Riksraadsandsvar.

   

Me hev i Grunnloven vaar ein §, som segjer, at Kongen sjølv er friteken for alt Andsvar, kva Statssaker vedkjem, og at Riksraadet i Tilfelle ber Andsvaret. Det er Riksraadarne, som hev alt Arbeidet i Styringi. Kongen er heilt umyndug der. Kva han  vil er det ikkje Spursmaal um. Han stend liksom berre paa Stas.

Difor hev det og alltid gjenget galet, naar Kongen sjølv hev komet med sin Vilje. Daa Oskar II i 1882 talad um ”min urokkelige Overbevisning” o. s. v., var det ikkje ei einaste Menneskje i Landet, som brydde seg noko um dette. Dei sagde, som sant var, at Kongen sjølvsagt hadde Lov til aa meina baade det og det, men aa gjera Meiningi si gjeldande i livet, fekk han venta med, til me fekk ein annan Riksskipnad. No gjekk det ikkje.

 

Det er noko, som segjer seg sjølv og, at det vilde vera meiningslaust aa lata ei uandsvarleg Menneskje faa noko aa segja. Den, som er sett til aa gjera noko, fær og bera Andsvaret. Arbeid og Andsvar kann ikkje skiljast aat no for Tidi.

  

Det er altso Riksraaadarne, som er andsvarlege for alt, Kongemagti gjer. Fer dei vist aat og lagar seg etter Folkefleirtalet si Meining, so er det væl; gjer dei det ikkje, vert dei dregne til Andsvar som i Riksrettens Dagar.

 

Dette er noko, som alle kann lesa seg til av Grunnloven vaar. Men likevæl gjekk det 70 Aar, fyrr me fekk denne Læra gjord gjeldande i Livet. Den gamle Styringi arbeidde mot Riksraadsandsvaret alt, ho orkad, til ho i 1884 maatte bukka under for Riksrettens Dom. Det var Johan Sverdrup og dei, som stod paa hans Sida, som gjorde Andsvaret gjeldande.

 

Kva er Andsvar? Naar ein Mann vert tvingad til aa gjera eit Arbeid, som han ikkje likar og som han helst saag var ugjort, so kann han ikkje gjerast andsvarleg for det. Um Andsvar kann det berre verta Tale, naar ein fri  Mann med fri  Vilje gjer noko, som han godt kunne sluppet gjort, soframt han hadde viljat. Det er berre det friviljuge Arbeidet, som dreg Andsvar med seg; ikkje det tvungne.

 

Denne Andsvarskjensla er ein god Ting. Er ho regtig vaki og livande hjaa ei Menneskja, so kann ein vera stød paa, at Grunnen er god. Ei Menneskje, som ikkje kjenner Andsvaret for det, han gjer, er det lite tess ved. Det er Andsvaret, som gjer ein til ei god Menneskje og drep ein den Kjensla, so drep ein noko av det beste og.

 

Og er Andsvarskjensla regtig vaki, so agtar ein seg for aa gjera noko, som ikkje stend i Samband med ho og. Ein gjer ikkje anna, enn ein med godt Samvit kann forsvara baade for Gud og Menneskjur.

 

Det er dette Andsvaret, Grunnloven hev lagt paa Riksraadarne og paa alle andre Folketenarar fraa den høgste til den lægste, Kongen undanteken.

  

Difor stend dei og so frie som mogelegt. Det er inkje ivegen for, at ein Riksraad, som vert teken i dag kann gaa sin Veg imorgo, naar han ikkje likar seg. Landet skal ha frie Tenarar, Folk, som gjer ein Ting, av di dei er yvertydde um, at han vil vera til Gagn for Landet og ikkje av di dei tykkjer, det er gildt aa verta sitjande i Høgsætet.

 

Av denne Grunn var det so leidt det, Riksraad Sørensen kom med her i Ordskiftet um Jurysaki, daa han fortalde, at han var mot Juryen, endaa han hadde skrivet Framlegget fraa Styringi. Det var leidt, ikkje av di Sørensen er mot Juryen, men av di han ikkje hadde sagt fraa i Fyrevegen.

 

Det er so klaart som Dagen, at er det ei stor Sak, som skal gjenomførast i eit Land, ei Sak, som hev skilt Folket i tvo Luter, som stend mot kvarandre som Hund og Katt, daa gjeldst det um aa hava ein Mann i Fyreenden, som hev huglagt Saki og som ein trygt kann lita paa. Det vilde t. D. voret utenkjelegt og meiningslaust aa latet Statsministar Selmer verta standande i Styringi, daa det vart avgjort, at Parlamentarismen skulde innlivast i Rikslivet vaart. Sjølv um han hadde bøgyt seg for Folkemeiningi, so kunne ein aldri havt den Tillit til han som til ein, som hadde huglagt Parlamentarismen, t. D. til Johan Sverdrup. Likeins i dette Tilfelle med Juryen og Sørensen. Juryen er den største Saki, som den nye Styringi fraa 1884 hev fenget i Uppdrag aa gjenomføra. Det er ingi Sak, som vil festa Folkestyret somykje som den og det er difor helder ingi, som Bakstrævarfolket hev møtt med so mykje Motburd. Flestalle Juristar, i Landet er, er mot Saki, og um dei enn lyt finna seg i aa sjaa, ho gjeng gjenom, so vil dei sjølvsagt freista aa gjera somykje Ugreide som mogelegt.

 

Difor gjeldst det um aa hava ein Justitsministar, som ein kann lita fullt paa og som ein veit vil gjera alt for aa faa Saki gjenomførd og alt lagat paa beste Maate.

  

Den Tilliten kann ein no ikkje hava til Sørensen. Han sagde sjølv, at han ikkje trudde paa Juryen, men heldt paa Meddomsretterne og daa er det ikkje ventande, at han vil gjera stort for aa faa Saki gjenomført. Det vert berre Trælearbeid han kjem til aa gjera, og det er det lite Gagn i.

 

Skal me fyrst hava Parlamentarismen i Rikslivet vaart, so lat oss faa han for fullt Aalvor. Lat det verta slik, at ingen Statsraad vert sett til aa gjera noko, som han ikkje fullt ut er einig i. Lat oss faa inn Folk, som med fullt Hjarta vil arbeida for Saki og lat dei andre gaa. Lat ikkje ein Statsraadsplass verta i ”Magtens bløde Hynder”, men lat den verta ein aalvorleg Statstenars Plass, der han med full Andsvarskjensle for Folket arbeider paa aa fremja det, som etter hans Meining  er godt og nyttig, men helder ikkje meir.

 

Og difor krev me, at Sørensen anten skal gaa ut or Styringi heilt elder i det minste taka eit anna Departement og lata oss faa ein verkeleg Juryven til aa arbeida for Juryen. Vert ikkje det gjort, so er det ikkje Riksraadsandsvar her i Landet meir no enn under det gamle Styret. Det vert slik Slag det.

Det er ein Mann her i Landet, som no bør koma inn som Riksraad. Det er Rektor Steen. Kravet paa aa sjaa han ved Kongens Raadsbord hev vakset seg sterkare og sterkare, og me veit, at det er mange av vaare gjævaste Tingmenner- me kann vel segja alle Vinstretingmenner er einige i det -, som krev ein Plass til han no. Etter Johan Sverdrup finst det ingen Mann i Landet, som hev den Tilliten som Steen. Han er, som ein gild Tingbonde sagde her um Dagen, det norske Folks Augnestein og den som dei heretter liter paa.

 

Me veit nok det, at det er sume sokallad Vinstremenner, som ikkje vil ganga med paa dette. Det er ein Flokk her i Landet, som hev set seg blinde paa Jak. Sverdrup og alt det store, han hev gjort i Politikken vaar og som ikkje hev meir Sans for Tolsemd og Frisyn enn han. Me veit det og me veit ogso, at dei vil bruka all si Magt for aa hindra at Steen kjem inn. Han er dei altfor vaksen, maavita, so at dei vil koma meir i Skuggen, skulde det henda.

 

Men det er ikkje det, det er Spursmaal um her. Det gjeld aa setja Folk inn i Kongsraadet, som kann gjera Gagn og fremja Utviklingi av den nye Statsskikken. Det norske Folket hev stridt altfor lenge og hardt til at det skulde finna seg i aa gjeva upp Frukterne, berre av di ein og annan Teologen bed det um det. Det, det no gjeldst um, er aa samla Vinstre so mykje som mogelegt ikring Styringi og sjaa til aa faa Ende paa alt dette vesalle Kjeglet millom Oftedøler og Europæarar, som det er so liti Meining i, so lenge me ikkje hev fenget grunnlagt den nye Statsskikken paa den rette Maaten. Naar det er gjort og me hev naatt fram til sunde politiske Forhold, so kjem Tvidraget av seg sjølv. Det kann ikkje verta Vinstre alt, som no ber dette Namnet. Men skal me faa dette istand, so krevst det, at den store Luten av Vinstre, som no ikkje hev nokon Mann i Styringi, fær ein inn, og det nettupp den Mannen, som dei liter mest paa, Rektor Steen.

 

Det er ein annan Mann, som burde voret i Styringi no, landsdomar Qvam.

 

Det finst ingen Jurist i Landet, som vilde høva so godt til Justitsministar no som han. Det finst ingen, som hev ofrat so lang Tid paa aa setja seg inn Jurystellet og alt, som vedkjem det. Og difor vilde han plent no vera den høvelegaste, daa det gjeldst um aa læra Høgrejuristarne til aa bruka Juryen.

 

Spursmaalet um, kven, som Riksraad verta burde, hev elles ikkje somykje aa segja. Hovudsaki er, at Sørensen ikkje lenger vert standande som Justitsministar. Gjer han det, so er det ikkje fullt Folkestyre i Landet og so fær me taka til aa arbeida fraa nytt av.

 

 


Frå Fedraheimen 28.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum