[Kristiania, den 10de Juni.] Fraa Tinget.

 

Odelstinget hev no gjort fraa seg Juryloven. Tysdag Kvelden Kl. 11 vart han endeleg vedteken og send til Lagtinget. Høgre røystad sjølvsagt mot.

 

I 30 Møte hev dei haldet paa med desse 495 §arne, so det var paa Tide dei vart ferduge eingong, endaa ein maa undrast yver at ikkje Høgre drog Ordskiftet lenger ut. Hadde det voret lenger framme i Tingtidi, hadde det nok turvt mykje lenger Tid. Men no kjem Sumaren og daa er det uppslitande aa sitja i Tinget og.

 

Det, Høgre hadde mest aa klandra ved Juryframlegget, var, at dei serlege prestelege Retterne vart burttekne, og Kjærmaalsutvalet. Um baae desse Spursmaal vart det ordskiftat baade lenge og væl. Og at Høgre i Tinget hadde Studnad fraa Høgre utanfyre syner seg væl – serleg med det fyrste Spursmaalet – i det at alle Høgreblad hev sagt det same. Soleis hadde Luthersk Ugeskrift  hans Heuch her ein Dagen eit Stykkje um dei prestelege Retter. Det vart fortalt der, at Høgre verjad Kyrkja og Kristendom, medan Vinstre reiv ned alt dei orkad. Statskyrkja og Kristendom er paalag det same for Heuch, maavita.

 

Advokat Stang, Føraren aat Høgre, hev voret Førar for dei mot Juryen og. Han er ein dugande Mann; men det Inntrykket vilde ein ikkje faa av han i denne Striden. Han hev voret uppe og talat baade seint og tidlegt, men Fyredragi hans hev oftast voret lange og keidsame. Det hev voret Sakførarinnlegg sankad saman fraa Løvbøker utan aa hava det minste Sveip av Liv yver seg. Og det er nettupp det store ved Juryen, at han vil gjera Livet meir gjeldande i Retsstellet vaart. Stang og Qvam er dei tvo Kararne, som hev talat mest i denne Saki. Ein merkar paa denne, at endaa han er Jurist, so er det noko større enn Jurist med han.

  

Statsministar Sverdrup hev og voret mykje med i dette Ordskiftet. Naar han hev talat, hev flestalle Tingmenn flokkat seg um han for aa faa høyra kvart Ordet. Han er no beste Talaren enno han, kva Innhaldet vedkjem: Du tarv aldri ræddast for, at han skal taka opp att og opp att, det han segjer. Det gjeng som ein Straum fraa Munnen hans, og det eine Ordet kjem friskare enn det andre.

 

I dei siste Møte vart det ordskiftat um, naar Loven skulde setjast i Verk. Det kom fram eitpar Forslag (fraa Daae og Bugge) men Endalykti vart, at Komiteinnstellingi vart vedteki i dette Stykkjet og. (Det vert altso fraa Nyaar 1890).

 

Likeins vart det ordskiftat, um Loven skulde innfatta Trums og Finnmarki. Bugge fyreslog, at baae desse Amt skulde verta undantekne, medan Riksraad Sørensen heldt paa Regjeringsframlegget (at Finnmarki skulde undantakast). Ved Avrøystingi vart fyrst Framlegget hans Bugge kastat mot 26 R. 2 Høgremenn, L. Holm og Didrichson røystad for.

 

Deretter vart Regjeringsframlegget kastat mot 32 Røyster (Høgre + Rinde, Blekastad, Løvland og Jakobsen) og endeleg vart Framlegget fraa Justitskomiteen, at heile Landet skulde vera med, vedteket samrøystes.

 

Sidan hev Stortinget havt Møte um Utlegg til Heren o. s. b.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum