Den nye Politikken.

 

No renn ei nye Tid:

Fraa niand’ Juni-Skikken

Det ber aat Kompromi

Med heile Politikken.

Forlik paa halve Veg

Det er so vida spurt,

Der alle beinkar seg,

Det gjeng som det var smurt.

 

Ver ikkje heilt deg sjav!”

Skal dette Ropet vera?

Ver snilde Gut, slaa av, Det er den nye Læra. Far utum! Bøygen sa’,

Heis ikkje Flaket reint,

Det ikkje leng’ vert bra

aa ganga Vegen beint.

 

Fyrr Hespelen var greid.

Skal me no gjera Flokar? –

Skal fraa den strake Leid

Me no til gjera Krokar?

Dytt ned, gøym burt! D’er greidt

No blid du vera maa,

Og yver det, me veit

Me Karar visne Straa”.

 

Den Kar, som er for haag,

Han no seg ned lyt bøygja

Og den, som er for laag

Lyt seg i Veret tøygja.

Det gjeld aa skifta Lit

Der Samlit ein hev paa.

No gjeld ’kje svart eld’ kvit,

Nei no gjeld dette graa.

 

 

O. S.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum