Fraa Rollag, Numedal.

 

So hev me daa havt 17de Mai att. Der gjeng som ein kveikjande Eld yver Landet den Dagen. I Bygd og By, i Dal og ved Fjord minnast dei med Hugnad, Kjærleik og Takk Fridomsdagen. Her i Rollag var det au Fest. Det var Skjotarlaget, som fekk han istand.

  

For Skjotarsaki er her ofrat mykje her i Bygdi. Soleis hev dei au kostat seg upp Skjotarhus. Flestalle av Unggutarne er med i laget, og mange er framifraa flinke aa skjota. I det heile er det væl ikkje so mange Saker, som hev fenget so aalmen Studning heile Landet utyver som Skjotarsaki. Det er ikkje smaa Utlegg mange her hev gjort. Men det er ein Ting, som er leid og keidsam, og som maa harma alle dei, som vil Saki væl og ynskjer henne Framgang. Og det er, at det ved Skjotarfestarne ofta gjeng so ufyslegt til med Turing og Drikking. Fraa mange Kantar av Landet hev det voret klagat yver det. Det er væl endaa ikkje fritt, anna mange hev harmat seg slik paa Ulivnaden, at dei hev vendt Saki Ryggen og. Kunde der i so maate verta eit Umskifte, vilde mykje vera vunnet. Avhaldssaki er sterkt uppe i vaar Tid. Ho er kjend i alle Bygder, - meir elder mindre daa. Enn um ei slik Sak kunne finna Livd i Skjotarlagi? Det vilde høva fælande godt! Ikkje so, at dei, som vil vera med i eit Skjotarlag, plent skulde vera Avhaldsmenner. Nei, dei kann visa Samhug med Avhaldstanken lell. Soleis ved t. D. aa gjera Vedtak um, at rusande Drykk ikkje skal brukast ved Skjotarfester elder under Skjotingi.

 

I so Maate hadde Laget her i Rollag iaar teket eit munarlegt Framstig. Ved Nyaar vart det i Aarsmøtet avgjort, at der iaar ikkje skulde brukast Puns elder annan rusande Drykk ved Festerne. 17de Maifesten var no den fyrste dei hadde havt etter det Vedtaket var gjort. Men eg saag ikkje anna, Ungdomen hadde like mykje Moro, um Rusdrykkjen var vekke. Ja, den aalmenne Meining var visst den, at so gild og heilt igjenom hyggjeleg Fest hadde dei ikkje havt fyrr. Det gjer so godt aa vera tilstades i eit Ungdomslag, ”naar kvart eit Andlit er blidt og mildt, og kvart eit Ord er Gaman”. Eg tvilar ikkje paa dei her vil halda fram, som dei no hev byrjat. Paa den Visi vilde det væl ogso vera best aa faa vekk den stygge Uskikken aa bera Lummeflaskur – ein Uskikk, som endaa skjemmer mange av vaare Fjellbygder. I det heile tykkjer eg det, anten ein er Avhaldsmann elder ikkje, so framt han er i ei Stilling slik, at han kann verka noko paa Ungdomen, so bør han gjera alt det han kann for aa visa dei unge, at dei kann hava Moro og Gaman, um ikkje dei ”bredfyldte Glas” fylgjer med.

 

Der vart haldet Taler for Dagen, Fedralandet, Skjotarsaki o. s. b.

 

Amtsskulelærar Vamraak talad for ”Maalet hennar Mor”, og uppmanad Folk til aa vera med aa reisa Stytta yver den gjævaste Landsmaalsdiktaren, me hev havt. Der kom inn Kr. 4.10.

 

Eg sluttar dette med aa senda ei Uppmaning til Skjotarlagi umkring, at dei maa sjaa faa i stand sovorne Vedtak som Skjotarlaget i Rollag hev gjort. Det maa ikkje med nokon Grunn kunne segjast det, at Skjotarsaki hev tent til aa skjemma ut vaart Lands Ungdom.

 

A.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum