D. S. Hiorth. M. G. Dugstad. Joh. M. Staff.

Otto Blehr. L. Johansen. B. E. Bendixen.

K. Akre. Joh. Holmesland. Johannes C. Lien.

O. Thomesen. L. Soelberg. L. Bentsen.

A. G. Egge. T. S. Govrud. Niels Juel.

H. Saakvitne. T. Fosse. Engelhart.

H. Furulund. Edv. Liljedahl. J. Reitan.

G. Frilseth. T. Jørstad. H. E. Berner.

Oluf Kind. Sigurd Blekastad. N. Skaar.

W. Konow (H.)

 

Fleirtalet i Kyrkjenemndi  skal det vera visst, innsteller paa Lov um Presteval og Opning av Kyrkja.

 

Oddmund Vik gav Stortinget etter Pengeutlegget ved Krigsrettsaki.

 

B. Bjørnson segjer, at det kann ikkje vera sant dette, at R. Ingersoll skal hava gjenget ifraa Nytrui si.

 

Kongen og Thomle. Det hev lenge voret fortalt Mann og Mann millom her i Byen, at Fyrstedomar i Høgsterett, hev voret, Thomle, medan Kongen var her i Byen maatte sitja og venta i 3 Timar fyrr han slapp inn til Konge. Daa han endeleg slapp inn, fekk han ikkje Lov aa segja noko; men Kongen tok og skrubbad han, avdi han ikke svigted i Riksretten. Denne Soga hev lenge gjenget her i Byen, og no i desse Dagar vert ho fortalt i danske Høgreblad av ein Brevskrivar her fraa Byen. Um ho er sann, er ikkje greidt aa vita.

 

Tasmania, ein stor engelsk Dampar, hev nyleg set til nede ved Sicilien, 20 Mann vart burte.

 

I det tyske Stortinget  hev dei nyleg haldet paa med Kyrkjelovarne. Paven fekk Rett til aa utnemna katolske Bispar i Tyskland. Mailovarne vart avtekne.

 

Schnäbel, ein fransk Embættesmann vart nyleg fakkat paa tysk Grunn og set fast i Festningen Metz. Dei trur, han var sendt ut av den franske Styringi for aa spionera.

 

I ei Kolgruba i Belgia hev det haldet paa og brunnet i fleire Dagar.

 

I Rusland maa det vera hugnadlegt aa vera Bonde no. Fyrr 1861 var Bønderne der Slavar og etter som det ser ut for skal dei verta det heretter og. Grev Tolstoj hev komet med eit Framlegg, som gjeng ut paa, at dei skal standa under Uppsyn av nokre nye Embættesmenn, som skal takast av Adelen.

 

Godseigaranne likar ikkje dette Framlegget, daa dei altfor væl forstend, at um det gjeng gjenom, so vil Bønderne mistenkja dei for aa vera Upphavsmenn til det og daa kann ein vita, kva Stelling dei tvo Folkeluter kjem i til kvarandre.

 

Nihilistarne likar det sjølvsagt. Det er nettupp eit Framlegg, som vil hjelpa dei til Magti. Det vil ala upp eit Hat millom dei ymse Samfundsklassar, som det ikkje hev voret Raad for dei aa faa til fyrr.

 

 


Frå Fedraheimen 07.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum