Fiendar av Upplysning.

  

Dei fleste Høgremenner plar vera Fiendar av Upplysningi. Dei likar ikkje Skular, som lærer Ungdomen aa tenkja sjølve. Dei held det for meir enn ”Sjavvilsverk”, dei hev det for det, at det heiltupp er til Skade for Borni aa koma ut og læra kjenna nye Tankar, dei kallar det for ”Forkvakling”. Dei er so sjølvrettferdige og godmætelege, at dei ikkje unner nokon aa koma utum dei vanlege Tankeringarne, som Hugen hev leikat i fraa Ævords Tider, dei vaagar dei ikkje ut paa Haalisen lenger enn dei sjølve hev voret. Det er sagt ofte, at det er Skulemeistaranne vaare me hev mest aa takka for den politiske Upplysning og det Frisinn, som hev voret i Norig i dei siste Tider, det er Skulemeistaranne, som hev voret gildast til aa ganga i Fyrespissen for alt nytt og gagnlegt, anten det so var aa reisa upp att det gamle nedkjøvde Maalet elder det var aa gjera Folk kjendt med eit friare og friskare Aandsliv. Og dei Skulemeistaranne, som hev gjort mest i den Vegen, det er kanskje Høgskulelæraranne, so at Høgre jamvæl segjer, at det er dei, som hev all Skuldi for Vinstrepolitikken. For dei hev sluppet vidare ut, dei hev ikkje voret bundne til alle gamle reglar og Merkje for kva som skulde lærast Ungdomen; dei hev lært fraa seg det, som dei hadde mest Hugnad i sjølve, dei hev hjelpt Folk til aa rettleida seg i vaar eigi Tid meir enn i gamle Skrifter. 

 

Paa det kjenner ein dei sanne Høgremenner, at dei er imot desse frie Skularne.

 

Skilnaden millom Høgre og Vinstre er ikkje berre politisk, han rekk langt til alle Kantar i Aandslivet vaart; no naar me hev gjort fraa oss paa ei Vis dei gamle Flokarne visar dette seg greidt. Vinstre, det er dei, som vil arbeida for full Sjølvstyring for heile Folket og for fri Utvikling av Aandsliv hjaa kvar einskild. Høgre det er dei, som vil hava eit Velde yver Folket, anten det heiter Mindretalsstyre elder Fleirtalsstyre elder personlegt Regimente, det kjem ut paa eit, og framfor alt vil dei hava Gjætsle paa Ungdomen.

 

Det hev teket til aa syna seg no sume Stader, at dei som kallad seg for Vinstremenner, i Røyndi ikkje er det, naar det gjeld aalvorlege Spursmaal.

 

Faae Stader hev denne lause Hampolitiken synt seg soleis som i Telemarki.

 

Menner, som hadde Ord for aa vera heilt ut frilynde, jamvæl stortalande Politikussar, hev me set hev so lite Syn for verkeleg Frisinn, for verkeleg fullfri Utvikling, at dei gjev seg i Lag med sjøvle Høgre um aa stengja att dei faae Gluggar, som Telemarki hev imot Utheimen. Me tenkjer paa slike som H. Tveiten fraa Bø og O. Sandland fraa Laardal, som i fjor paa Amtstinget baade røyste og talad imot, at det skulde gjevast Pengar lenger til Høgskulen i Seljor. Og Telnes var helder ikkje reint blid.

 

I fjor var det 8, som røystad imot dei 600 Kr. som Amtet let til aat Skulen, og 17 var for. No iaar driv Høgrebladi hardt paa og vonest faa 5 andre med seg til aa hjelpa dei 8 Ordførarar fraa ifjor aa segja nei, so det kunne verta Fleirtal for at alt vart negtat.

 

Høgrebladi er no storglade for eit Vedtak, som vart gjort i Lunde Heradstyre, der det var 13 av Medlemerne, som var imot at Skulen skulde faa Amtshjelp, berre 2 for, og 2 vilde ingi Meining hava.

  

Det som er sagt imot Skulen er iser desse fire Ting: 1) det gjeng for mange langfarande Folk og etter Maaten for faae innanbygdes Folk paa Skulen, 2) Skulen talar for mykje um ”Idealet”, som Ungdomen ikkje forstend seg noko paa, 3) Ullmann er for radikal, 4) Skulen er unasjonal.

 

1. Naar Amtet legg til 600 Kr. so gjev Staten og 1800 Kr. elder tri Gonger so mykje som Amtet. So at sjølv um det var triGonger so mange Elevar ifraa utanum Amtet enn som var heimeleides der, sjølv daa vilde ikkje Forholdet vera ulikelegt. Men so mange hev det væl aldri voret ifraa andre Landsluter? Og skulde det ikkje nettupp vitna godt um Skulen, at Folk langvegjes ifraa kostad paa seg lange Reisur for aa koma dit. Skulde ikkje Telerne vera kaute av det helder enn aa anka paa det? Vil dei daa heiltupp stengja Bygderne sine for andre enn dei, som er av Teleætt? Er dei rædde for Maalet sitt kanskje, at nokon skal koma og stela det?

 

2. Er det nokon Høgskule, der det vert talat lite um ”Idealet”, so er det Ullmanns, der vert talat meir um praktiske Emne og um slike Ting, som rettleider ein i Samfundslivet til alle Sidur. Eg tenkjer Telerne helder tykkjer det vert talat forlite um ”Ideal” og slike Ting, for elles vilde dei vera mykje hissugare etter aa koma paa Landbrukskulen, som dei treng so hardt.

  

3. Ullmann hev ikkje i alle Maatar same Meiningar som Ordføraranne i Telefylkjet. Ein Mann, som ikkje samfell med dei sjølve, tykkjer daa alle Aandstyrannar ikkje er høveleg til Lærar. Men den, som tenkjer viseleg, finn det rimelegt, at Folk hev ymse Meiningar, og han finn det gagnlegt, at Unglyden kann faa høyra anna enn det som vert preikat heime.

 

Men um no Ullmann hadde Meiningar, som ein heldt for reint vrange, var det daa raadelegt for ein Far aa gjeva honom Høve til aa vera Lærar i Fylkjet?

 

I det Tilfelle, at Ullmann var ein slik ein, som skulad upp Elevarne sine so, at dei gløymde alt anna, gjekk upp i Læraren og vart smaae ”Ullmenner” alle saman – i det Tilfellet var det rimelegt, um Fedrarne ikkje likad Skulen fullgodt. Men av dei Elevarne hans Ullmann som me kjenner, er det faae, som hev teket hans Meiningar i alle Ting, eitkvart finn alltid kvar ein, som han kann ikkje anna enn samstavast med han i, men i det heile lærer dei seg like so mykje til aa verta ueinige som einige med han. Og naar so er, daa er Skulen nett som han skal vera, slik som alle maa lika det; Skulen utviklar Folk, lærer dei aa tenkja og faa sine eigne Meiningar; det er ein fri Skule, som ikkje kjøver nokon under einskild Mans Aandsvelde. Dei kann gaa paa den Skulen med like stor Nytte, anten dei er Høgre elder Vinstre i Politikken, anten dei er med elder mot Ullmann i sitt religiøse Syn. Det er berre det svarte Bakstræv, som hev noko mot ein slik Skule.

 

4. Skulen er unasjonal. Dette vil Folk berre lægja aat, som kjenner Skulen og som veit, at paa faae Stader her i Landet vert det talat so varmt for Norskdomen elder Undervisningi drivi so mykje paa Landsens rette Maal.

 

So er det nokre andre Grunnar, som helst tykkjest slaa i hel seg sjølve, det vert nemleg naar Ullmann er heime stundom klagat paa, at det er Ullmann som driv Skulen, og naar han er burte, at det ikkje er Ullmann, som driv Skulen. So at koss han snur seg, vert det like galet.

  

Endaa eit: Ullmann er for hard og streng og myndug. Likesom ikkje dette fylgjer med alle slike, som det er noko Dug og Kraft i, og likesom den Grunnen ikkje er ihelslegen berre ved det, at alle Elevarne vert so glade i han.

 

Men so er det endaa eit igjen, som er det verste, fordi det ikkje bit Grunnar paa det: mange er furtne paa Mannen– han brukar nemleg aa tala beint ut til alle og smeikjer ikkje for nokon.

  

Det er det einaste, som kann fella Skulen.

 

Og um so hender, so gjev sanneleg Telerne seg sjølve eit vænt ”Adelsbrev” og.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum