Ein ”tvitungad” Mann.

 

 

Dei rivst og slitst um dei tvo ”Tungurne” hans Garborg, kva for ei, som han brukar best, anten den norske elder den danske. Bjørnson driv paa med det den eine Gongen etter den andre, at Garborg er so mykje meir hag og hendig, naar han skriv dansk, elder ”Fællesmaal”, som B. no kallar det. Her um Sundagen var han ute att i Dagbladet  og segjer, at det er skire Traassen, som han hev øvt seg inn i, naar han held paa og skriv Norsk endaa, ja han maa heiltupp ”paa fleire Maader ha hypnotiseret ( xx: svævt, døyvt) sin Vilje, at det ikkje kan falle mig ind at gjøre ham særskilt ansvarlig” for det; med andre Ord han held det for reine Galenskapen¹). Nokoleis i same Meining skreiv Bokdomaren Henrik Jæger i Vinter og spaadde det, at Garborg laut koma til aa skriva paa Dansk med Tidi. Daa var Danskaren G. Brandes folkelegare, Garborg fær væl skriva Bøkerne paa Norsk, meinte han, berre han og skriv paa Dansk imillom att nokon Gong.

 

Han fær høyra det Garborg no, at han hev havt Ord for aa skriva godt Bokmaal all Tidi. Men dette hev seg no ikkje rett so helder. Han hev høyrt ymist um Dansken sin og. Soleis var det i 1876, han laag i Avisstrid um Maalsaki med ein B. i Aftenbladet, som tok paa Dansken hans med helder umilde Hender. Me skal herma noko etter Tilsvaret hans Garborg, der han samlar i hop det, som B. hev ankat paa²).

 

Hr. B. erklærer med stor Myndighed, at alt dette mit Stræv er mislykket og forfeilet. – Mine Begreber er taagede, min Tankegang ulogisk, min Fremstilling er forvirret. – Ikke engang min Stil finder Naade for hans Øine. Den er ikke koncis nok, ikkje klar nok; den er formeget flydende, formeget hildet i det Svævende, Abstrakte og Ubestemte – hvilket naturligvis ikke vil sige andet, end at Sproget ikke slutter nær nok til Tanken, at det blot er en omtrentlig ”Oversættelse” af den. Dette har jeg for Umagen. Maatte dette tjene mine unge norske Brødre til et advarende Exempel! Maatte de deraf lære aldrig at give sig af med at spilde sine unge Kræfter paa et Stræv, som dog ikke kan lykkes: det at bringe sit Aandsliv ind i en fremmed Form”.

 

No stilar han alltid noko betre paa Dansk, enn han gjorde i den Tidi, og det hev han Norsken sin aa takka for. Hadde han ikkje daa lært seg upp i Norsk, som var Heimemaalet hans og det einaste, som han kunne orda seg i lett og naturlegt, so hadde han aldri komet seg utor den ulidelege Taterstilen, som han hadde i Syttiaari.

 

Elles skal no me segja vaar Hjartans Meining, so likar me ikkje endaa det danske Maalet hans Garborg, han er ikkje same greie folkelege Karen der, som naar han skriv Norsk. Han fær slikt eit underleg kaldt og stivt og fornemt Lag ved seg, fyrst han triv den danske Pennen, so ein reint støkk undan og kann ikkje kjenna’n att.

 

Det er noko av ”Seminarist- og Bondestudentgierdi” som sit atti’n, naar han fer etter Brandes si Raad og andre slike, som er i Vyrdnad, og skriv paa dansk, der han ikkje turvte og held tvo Tungur i Munnen.

 

Det er visst, at han vart endaa glupare i Norsken, ja heilare Kar yverhovud, um han heldt seg so god, at han brukad si heimlege Tunge, anten han talad aat Bymann elder Bonde.

 

Var han fullgreid Kar, so sagde han som so: anten fær de taka imot Norsken min, elder so skriv eg ikkje. Daa hev eg den Vyrdnaden i meg, at vil De ikkje hava Norsk no, so fær eg helder drygja med aa skriva noko, til dess eg gjer det so godt, at Folk maalesa det, kva Maal det so er paa. Og me trur, at Folk alt no er so bisnefusne etter det som kjem fraa Garborg, at det ikkje vart nokon Lesarmink for det um han tok paa aa skriva Norsk for Endes i norske Blad tilvissa. Naar han skriv i danske blad, er det ei onnor Sak. Kvar Mann maa hava sin Beig elder veike Side; og her er Beigen hans Garborg.

 

Det er berre skire Tullsnakket dei fer med, naar dei segjer, at han helder skulde ha skrivet ”Mannfolk” paa Dansk og at det ikkje er so godt Maal der som i ymse Bondesogur.

 

Kva er det som er krevjande av det norske Maalet?

 

Jau eit er det, at det skal vera bondelagomt, vera likeso heimslegt og baade lett og mergfullt som det vert talat i dei beste Maalbygder. Eit anna er det, at det skal hava Vyrdnad og Vænleik, som høver eit Skriftmaal, og eit tridje er, at det skal gjerast jamført med dei andre Kulturmaali til aa fylgja med Tidi og maalgreida Tankar og Kjenslur i alle Lag og Høve. Og ein kann væl segja, at det er nett denne tridje Saki, som det no spyrst mest um, dette Leitet daa Motmennerne kjem so mykje med det, at Maalet er Bakstræv, som ikkje magtar Kulturen. Og her er det Garborg er Brjotar og Fyregangsmann som ingen annan.

 

 

¹) Me hev elles endaa mindre aa svara til dette han skriv no enn det fyrre. Det er berre skire Vatn.

²) Aftenbl. 1876 No. 40.

 

 


Frå Fedraheimen 28.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum