Indbyding på lærebok.

 

Åt

 

Vener av gode, lettlærte skulebøker!

(først og fremst åt dem, som var med i: ”Norsk skuleboksamlag” og heldt tidsskrifta mi:

På bondebarne sit bokmål”).

 

 

Skulebøkerne våre i tysk er langt vandare,æn dei treng om å vera for os nordmenner og serleg for alle dem, som kan eit eller anna bygdamål. Dette volder de norsk-danske bokmåle, vi har; for, sovel dette som de reine danskemåle har langt mindre tilhopes  med den tyske mållæra æn de norske landsmåle og serleg dei norske bygdamåla.

 

Eg har defor gjort ein freistnad, ikkje berre med å skrive ei tysk mållære på norsk, men au med å draga frem alle dei samhøva, eg var god til å finne millom desse 2 målom. Med di fek eg ei heil horg av tyske målregla utur bokjen som vande skjer. Istadan fek eg syne lærlingom eit otruleg stort sameige  millom dei sør- og nordgermaniske tungom, likso lettande ved mållæringen som gledeleg for samfrendehugen.

 

Eg har gjeve både nyneminga og vidtkomne folk oplæring i tysk på dette sætte; og de var reint otruleg, kor let de vart åt dem mangt, som gjenom norsk-dansk elles er so tungt å lære i tysk.

 

Bokja skal defor heite:

 

Tysk

 

gjort let

 

ved norsk lands-og bygdamål.

Dersom so mange tekne seg, at eg kjem skadeslaust ifrå boktrykking, indbinding og omsending, skal bokja bli frit sendt tingarom i somar.

Ho vil bli som ein 8 ark, kring 64 blad, soleids ikkje lita, og prisen for tingarom 1 kr. 20 indb. Tingarsamlara får 6te bokja at på for 5 betalte. De sendes meg ingen penge, føræn bokja kjem ut.

 

Eg voner, de vil vise seg, at bokja skal bli førstegrøda på ein ny og langt lettare veg ved tysklæringen sovel i skulom våre som elles. Defor gjerde i, som no tinge bokja, to velgjerde: ei mot meg, som ved di får ut arbeide mit, og ei mot dem, som etter kvart vil få betre og betre tyske mållæro og stileøvinga i samhøve med det nye grunsyne å taka dette ”fage” på.

 

Bokja får dels frakturbokstavar, dels latinske.

 

Nidaros, 14de april 1887.

 

O. J. Høyem.

 

 


Frå Fedraheimen 14.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum