Mjølkelaus.

 

(Ola Fet).

 

Bror min og eg laag burti Engi aat Skulemeistaren og leikad Krambud; det var so mykje Pengegras der det Aaret.

 

Som me heldt paa og kaupa og selja paa det hardaste, kom sjølve Skulemeistaren.

 

Lang og framlut gjekk han og slang med Armarne att og fram; me kastad oss ned i Grasleiga vaar og laag so flate som ein gamall Tvoskiling og so dyrgande stille, at me mest ikkje torde draga Pusten.

 

Han gjekk framum og saag oss ikkje; det var godt, for hadde han set, korleis me foor aat med Graset hans, so hadde me nok fenget Kjør og kanskje komet til aa faa setet att, naar me kom paa Skulen au; men han hadde ikkje set oss, og glade var me; men reint fulltrygge var me no ikkje, og so labbad me heimatt.

 

Paa Tunet møtte me ho Mor; ho hadde voret i Fjoset og mjølkat; men ho saag so mørk og rar ut; det var nok ikkje stor Skvetten, ho hadde fenget av ho ”Fageros” i kveld; nokon Silesup vart det no slett ikkje. Me stabbad etter ho inn og tok til aa sutra etter Kveldsmat. Ho auste upp Villing og bar fram; fann so til Vesleskeidurne vaare og bad oss eta; men ho var so syrggjeven og logn og rar, at eg var reint fælen; det maatte vera noko vondt i Vegom.

 

Du hev gløymt aa setja fram Mjølkekoppen Mor”; sa Bror min. Daa tok ho til Graaten, gjekk so ut etter ei Kanne med heimebryggad Øl i og sette paa Bordet; so seig ho ned paa Sengebrauti og gret, gret so ho hikstad; me tok au til aa tuta og gøymde Hovudet i Stakke-fallarne hennar. So kom han Far inn mokutt, sveitt og arbeidssliten; han stanad med Handi paa Døraklinka og stirad paa oss; so fekk han sjaa meg med Skeidi i Handi, so saag han paa Bordet - Ølkanna. – ”Hev ho letet av no?” – ”Ja, eg fekk snaudt nok til Kaffifløyte til imorgo-tidleg”, hikstad ho Mor fram. Ho saag paa han og liksom la Skuldi paa han, so turkad ho Taararne burt med Handbaken og knytte paa seg Hovudturklædet att. Han Far reiv seg i Luggen og grein aat Ølkanna; men so kastad han Hatten av seg og sette seg burtaat Bordet og aat. Han spradde Ølet utyver Vatsvillingi og aat, stirad ende ned i Fatet og aat; aat til det ikkje var ei Saa att; so sleikad han av Skeidi, turkad Skjegget sitt og sa: ”Jøssu Namn!” So tok han seg ei Pipe og saag fælt so fornøgd ut.

 

Daa skammad me oss me au, og drog oss burtaat Bordet og tok til aa eta. Det sure Ølet lagad seg ein Ile for seg sjølv i Villingi og beisk var han; men no kom Mathugen, og fyrr me visste Ordet av det hadde me etet oss mette, regtig piggande mette, so mette, at me rapad. Det fekk me Skrubb for av ho Mor, men paa ein so godsleg Maate, at me log av det, me log so me gløymde aa kneppe Henderne ihop og segja ”Jøsu Namn”; men me flaug istaden ut i Gangsvali og tuktad Katten til aa hoppa ”Maksis”.

 

Ved Morgosmjølkingi fekk ho Mor aldri Dropen av ho ”Fageros”, og daa fekk me berre svart Kaffi. Han var stram den svarte Kaffi’n; men so fekk me Sokker i, og daa laut me det skura.

 

Me hadde voret mjølkelause paa den andre Vika, daa Skulemeistaren ein Dag kom slengjande med eit Spann i Handi.

 

Nei no skal du faa gaa tomhendt heimatt lell Skulemeistar”, tenkte eg (han var van med aa faa nokre Mjølkedropar av oss han; men Kui hans stod burte). Eg reint gledde meg i det, at han ingen Ting skulde faa, for han unnte eg alt det vonde som til var.

 

Men eg vart vel skamfull, daa han varlegt sett Spannet sitt ned paa Kjeraldbenken og sa: ”Eg hev høyrt at De skulde vera mjølkelause her i Garden; eg hev fenget so mange Gonger av Dykk eg, no skal De faa ein Skvett av meg, dersom De ikkje avslær so lite daa”.

Eg vart so glad i den strenge faamelte Skulemeistaren, at eg flaug like lukt i Fanget hans, og so lovad eg meg sjølv, et eg aldri meir skulde klængja ned Graset hans; og aldri so mykje som aa stela eit Bringeber gjennom Hagegarden hans eingong.

 

Tridje Vika bar ho ”Fageros”. Det vart um Natti; um Morgonen, daa ho Mor kom i Fjoset, stod det ein langbeint raud og kvit Kalv og saug ho; og ho stod og sleikad han rein, so det skein av han. Daa fekk me Raamjølk, og av Raamjølki lagad ho Mor Dravle, og um nokre Dagar fekk me Silesup so feit og so varm, at det rauk av han.

 

 


Frå Fedraheimen 04.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum