Bie-avlen

 

er gamall her i Landet. Men han hev aldri voret vyrd, det han er verdt.

 

Dei hev heilt til no nyss drivet Bie-avl paa den Maaten, at dei drap Bierne med Svovelrøyk, og so tok dei Honningen. Men no er denne Slagtingi vortet avleggs, og me er komne inn i eit meir folkelegt Far:

  

Skattekubben  hev no løyst av Slagtaren.

 

Fyrr hev nok Bie-avlen au voret verdt aa leggja seg etter; men noskulde kvar ein, som hadde eit aldri so lite Rom til ein Kubbe, vera reint ut pakkad til aa faa seg fat i Bier; for den som vil leggja seg aldri so lite i Bløyt for aa læra, koss ein skal bera seg aat, kann no tena mang ei Krune med fælt lite Utlegg.

 

Ja det løner seg aa ha Bier no, og Kostnaden er liten og Brydet mindre, so Landet tapar Aar um anna mange, mange Pengar, for det at Folk ikkje fær Augo upp og fær sjaa, kva desse trælsame Smaadyri kann faa fram. Me fører inn Honing og vaks fraa Utlandet.

 

I fjor t. D. fekk me væl 30,000 Kilo Honing og paalag 5000 Kilo Vaks derifraa. Er det nokor Meining paa slikt Stell? Me skulde føra ut  10 Gonger so mykje og endaa eta Honing i staden for Sirup paa Braudet vaart.

 

Nei me lyt aksla paa oss litt no, og grava dei usaltad Tankarne hans Farfar ut or Hausen vaar. Me lyt fylgja med Jamnkamparanne vaare i andre Land. Sjaa her er eit Døme, som ein kann graata av:

 

Anten du trur meg elder ikkje, so selte ein Amerikanar, heiter Hetherington, Honing for 85 Tusen Kronur paa eit Aar. Og i heile Noregs Land avlast det ikkje stort meir. Er ikkje det for galet? For det er ikkje berre Fjelli vaare, som meinkar oss; det er og den norske Latskapen i Umtanke, Framferd og Vaaging.- Me klagar yver høge Skattar og tronge Tider; kormangein Mann var det væl ikkje, som kunne la Bierne sine svara baade Skattar og Utgifter for seg? og mangei Kone kunne ha Hønur, som varp til baade Kaffi og Sukker aat Heimen Aaret rundt. -

 

Ein fær høyra mykje Tull, naar ein vil ama paa Latskapen litt. Ein svarad meg so, daa eg spurde han, kvifor han ikkje hadde Bier: ”Aa nei, dei Ugagnsnauti skal eg nok agta meg for lell; for dei syg daa baade Saft og Merg av baade Aaker óg Eng for Folk”. So sa han, og so er det plent bakvendt. Bierne gagnar Aaker og Eng, ja det finst Vokstrar, som Bia beintfram lyt fostra upp! -

 

Men dette Vrangsynet er det fyrste me lyt ha burt, og difor lyt det koma fram nokre Vegabrøytarar  i dei ymse Bygdelag; og dei som er høvelegaste til dei er daa fyrst og fremst Skulemeistaranne. Dei Kararne hev likefram Andsvar paa seg i so Maate, og dei kann sjølve ha godt av aa pusla med desse Smaadyri au; for noko Tungarbeid i Fritidi si kjem dei so ikkje i Veg med likevæl.

 

Men med Bia kann dei gjera stort Gagn; baade ved aa syna Folk, at det løner seg aa ha ho, og ved allslags Rettleiding forresten; og eit Biesting hev dei Kararne godt av for Gigti si og Hovudverken sin, og Honingen er ei god Raad mot Krim og mange andre Sjukdomar, som slike innestengde Folk er so plagad av.

 

Men det er ikkje berre Læraranne eg bed um aa faa seg fat i Bier, eg manar upp alle som hev Hug til aa gagna sitt Land, at dei maa leggja seg denne gilde Saki paa Hjarta!

 

Det er ei liti Landssak. –

 

- Og det fyrste dei daa bør gjera, er aa kaupa Ivar S. Yongs Biebok; ho kostar 0.75 og er framifraa greid aa skyna. Han Yong er ingen turrhovdad Teoretikar; men ein Kar, som kann handsama Bia, og i den Boki fær du Greide paa mest alt det du treng.

 

Det er grove Tingen so mykje han hev fenget med i den vesle Boki; heilt inntil ei Hugsaliste for kvar Maane i Aaret. Og so kjem det ut eit Blad heiter Tidsskrift for Biskjøtsel;

 

tingar du det, det kostar 2 Kr., so vert du Medlem av Bieforeiningen attpaa.

 

- Lat meg no sjaa, du fær deg Tak i ein Kubbe med det fyrste; eg vaagar paa at du det fyrste Aaret tener til baade Bie-boki og Bie-blad, og kanskje til Bladpengar aat Fedraheimen  au, so daa slær du 3 Flugur i ein Smekk.

 

 

Ola  Fet.

 

 


Frå Fedraheimen 04.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum