[Kristiania, den 13de Mai.] Fraa Tinget.

 

Dei hev haldet paa med Juryen heile denne Vika. Fyrste Talaren, etter at Utsetjingsframlegget var kastat, var Advokat Stang. Han talad i alt i 3 Timar. Fyrst heldt han paa aa skreppa av det Retsstellet, me hev, kor godt det var i alle Maatar og kor lite me vilde vinna, um me fekk Jury. Juryen var i det heile ein leid Ting. For det fyrste vilde no Folk faa somykje aa gjera, at det ikkje var Maate paa det – dei maatte reisa lange Veger som Vitne, sitja mykje i Retten o. s. fr. – og dinæst so vilde han no kosta so svært mange Pengar. Det var ikkje Raad med anna. For aa syna, kva Juryen igrunnen var for eit Styggeting tok han ein Svip til Utlandet. I England hadde dei Jury, men den var no skipad paa ein heilt annan Maate, enn i andre Land. Det kunne ikkje avsannast, at Juryen der  var god; men det vilde vera raadlaust aa faa han so god nokon annan Stad. Men naar ein kom til Amerika, raakad ein paa Jury, som just ikkje var rar. Alle hadde me høyrt desse skræmelege Forteljingarne fraa Jurydomstolarne i Amerika, der dei dømde som dei fann for godt utan aa bry seg stort um Prov og sovore. I Frankrike var det og so galet som det kunne verta. Der frifann dei no Folk so altfor mykje. I Tyskland var det ei Mengd Juristar, som arbeidde paa aa faa Juryen burt, daa han ingen Nytte gjorde. At Folk ikkje sette stor Pris paa Juryen, naar dei fekk Høve til aa setja seg inn i han, freistad Tal. aa syna ved det, at endaa Danmark var Grannelandet aat Tyskland og endaa Tyskland hadde havt Jury i mange Aar, so hadde ikkje Danskarne gjort noko for aa faa han. I Sverike hadde det helder ikkje voret arbeidt for Juryen.

 

Tal. sluttad med, at skulde me endeleg hava Lægfolket med som Domarar, so var det best aa taka upp Meddomsretterne. Desse vilde høva mykje betre, og so vilde dei ingenting kosta. Men Juryen burde ein ikkje taka, det vilde berre verta Utgreida av det. Qvam  talad etter Stang. Han heldt paa i 4 Timar paalag. Fyrst gav han eit Yversyn yver alt, som var gjort for Juryen her i Landet. Saki var framme fyrste Gongen i 1845. So var ho komi att Gong paa Gong like til 1863. Etter den Tidi var det komet so mange andre store Saker fyre – aarlege Storting, Brigding i Straffeloven, Statsraadsaki og Skattespursmaalet -, at ho liksom var komi i Gløymeboki. So var ho komi uppatt i 1881. Naar Mindretalet ankad yver, at Saki var so lite fyrebudd, so saag det reint burt fraa alt det Arbeidet, som var gjort i desse 42 Aar. Det var sagt, at Folk i det heile var so vælnøgde med det Rettsstellet, me hev. Dette var ikkje so, det Tal. hadde set. Det var helder ikkje rimelegt, at det kunne verta folkekjært, so gamalt og utlivd som det var. Naar Stang hadde talat um, kor galet det var stelt i Amerika, vilde han beda han um ikkje aa sjaa ned paa dei amerikanske Domaranne. Det var sant nok, at det derburte kunne verta avsagt ein og annan Domen, som me totte var helder rar; men det laag i dei heilt andre Forholdi, det var der. Amerikafolket hadde helder ikkje det same Synet som me paa alle Ting. Soleis hadde dei mykje større Vyrdnad for Kvinnfolket. Difor saag ein og, at dei, som krenkad Kvendi paa ein elder annan Maate aalment fekk ein hard Dom. Dette var ikkje Juryen Skuld i. Det var Folkesynet, som var soleis, og det gjekk det ikkje an aa rikka. Naar Mindretalet endeleg vilde skræma med Juryen i Amerika, vilde Tal. segja, at naar Juryen hadde kunnat halda Lov og Rett uppe i den Røra, det er derburte, so var dette nettupp Lovord for han. Det vilde vera raadlaust for det norske Retsstellet aa gjera noko der.

 

I England gjeng det godt med Juryen, avdi Lægfolket og Juristar der arbeider samfælles. Det var ikkje anna, som trengdest for at Juryen skulde vera god. Ein god Domar (Lagmann), ein god Jury. I Frankrike var det ikkje det Samarbeidet, og difor gjekk det ikkje so godt der som i England.

 

I Tyskland var dei ikkje so imot Juryen, som Stang hadde sagt. Naar Mindretalet hadde nemnt Danmark, vilde Tal. berre spyrja, um det reint hadde gløymt av noko, som vart kalalt Visnepolitiken. Det var i Danmark utarbeidt eit Framlegg til Lov um Straffesaker, og dette Framlegget liknad Juryen; men so var Visnepolitiken komen, og so hadde Framlegget visnat det som alt anna. Sverike var det ikkje verdt aa tala um. Var det noko Land som laag attende i Rettsvegen so var det det.

 

Det var ellest snodig med det, Mindretalet førde fram. Medan det er plent i det seinste at Juryen hev vakset seg fram til ei Magt og trengt inn hjaa flestalle upplyste Folkeslagi, so at han no er eit Kjennetekn paa Kultur, plent no segjer Mindretalet, at det gjeng attende med han. Sanningi er, at han kjem inn i fleire og fleire Land etterkvart. Tal. sluttad med aa segja, at ved aa innføra Juryen vilde me hjelpa til aa fremja Folkets Utvikling og vekkja større Sans for Sanning, Rett og Rettvisa.

 

Qvam heldt paa i 4 Timar paalag. Han talad greidt og klaart og det var Raad aa skyna, at han hadde Greide paa det, han kom med. Etter Qvam kom Bugge fraa Trondheim. Han talad lenge, men Mesteparten var no Uppattek av Stang sitt Fyredrag. Det var Juristen, som talad gjenom hans.

So kom Statsministar Sverdrup. I eit langt og gildt Fyredrag synte han, kva Bate, me vilde hava ved aa faa Jury i Landet. Han vilde styrkja Folkestyret meir enn noko anna. So synte han, kor lite Tak det var i det, Mindretalet hadde ført fram fraa Utlandet, alle dei Vitnemaal som der var komne mot Juryen. Daa Sverdrup var ferdug, kom Schweigaard. Det einaste nye, han førde fram mot Juryen var, at naar me fekk han, so vilde det ikkje verta so greidt aa faa Rett her i Landet. Det vilde verta Partidomstolar av det. Michelet  talad og mot.

 

Dette var onsdag Fyremiddag. Det var haldet Ettermiddagsmøte den same Dagen, og daa talad H. E. Berner, Daae, Ihlen, Liestøl og Sørum.  Av desse talad Ihlen mot. Torsdag Fyremiddag talad Eskeland, Smitt, Dieseth, Horgenog S. Nielsen. Det kom ikkje noko serlegt Nytt fram fraa nokon av desse Kararne. Den einaste var S. Nielsen, som kallad Juryen ei Kongegaava. Det burde han ikkje hava gjort, for det er ikkje sant. Sjølv um Kongen hev skrivet Namnet sitt under Framlegget, so veit me alle – og det burde S. Nielsen vera ein av dei fyrste til aa minnast – at det ikkje er anna, enn han er nøyd daa gjera. Han kann godt vera mot Juryen for alt det. Det er ingen, som spør Kongen um, kva han meiner um det og det. Han er Folkets Tenar, og naar det byd han aa skriva under paa eit Papir, so fær han anten gjera det, elder og gaa sin Veg. Me hev ikkje Kongestyreher i Norge, treng ikkje um det. Treng Sivert Nielsen til det, fær han freista aa føra det inn i Nordland, - um han orkar, daa.

 

 


Frå Fedraheimen 14.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum