Folkevekkjing.

 

Eg set _ _Voner til, at her skal koma ein stor og grunnbrjotande Kristendomsstrid i Landet. Folket ligg so nedkvævt og so aandeleg innsovnat, at det treng ei Vekkjing, som kann skaka det upp fraa Grunnen. Det ligg liksom Israels Ætt og knebøygjer seg for Gryte-Molochen og Penge-Solguden, so det treng ein ”Straffedom” av dei store, fyrr det finn att sin rette Gud. Pest vil me ikkje ynskja, for me hev Sjukdom nok; Krig var væl og for hard for oss livrædde Nordmenn. Men ein Aandsstrid, som gjekk so djupt, at han paa Vis som eit Jordskjelv kunde jaga dei sovande upp or Svevnen og skræma dei Likesæle rædde og faa kvar og Ein til aa sjaa seg ikring og spyrja etter fast  Grunn, - ein slik Strid vilde kannhenda vera det me turvte _ _ _ _ _ _eg meiner, at her ikkje kann koma korkje ei stor Kristentid elder noko anna stort, utan det fyrst kjem ei aalvorleg Folkevekkjing, og kven veit, um ikkje just denne ”store Vantrustraumen” hev ein slik Gjerning aa gjera i vaart Folk?”

 

 

Arne  Garborg  i 1878.

 

 


Frå Fedraheimen 04.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum