Om Jury.

 

 

(Del 3 av 3. Fyrste del.)

 

(Framhald fraa fyrre No.)

 

 

Domar fraa desse Retter kann ankast inn for Høgsterett i det, som høyrer inn under Lovtolkingi elder Storleiken paa Straffi. Der skal daa skipast eit Utval av Høgsterett, som kallast Kjæremaalsutvalet. Det skal vera 3 Menner, som Styraren (Justitiarius) i Høgsterett nemner ut, skiftevis for 3 Maanar um Gongen. Dette Utvalet skal daa avgjera nokre av Kjæremaali, so heile Høgsterett kann sleppa aa samlast for berre Smaasaker.

 

Paatalemagti  elder Retten til aa setja Folk under Tiltale for Lovbrot hev fyrr voret hjaa Amtmannen. Han skal no ikkje hava noko med det. Der skal setjast inn ein Riksadvokat og 11 Statsadvokatar. Desse skal hava Paatalemagti. Under dei skal standa Politimeistarar, Futar og Lensmenn. Riksadvokaten er den høgste; berre Kongen er yver han og kann retta paa Styringi hans. Kongen skal fastsetja kor vidt Embætsstrok kvar av dei 11 Statsadvokatarne skal hava. Dei skal for det Offentlege føra Sakerne for Lagmannsretten. For Meddomsretten skal Sakerne førast av Sakførarar elder andre Menner med same Lovlærdomen, Futarne og Politimeistaranne fører Politisaker.

  

Naar eit Lovbrot er gjort, skal Paatalemagti setja Ettersøking i Gang, for aa koma etter um nokon fortener Straff. Vert der daa sett noko Slags Rettshandling i verk mot namngjeten Mann, so kallast denne ”Sigtede”. Han hev daa Rett til aa hava med seg Forsvarar i alle Rettshandlingar, og i alle vande Tilfelle er det offentlege nøydd til aa gjeva han ein Forsvarar. Den, han sjølv vel, skal godtakast naar ikkje noko sers er i Vegen.

  

Tultalte skal vera liksom Part i Saki. Paatalemagti er Motparten hans og stemner han til Retten for aa faa han i Straff. Baade desse Partarne kann daa skaffa fram dei Vitnemaal og dei Upplysningar, som dei finn aa vera til Gagn for Saki.

 

Naar ei Sak er stemnd til Meddomsretten, møter ein Sakførar for Paatalemagti mot Tiltalte og Forsvararen hans. Vitnemaali høyrest, Sakføraren kjem med sine Framstellingar og Tiltalte med si Forklaaring. Alt skal vera mundtlegt. So gjeng Saki til Doms. Domaren og dei 2 Domsmenner samraadest daa og skal jamnaste døma paa Staden. Er der stort Tvilsmaal i Saki, kann dei drygja i 3 Dagar med Domen.

  

Domar av Forhøyrsretten og Meddomsretten kann kvar av Partarne, som vil, anka inn for Lagmannsretten. Gjeng Domen ut paa berre Peningbot, so maa Ankingi godkjennast av Høgsteretts Kjæremaalsutval.

 

I Lagmansretten sit Lagmannen, dei 2 andre juridiske Domarar og 10 Lagrettemenner. Lagmannen styrer Forhandlingarne og hev Umsut for at der ikkje kjem fram noko, som er til Unytte og som dreg ut Saki. Naar Vitni er høyrde, Riksadvokaten som Klagar, Forsvararen og Tiltalte hev sagt fram sine Grunnar, so skal der forhandlast um dei Spursmaal, som Lagretta skal svara paa. Dei vert daa upplesne og avskrivne til Lagrettemennerne. So gjev Lagmannen ei Utgreiding av Saki og av dei Lovbod, som skal fylgjast. Lagrettemennerne gjeng daa inn i eit anna Rom i Huset og held Raad um Svaret paa Spursmaali um Tiltalte er skuldig til Straff. Dei røyster kvar for seg og tel Røysterne. For at Tiltalte kann dømast i Straff, maa minst 7 av dei 10 røysta for, at han er skuldig.

 

Naar Svaret er uppskrivet, kjem Lagrettemennerne inn att i Retssalen og segjer upp si Avgjerd.

 

Lagmannen og dei andre 2 lovlærde Domarar gjer daa Domen og set den Straffi, som skal til etter Loven.

 

Det er altso Lagretta aaleine, som hev med Avgjerdi um der er nok Prov for Tiltalte si Skuld og anna, som maa takast etter eit Skyn. Juristarne hev daa berre med aa tolka Loven og setja Storleiken paa Straffi.

  

Dersom Lagretta svarar paa Spursmaali, at Tiltalte er skuldlaus, so skal Retten straks døma han fri. Likeins dersom Lagretta kjenner Tiltalte for aa vera skuldig, men finn, at der likevæl er Grunnar i Saki, som tek burt Straffi. Finn Lagretta, at Tiltalte er skuldig til Straff, so gjev Retten ( xx: dei 3 lovlærde Domaranne) Dom og legg paa den Straffi, som Loven segjer. Men dersom Retten trur, at Lagretta hev teket feil og dømt ein skuldlaus, so hev Retten aa visa fraa seg Saki og lata den taka fyre av nye Domarar og ny Lagrette. Dømer den nye Lagretta likeins, som den fyrre, og dei 3 Domarar er samstemte um, at dette er galet gjort, so kann Retten frikjenna den Tiltalte.

  

Ein Dom, som ikkje kann ankast paa, kann takast upp til ny Prøving anten til Bate elder Skade for Tiltalte, naar det kjem upp, at Domen grunnar seg paa falske Vitnemaal elder anna Fusk elder noko nytt kjem fram.

 

Vil Paatalemagti ikkje taka seg av ei Sak um Lovbrot, so kann den Mannen, som hev fenget Skade av Lovbrotet, sjølv føra Saki fram.

   

Vitni  i ei Sak er nøydde til aa møta fram, naar dei ikkje tarv reisa lenger enn 600 Km. med Jernbane elder 300 Km. med Eimbaat elder 100 Km. paa annan Maate. Retten kan døma eit Vitne til aa reisa lenger, dersom det er plent for Naudi. Dei fær Skjuss og 2 Kr. for kvart Døgr, dei lyt vera burte fraa Heimen.

 

Berre eit Stemnevitne  skal no reisa med Stemningar i Straffesaker og so fær han eit Vitne med paa Staden. Fyrr hev alstødt reist 2 Stemnevitne, som hev havt Betaling 2 Kr. kvar um dagen og Skjusspening.

 

Lagrettemenner  og Domsmenner fær Betaling som Ordførarar i Heradstyret.

 

Domstolarne er skipad so, at der er so stød Vissa som mogelegt for, at ingen, som er skuldlaus kann verta dømd i Straff. Domar av Forhøyrsretten og Meddomsretten kann ankast inn for Lagmansretten. Der skal dei 7 av dei 10 Lagrettemenner vera einige um Tiltalte si Skuld, for at han kann faa Straff. Men dersom dei 3 lovlærde Domarar er einige um, at Lagretta hev komet i Villfaring, so kann dei døma Tiltalte fri.

 

 


Frå Fedraheimen 14.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum