Til Ingvar Bøhn.

 

Takk, Ingvar Bøhn, fordi du svara. Og det er vel baade for deg sjølv og for Skard. Eit Svar kann for ei Gong Skuld vera betre enn inkje Svar. Og du talar  nokso vænt um Maalsaki – det du som Maalmann au bør gjera – og trur ho vil vinna. Det er bra nok.

 

Men eg er like klok av det Svaret.

 

For, min gode Ingvar, det Svaret, du der gav meg, det er inkje nytt for meg; det er nettupp det same, som eg heve gjevet sjølv kanskje hundrad Gonger. Ja, eg heve havt endaa meir aa segja. Eg kunne gjerne nemnt, kva eg hadde svarat Motstrævaranne, so hadde Bøhn sluppet. Eg skreiv ikkje tankelaust, tvertum. So ung og ør eg enn kann vera, so hev eg kunnat svara sopass som eldre, meir røynde og forstandige Menn hev funnet ut er godt og klokt og tilfredsstillande. Men eg hev funnet ut meir: at det Svaret ikkje er fullgodt; for eg hev aldri sjølv voret tilfreds med det. No kunne eg  ikkje finna eit fullgodt Svar, som ikkje kunne rikkast; men det maatte vera rimelegt, at andre  kunne – t. D. Bøhn og Skard.

 

Men ikkje dei heller kunne.

 

Og no trur eg, at ingen kann. Men kannhenda alt dette, heile dette Synet, hev eg for Skuld, at eg er ”varmhjarta” og ”eldhuga”, og at det alt saman domnar av, naar eg ”vert eldre”, og naar eg ”fær tenkt meg væl um”. Ja, er det slik, fær du meg paa den Trui, so er det best aa slutta strakst. Det er betre, eg slær meg ut paa eitkvart anna daa. Skal eg tapa Trui og missa Hugen til Maalsaki, naar eg vert eldre – det var daa sorgsamt – daa eg nettupp skulde kunna taka dugelegt i.

 

Nei, gaa vekk Tankar. 

 

Saki er, at er ein ein sann Maalmann, er ein Maalmann heilt ut, so gjeng  det an aa  ofra  litt for Saki.

 

Det er sant, ganske sant, det, at Maalsaki ikkje er den einaste Sak i Verdi til aa arbeida for, og eg maatte vera galen, um eg vilde Folk skulde arbeida berre  for denne.

 

Nei daa. Men eg set den som ei av dei vigtugaste. Eg set den høgare enn baade Jury, Parlamentarisme, Menighedsraad og slikt noko; eg set den fyrst av alle nasjonale Spursmaal. For vinn ikkje Maalsaki seg fram heilt, so kann det vera umlag det same med alt det andre; me vert so aldri eit fritt, sjølvstendig Folk korso.

  

Det kann eg skyna.

 

Eg vil ikkje negta nokon aa skriva det Maalet, som dei best kann greida seg i. Men skal me snakka um Nasjonalitet, um aa vera nasjonale, um aa vera Maalmenn, so vert det litt onnorleis, for daa vil ein krevja, at ein skal bruka eit norsk, nasjonalt Maal ogso.

 

Jau, det er sagta so, at ein kann faa fleire Lesarar ved aa skriva Dansk enn ved aa skriva Norsk,men ogso umvendt. Tru likevæl ikkje, at Framgang  vilde tapa ein einaste  Tingar, um der kom fleire stykkje paa norsk Maal, enn der gjer.

 

Men kvifor klandra Framgang  berre og ikkje dei andre Bladi? Jaa, fordi det er mykje Maalmenn som hev med dette Bladet aa gjera. Og dei som ikkje er Maalmenn, dei er vel nasjonale?

 

Eg er ikkje urimeleg. Men det kann eg og maa eg som Maalmann krevja av andre, som vil reiknast med i den Flokken, at dei syner det ved aa arbeida for Saki; ikkje berre drøsa og drøsa.

 

Kann ein ikkje skriva fullt so godt paa Norsk som paa dansk, ja, so fær ein sagta faa Lov til aa skriva Dansk, naar det gjeld aa arbeida fram ei Sak umfram Maalsaki. Men i ein Avis er det ikkje alt, som er ”saklegt”, um eg so kann kalla det; der er so mange Hendingar og sovoret, som skal skrivast. Kunne det ikkje lata seg gjera aa faa dette paa Norsk? So fekk Danskemaalet Høgsætesplassen likevæl. Og Norskemaalet vart kjent og leset ikring hjaa Folk, og alle vilde verta tente.

 

Dette vart aa gaa  Svingen. Men den ser det ut for, me maa gaa i denne Saki. Og den er eg med paa, ja, kannhenda det er den beste Vegen ogso.

 

Det er sagta Born og Ungdom, den uppvaksande Ætt, som me især maa festa vaar Von til; men so maa dei eldre, som skal arbeida fram Saki i dei unge, ikkje segja eit og gjera eit anna, ikkje lata dei unge faa Mistanke um, at det er ei Sak av laagaste Slaget, sist i Rekkja; for hellest tapar den Trui, og so vinn Maalsaki aldri  fram.

 

Men so er det helder ikkje berre Skulevegen Maalsaki skal arbeidast fram. Ogso i Blad- og Bokliteraturen. Og her kann du gjera meir, Bøhn. Eg trur ikkje, du vil tapa stort paa det.

 

Nei, ein kann svara og innvenda kva ein vil, so er ikkje Maalsaki komi paa den rette Plassen i Rekkja av Saker. Ho er ikkje komi so langt upp, som ein skulde tru etter alle dei fagre Ord, som høyrest fraa vaare gjæve Maalmenn. Men det er liksom i Mote aa vera folkelege og nasjonale, og so høyrer det  med aa vera Maalmann. Vinstrebladi kunne gjera meir for Maalsaki, enn dei gjer. Dei kunne gjera meir enn aa taka inn eit fagert Stykkje umMaalet og slengja etter nokre venlege Ord um, at Maalet nok bør koma til sin Rett.

 

Men elles – no i den siste Tidi hev det set noko rart ut med Vinstrebladi i Maalvegen. Daa Striden millom Høgre og Vinstre var som hardast, daa hadde dei fleste Vinstrebladi norske Stykkje alt som tidast. Men kom no! No er det umogelegt aa faa eit Stykkje paa Norsk inn i ymse Vinstreblad. Eg hev røynt Verdens Gang  eit Par Gonger. Stykki hev voret slik i alle Maatar skrivne, at Bladet med Glede hadde teket dei upp, um dei hadde voret paa Dansk. Likeins skal det vera med Vestlandsposten, som skal vera so overlag bondevenleg og nasjonal.

 

Eg vil ikkje, at Utgjevaranne av Bladi skal tapa Mot  og Pengar; men eg vil au, at dei ikkje berre skal prata væl og so aldri gjera det grand. Enten – elder. Maalstrævar elder Motstrævar! So kann det verta greid Skuring.

 

Eg veit sagta det, at Maalsaki kann ikkje ganga so fort fram, som ei onnor, liti Sak; men difor er det ikkje naudsynlegt, at det plent skal vera Sniglegang. Me hev daa alle gode Magter paa vaar Side: Regjering, Storting, Vinstrepressa, Skulemeistrar og meir til.

 

Og Tingmennerne! Alle dei Bønder, som me hev der. Stend dei ikkje og knotar Dansk, trur du? Og dei som all sin Dag hev snakkat Norsk! Det kann vera bra nok, at dei røystar for Pengar til Fremjing for Maalsaki; men det er noko underlegt.

 

Kormange hev me i Tinget, som talar Norsk? Ein!¹)

 

Takk, Liestøl!

 

Og so hadde me ein eit Aar: Melvær. Men so var dei sokallad nasjonale  so gilde, at dei ikkje vilde hava denne nasjonale Mannen i Tinget.

Undarlegt, men lett forklaarlegt.

 

Ja, takk Melvær, for det du talad den Stundi, du var der! – Aa ja, Herregud, der er sagte mykje til aa orsaka Bondetingmennerne med liksom Vinstrepressa, Det norske Samlag og alt det andre, som skulde vera fullblods norsk: men eg idest ikkje nemna det.

 

Men tru meg! der er vegtuge Grunnar. Der er likso vegtuge Grunnar for, at dei ikkje talar sit Morsmaal i Mor Norigs Tingsal, som at fleire av Maalhovdingarne vaare skriv nestan berre  Dansk.

 

Naar rett var, so skulde ein aldri ofra korkje Tid elder Pengar for ei Sak som Maalsaki. For kven kann vita, um det ikkje i Grunnen er eit ”taapelegt og unyttig” Stræv dette? Ein skal aldri vera so galen som han Vinje, som strævad og leid vondt, fordi han var sjølvstendig, elder Garborg  no. At ikkje han  gjer som alle hine. At han ikkje skriv Dansk han au; for det kann han no so makalaust godt, ja betre enn nokon annan i det heile Land. At han ligg og balar med dette norske Maalet og derved tapar Hundrader av Lesarar  og fleire Hundrader av Krunur  og altso ikkje fær virka paa so mange med sine Meiningar um dei og dei Sakerne, som han hellest vilde, um han skreiv paa dansk; for ”dei les helder  Dansk enn Norsk, retteleg mange”. At han vil ofra so mykje – det er eit ”Mirakel”.

Aa – takk, Arne Garborg, for alt ditt kav og Stræv, for alt det, du ofrar!

 

Norigs Ungdom elskar deg! -

 

Det eg vil, det er noko heilt og sjølvstendig. Og det i alle Saker, i alle Tilfelle. So kann kvar hellest stræva med det han hev lagt Elsken sin paa. Men noko halvt, noko sløvt og lunkat – det er berre Kluss. Det vert Hinder og Ugreide av slikt. Men eg veit au det, at det ikkje er so greidt aa vera heilt ut det eine elder det andre i vaar Tid; men alle burde stræva med og hjelpa kvarandre til aa vera det.

 

Dette fær vera nok for denne Gongen.

 

Jadarbuen.

 

 

¹) Jau det er daa fleire, Liljedahl, Juel, Saakvitne, Løvø o. fl. Bladstyret.

 

 


Frå Fedraheimen 28.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum