Kristenliv.

 

  

I Kyrkja  maa snart koma eit Byte, hermer Fedraheimen  etter Fjørtoft, som skreiv dette i 1872.

 

For 15 Aar sidan hadde han, og mange  med han, dette Kravet. I dag krevst det same – berre mykje kvassare og meir aalment. Det Kravet slær seg ut i Livet paa mange Maatar, ser me. Alle forstaar me Sanningi av Fjørtoft sin Tale, kor mykje elder lite me enn kjenner av Kristi lokkande Ord og doggfriske Aand. Hjaa mange slær det seg ut mest som hjaa Fj. i ei Kjensle, eg kunne mest segja Spaadomskjensle som denne: det lyt  koma eit Byte; Tidi krev endaa ein ny ”Reformator”.

 

Denne siste Tanken er nok grunnad paa Kyrkjesoga; men korso villførande, for me treng ikkje Kyrkjevending paa den Maaten. Det er Folket sjølv no, som reformerar. Det syner seg no eit livande Utslag av det Kravet, som Fj. nemnde; eit Utslag, som synte seg lenge fyrr 1872, men som me no fyrsta sjaa veksa friskt for kvar Dagen. Det hev ikkje utspringet sitt or Dogme og kald Lærdom; men or det enkle Ordet i Nytestamentet vaart, so som kvar ein kann forstaa det. Rettare sagt: so lite utlagt, som Menneskje berre kann, naar ho vil fri seg for det aa leggja ut.

 

Dette vaknande Livet ser helst ut til aa vera komet fram paa den Maaten, at Folk ser seg yver paa alle desse Kyrkjurne og Sertruerne (Sekter), som synest mest berre aa vera samde i det eine, aa fordøma kvar onnor Læra. Det paa same Tid som dei sjølve segja, at Jesus berre preikad Kjærleik og Tilgjeving; paa same Tid, som dei kjenner so væl med seg sjølv, at Kristus ikkje dømer etter nokon Lærebygnad.

 

Me skulde – etter desse Kyrkjelæraranne vaare – halda ein sers Dom framfyre den guddomelege Læraren vaar. Me skulde vera liksom høgare elder klokare enn han, naar me døma det, han ikkje dømer.

 

Sjaa! der ligg verste Steinen, me snaava i. Der ligg Domen yver alle Kyrkjur og Serlag innum Kristendomen. Der ligg kanskje og største Grunnen til det store ”Fraafallet” og yvergangen til dei, som kalla seg Fritenkjarar. Sjølv Verdsens klokaste Folk maa faa Mistru til ei Lære, som leider ein so rundt og tilslutt beint imot det fyrste Bodordet sitt: Innerlegt Brorskap til det alder yttarste og vidaste.

 

Fraa denne Tanken kom so Folk burt i den, at ei Lære, som er ført soleis uppskult rundt kring Frelsarens Ord, til ho snarast peikad beint imot seg sjølv, den kann det snart vera noko anna ubeint med og. Ja – det er nok ymse ogso. Det finst nok dei Ting Meistaren lærde oss, som dei hev breidt noko yver. Som eit einskilt Døme paa, kor dei kann vatna Kristendomen ut, og sopa hans klaare Ord burt, skal eg berre spyrja etter dette eine: Kvar er Lækjedomen, han bad oss gjeva i sitt Namn? Han, som lovad vera med oss utetter likeins i all Æva. Jau, Læraranne vaare segja, at det Jesus bad oss driva burt fraa Menneskje som noko av det vonde, det skal no vera ”hans Kross”. Dei hev nok endaa til sagt det, at det var Synd beda seg fri for dette, som hans truande var paalagde aa fri oss for. Men det var berre dette eg vilde fortelja: Folk ser det no.

Vidare for kvar Dagen veks difor den Kristenflokken, som i Kristi Aand godkjenner som sine Sysken i Herren alle dei, som tilbeda den same Herre og Frelsar. Denne Flokken forstaar, at alle kristne lyt arbeida og beda saman, um dei ikkje skal endasnu Guds klaare Ord; og av dette Samarbeidet ser me no veksa fram og nøra kring seg eit friskare Kristenliv. Kom og sjaa!

 

Deihev berre eit Varsku til alle, ei Lære for alle: Gud vil, at alle skal faa det godt. Elsk og tak Elsk. Tilgiv og tak Tilgiving. Bed hugheilt og faa. Leit og finn. Gjev Herren ditt fulle Sinn og Hjarta, og han skal fylle deg med sin Aand, so du skal verta glad og lukkeleg. Som det er einGuddom, so er det og berre einKristendom, ei Kyrkje, eit Syskenlag. Difor lyt du berre vara deg væl, at det ikkje skal staa ein kald ukjærleg Ande av deg imot dei, som tru onnorleis. Det er det, som gjev Liv, det gjeld. Berre det, aa dra i hop til Guds Løda, og det kann me alle i kvar si Kyrkje og med kvar sin Givnad, og no ser me og, kor dei kann dra i hop.

 

Av dette Synet kjem det Kravet hjaa denne veksande Flokken, at vil Staten halda ei lempeleg elder nær paa ei samfelt Statskyrkja, som helst berre lettar under ”den heilage aalmenne Kyrkja”; so væl! Men gjev ikkje verdsleg  Lov (Kyrkjelov), som legg seg imot elder berre innaat nokon Mans Tru. Daa saarar Staten dei beste Kjenslurne vaare og det utan Trong.

 

Vil Staten gjeva Kyrkja fri, so væl! Kristendomen klarar seg godt utan Statspengar, og betre utan verdsleg Magt, for yver den hev han jamt snaavat. Slepp berre ikkje den verdsleg store og velduge Høgkyrkja inn! Lat Kristendomen faa vera berre ublandad skir Aandsmagt.

 

Staten kann frihugad sleppa oss laus, for Kristendom er Fred og Orden. Han skal fara mindre vill aaleine enn uppstudd av ei Statsmagt med Pengar og Lærdom, men utan Liv og Aand, det Statsmagti ikkje kann giva.

 

 

N.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum