Samhald i Regjeringi.

 

Johan Sverdrup hev talat so mykje um, at det som me trengde her i Landet, det var Samverking millom Statsmagterne.

 

Daa var det tvo serskilde Statsmagter, som stod samstelt imot einannan, Regjeringi hadde ein Politikk og Stortinget ein annan. No daa dei rette Høve til ei slik Samverking er komne, er Ulukka den, at denne Samstellingi er broti, det er ikkje den Stødleik og Kraft anten i Storting elder Regjering. Kva hjelp det so, um Høgrepartiet er nedsleget og me hev Vegen open til aa naa noko fram, naar me ikkje hev Kraft til aa nytta Sigeren? Naar det berre er Tvidrag, og Serlag lagar seg millom baae Statsmagterne. No um Skilsmaali i Stortinget kann ein væl hava si Meining, men kor som er, kann ein ikkje lasta, at det kjem upp nye Parti der, for Stortinget skulde vera som eit Uttrykk for dei skiftande Straumdrag i heile Folket, men det som verre er, det er dette, at det i sjølve Regjeringi er so mange Meiningar, at ein aldri so liten Flokk i Tinget torer segja, at det er han, som hev Regjeringi med seg, det er han, som medverkar i det store Arbeid millom Statsmagterne og han dømer difor hugheilt alle andre som ”Splittarar”. 

 

Med Tvidraget i Tinget er det ikkje godt aa gjera noko, naar det er framkomet som utslag for Folkemeiningar, men det er annleis, naar det kjem upp ved Innverking og Tilknytning ifraa Regjeringsmedlemer. Og slike Tvidrag er det berre ei raad imot og det ei Raad, som godt let seg utføra. Det er aa skapa betre Samarbeid i sjølve Regjeringi.

 

Daa Johan Sverdrup fekk i Uppdrag aa dana eit Ministerium i 1884, galt det berre um aa faa samla Menner fraa det vinnande Partiet, som var viljuge til aa taka paa seg Statsraadsandsvar og til aa freista Samarbeide med Ministerpræsidenten og Stortinget, og som Kongen ikkje mislikad for mykje; og det var ikkje greidt Arbeid. Han strævad lenge Sverdrup, fyrr hann fekk Talet fullt.

 

Me tykkjer alltid det, at han straks ikkje skulde teket andre Umsyn enn aa faa slike, som han sjølv og Stortinget likad, han turvte ikkje ha brytt seg det Slag um Kongemagti, for ho var so veik den Tidi, at ho hadde lotet godkjent alt som me hadde bodet henne, elder so hadde ho sagt seg ifraa all Styring i Landet, og det hadde voret det beste av alt.

 

Men fordi um Sverdrup ikkje ”magtad Situasjonen” heiltupp den Gongen, so var det ikkje Meiningi, at han skulde gjeva tapt med det, men freista aa vinna fram paa Lengdi til aa faa eit Ministerium, som han lettvint kunne bruka. Han naadde eit Stig fram, den Tid han fekk ut Daae, men endaa er det att ymse Krefter i Regjeringi, som tener meir til aa døyva og stogga ei kraftfull Styring enn til aa gjeva henne Styrke og Tillit. Den som mest openberleg hev synt Serpolitikken sin paa det siste er daa Statsraad Sørensen, difor er han den fyrste, som bør fylgja etter Daae. Og det ikkje berre for Jurisaki, ogso andre Stader hev han synt, at han er altfor veik og huglaus og ”blufærdig” Kar til aa kunna styra med Kraft. Soleis er det mange, som hadde betre Tru baade til Aalvoret og Evni hjaa Aprilministaren Aubert til aa gjera Ende paa det forargande Prostitusjonsstellet, som Sørensen berre let att Augo for og er anten for duglaus elder for bljug til aa røra ved.

 

So litt um Senn kunne ein reinska ut den eine etter den andre, som tykkjest aa vera meir til Skade og Strid og Tvidrag enn til Studnad og Samhald for Ministeriet. Det vert fortalt so ymist um sume andre ogso, som me likevæl fær vona i det lengste ikkje er sant, endaa me ikkje hev set det motsagt til dessa. Morgenbl. og Verdens Gangiallfall hev nemnt, at Stang skulde ha gjenget upp til Aprilministeriet, som han søkte eit Embætte hjaa, og forsikrat, at han var god Høgremann, so dei turvte ikkje hava nokon Otte for han i Politikken, og so var det eingong han vilde skriva under paa Protesten mot Riksrettsdomen, og det gav han ikkje upp, fyrr ein annan Assessor fekk greidt ut for han og lagt honom paa Hjartat, at han som var Domar ikkje burde fara med Politikk paa ein slik Maate.

 

For kvar ein Vinglar elder Fredsøydar, som gjekk, kunne me so faa inn ein god og stød Mann, som det var Mun i. Ein Mann som Steen t. D. vilde gjeva heile Ministeriet Studning.

 

I Staden for aa øyda burt Tidi med Smaakjegl, skulde helder Vinstre samla seg i einig Arbeid um aa gjera Sverdrups Ministerium so sterkt og einig, som det kunne verta, naar Landsens beste Krefter var nyttad der. Her kann alle vera med, anten ein vert kallad ”Europæar” elder ”Oftedøl”, her det berre gjeldst um aa stydja Sverdrups Ministerium.

 

 


Frå Fedraheimen 04.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum