Ludvig Lindemann.

 

Du var ein Stormann ”heil og sæl”,

du var ein Diktar, du,

du var ei ærleg Kunstnersjæl

med Kjærleik og med Tru.

Du hugheil gjekk i Berget inn,

og derfraa Kongens Dotter fin

du førde med deg ut.

  

Alt det, som budde i vaart Land,

som gøymd fraa Ætt til Ætt,

av Lengsel djup, av Kjærleik sann

paa Songens Vengje lett,

det  fram fraa gøymde Krok du bar,

me saag med Undring, at det var

so fagert og so stort.

 

Det  la’ du inn i Salmesong,

det leet so huldrerikt,

og sorgfullt Hjarte mang ein Gong

ei Lindring fekk ved slikt.

Du voggad deg i Takten du,

men Salmetonen bygde Bru

for Sjæli upp til Gud.

 

Daa ut du spilad det, du fekk

rundt um i kvar ein Krok,

den Tona inn aat Hjartat gjekk

og heile Hugen tok. Det Ange bar fraa Fjell og Lid,

for det var Noregs Melodi,

som deran strøymde ut.

 

Det var som Vaarvind yver Eng,

det var som Bekkjesus,

det var som Solskin, daa det gjeng

ut yver Bygd og Hus.

Kvar Lengsel djup i Folke-barm,

Kvar Tanke høg og stor og varm

i Salmesongen laag.

 

- So vil me takka deg tilslutt

for alt, som fram du bar,

du var ein staut, ein fager Gut,

du var ein ovgild Kar.

Og Namnet ditt det liva vil,

so lenge Salmesong og Spil

igjenom Kyrkja lyd’.

 

 

Martin  Torgerstuen.

 

 


Frå Fedraheimen 04.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum