Fraa upp i Dalom.

 

Det var Aksjon paa Sagbakken. Ein heil Braade gamalt Kraambudskrap skulde seljast, og Tunet var fullt av Folk, som stod og glodde uppi Trevet, der Sakerne vart hivde upp. Det gjekk med Skratt og Skraal og Leik nett som paa ein Aksjon; sume gneldrad og baud mest paa kvar Ting, men andre stod med Henderne paa Ryggen og ansad berre paa, kor Handelen gjekk, sa so eit og anna løgje ein Gong imellom, so Flokken lo vidt ikring. Um ein ikkje hev endefram Ærend, so er det likevæl rart aa møta fram soleis; eitkvart fær ein sjaa, og eitkvart fær ein høyra.

 

Men midt inne i Hopen stod ei Kone med eit stort, langt, gøyvutt Trehympe under Armen. – Det var ein eldgamall Langleik, som skulde vendast i Pengar, og no tenkte ho, det var best aa passa paa og faa han med dei andre ”Antikvitetom”. Jau det flaskar seg godt: ein Utbygding kom og baud ei Krune for Spelet. Men nei; Kona var stiv og vilde hava Halvdalaren full. – ”So lat oss kluva daa for Fa’n, endaa det er berre ein gamall sundsprukken, marketen Treklamp!”

 

Soleis endlyktast siste Langleiken i Bygdi.

 

Han var liksom eit Minne fraa ein utlivd Tidabolk, som ein Gufs fraa den gamle Bondepoesi var den gamle Stokken; og daa Framandkaren eit Par Dagar seinare traskad avstad med honom under Skreppeloket, var det, som han drog ut av Bygdi med eit gamalt, utslitet Aarhundrad paa Ryggen.

 

- Siste Langleikspilaren var ei Kjering fraa burtpaa Bakken, som døydde for nokre Aar sidan hardla uppi dei fem Tjuge. ”Leiken” hadde ho vonlegt ervt etter Mori, som var endaa glupare til aa spila. Huldreslaattar, Folketonar og gamle Lundar var ho dugelegt heime i, og mange hadde ho jamvæl lært av sjølve Haugafolket. Soleis var det ein Vaar, daa ho gjætte uppved Holsteinhaugen. Det var brukelegt, at Gjætargjenturne hadde Haandrokk med seg i Marki den Tidi, og so sat Anne uppaa Saltarsletti og spann Stru. Jau, best det var, tok det paa aa laata inne i Haugen bak Bekken, og Dansen gjekk so det berre dundrad. Gjenta lydde lenge, og daa ho kom heimatt, spilad ho Leiken paa Langspelet. Og det, skal eg tru, var Slaatt, som sa seks; det viste nok Edvard Storm, daa han brukte han aat den væne Songen sin um ”Huldre aa ’an Ellan”.

 

Og det var nok fleir held ho Anne, som var uti sovoret, for dei var ikkje so rædde aa halda Stampelag med dei underbuande i gamle Dagar. Budegjur og Gjætarar, som stullad eismale paa Fjellet, var no baade titt og jamt i lag med dei, og likso Gutarne, naar dei tidlegt um Vintermorgonen lenge fyrr det grydde køyrde til skogs etter Beit held uppi Høi etter Moselass, so kunne dei nok høyra, det puslad og knitlad og log og song uppi Lidi.

  

Men no er dette Folkeferdet stokstein burte. Svartedauden hev visst haldet ”Fjælster” nede hjaa dei. Det var no ei leid Uheppe, for det laut vera eit grepa poetisk Tyeskap det Haugafolekt, som kunne laga so mange gilde Slaattar.

  

Det var ikkje rart, at sume av dei byrge Gamalkultarne vaare reknad Skyldskap med dei.

 

- For dei gamle var Langleik, Song og Segn og det som høvde attaat likevæl noko stort – reint ei Upphyvja. Naar Vyrket gav dei Tid, kunne dei liksom mette det livande Draumesynet sitt i desse og soleis halda Liv i ei ny, frisk Verd, langt lettare enn kvardagslege. Difor var desse Ting daa paa rette Hylla.

 

Det er rart aa tenkja paa, korleis dei er komne til desse gjæve Folketonarne og Segnerne. Det er brukelegt aa segja, at dei er sprunget ut av Folket sjølv, og det er vel sant; for er noko nasjonalt, maa det vera dei; men det var Moro aa koma nærar etter med, korleis dei er sprunget ut.

 

Ein Ven fortalde meg nyleg ei liti Hending, eg beit meg fælt fast i:

 

Han hadde eingong voret i eit Lag bruti Bygdi ein Stad, og der song, dansad og leikad dei baade Gutar og Gjentur og hadde det rett koselegt. Sumarnotti var væn og ljos og Veret var godt, so han paa Heimvegen tok ein Stig, som bar høgt uppi Lidi. Paa ei Glana uppmed ein Bekk sette han seg og saag utyver Dalen. Men daa det leid paa, var det nok ikkje fritt for, det bar til syngja burtved Bekken, og det steig og voks, so han tilslutt skilde baade Ord og Tone. Han visste nok, at det var fraa seg sjølv det kom alt i hop; men naar Øyra narrar ein kvifor ikkje Auga med, tenkte Ven min, og lagde avstad; men nedigjenom Lidi høyrde han ein Stubb av same Songen ved kvar Bekk, han stanad.

 

So paalag, trur eg, det gjekk til i gamle Dagar og.

 

I denne vesle fraastengde Fjellbygdi hev nok Folket fraa gamal Tid havt ein framifraa rik og livande Hugleik og det kann nok henda, at store Draumesyn tok dei, naar dei ruslad um i Fjell og Skog for seg sjølve. Daa saag dei Bilæte som paa Slutten stellte seg upp heilstøypte og livande fyre dei. – Med kvar Huldreslaatt fylgjer gjerne ei Soge som fortel korleis han hev vortet til og det er Moro aa ansa paa dei; ein Bekk er støtt med i Laget. Jau, det høver ikkje so ille; Bekken er ikkje so greid endaa han: Naar dei gamle sat der og drøymde, var det som Fossen reiv i seg deira eigen Draum, men gav han attende sterkare og heilare, so dei baade saag og høyrde. Det var som Bekkjesiklet song ut det, som braut og kavad i dei sjølve. Difor er det au so reint og ægte To i dei Tonarne, at dei er som rivet ut av vaar eigen djupe Barm.

 

Soleis var det i gamal Tid her heime.

 

Korleis det er i den nye? Jau no er Hudlreleiken tagnad i Lidom, og Folkesongen veiknad burt med Haugafolket. Gamle Bestemor sit ikkje lenger med Langleiken attmed Peisen um Vinterkveldarne og spilar aat Borni, og Segn og Sogor og Eventyr er au gløymde. – Nei me er vortet litt kaute paa det, og bryr oss ikkje um Barnatull notildags, skal ein vita. Det gamle er- som rimelegt er – forsmaatt og barnlagomt, men det ee det range, me hev gløymt faatt noko nytt, dugelegt istaden. Dei store Basketak um alt det nye um alt det nye ute i den vide Verdi, gjer ikkje so store Slag heruppe, maavita; dei kjem langt um lenge utvatnat og veike som smaae Gufs. Lettfengtast av det framande er nok ”Jarnvegskulturen”.

 

Den gamle livande Hugleik er der, ser du, og han kann ikkje liggja roleg, skal eg tru; men det edle i han er nok reist sin Kos, og so er det dei meire raae og kjøtfulle Draumesyn, som hev faatt Ungdomen i Hanke. – Dei som er lettast aa gjera verkelege.

  

Det same som fyrr hev haldet oss uppe i Bondepoesi og Høgverd, det held oss no nede i Aandløysa og – Sedløysa, skulde eg mest sagt. Den som drikk og slaast og kann skapa seg rett vaksen og vera laus paa Skaftet, so det gjeng Gjetord i Bygdi, han er gjævaste Guten.

 

 

Kristian G. Prestgard.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum