Ymist.

 

 

Minnestytta yver Jørgen Moe  vart vigd fyrste Dag Pins paa Kyrkejgarden i Vestre Aker.

 

 

Frankrike. 17de mai gjekk Rikdraadet Goblet av. Det hev stadet sidan Desember 86. Fyrst 14 Dagar etter hadde dei fenget eit nytt, so ugreidt er det der nede no. Den nye Fyrstestatsraaden heiter Rouvier og skal vera ein dugande Kar serleg i Pengevegen. Det er ellest lite Von um, at Riksraadet hans vert eldre enn Goblet sitt.

 

I 1889 skal det haldast ei stor og gild Utstelling i Paris, til Minne um den store Umstøytten, som byrjad daa, Hundrad Aar sidan. Det er sendt Innbjoding til dei ymse Land um aa vera med. Dei store Magter vil ikkje. Dei ligg enno so under for Kongar og Prestar, at dei ser paa Umstøyten som noko reint fælt og augnar ikkje, at utan den hadde ikkje Verdi voret solangt framme som ho no er. Det er berre eit og anna lite Land, som vert med, vonleg Noreg og.

Samstundes skal det reisast ei Stytte for Fridomsmannen, Grev Mirabeau.

  

 

Opera  Comique, eit stort Spilhus i Paris brann upp i fyrre Vika. Ei Mengd Menneskjur gjekk til. Millom desse var det ei norsk Dame, Frk. Schelderup fraa Bergen.

 

I Hamburg  brann det gryssjelegt 4de Pinsedag. Ein heil Bylut gjekk med, og Skaden er sett til fleire Millionar.

 

 


Frå Fedraheimen 04.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum