Kristiania, den 10de Juni. Gode Vener.

  

Johan Sverdrup hev sume Vener, som han er fælt lite tent med; og det er slike, som er mest høgmælte til aa ropa paa, at me skal stydja Regjeringi. Det er ”Oftedølerne” som no vil vera dei ”ministerielle”.

 

Men fyrst det røyner noko paa, so svik dei Venskapen og dreg seg utanfor alt Andsvar berre for den kjære Fred Skuld.

 

Sjeldan hev væl Regjeringi havt ein verre Freistnad enn no i Jurysaki, daa det kom fram dette leide Tvidraget i sjølve Statsraadet, med di at sjølve Justitsministaren var imot Jurysaki.

 

Det var berre eitpar av dei mest regjeringsvenlege Bladi, som gjorde rett Greide for seg her, t. D. Lauvlands Blad i Kristiansand, Vestlandsposten  stod lenge raadlaus, Kristianiaposten  likeins, stod og stirde som ei Ku paa ein raudmaalad Vegg.

 

Men den, som hev faret verst, er væl Framgang  paa Litlehamar. Der stend eit Stykkje soleis:

 

Skal der vera Parlamentarisme her i Landet, so maa no Sørenssen gaa og Qvam elder Steen inn i Staden hans”, segjer Fedraheimen. – Sørenssen hev nemleg sagt, at han ikkje kann vera einig i Juryframlegget; men at han hev voret med og lagt det fram for Stortinget Skuld.

 

Fleire av Høgremennom i Tinget kastad seg yver Statsraaden for dette og gav honom mange harde Ord. – Vinstre likte helder ikkje, at han stod soleis til Juryen; men dei tykte, han hadde gjort det som Rett var, daa han hadde virkat for, at Framlegget kom fram, um han enn ikkje sjølv var Ven av det.

 

Ingen hev likefram kravd, at han skal gaa av, fyrr no Fedraheimen  gjer det. Bladet gjev Statsministaren Finter. ”Finn Sverdrup seg i det, daa er han ikkje vaksen Kar til Styrarplassen lenger, og han sjølv turvte hava Skuring og Justitsministar Sørenssen Mistillitsvotum av Stortinget”.

 

Dette kann ein kalla politisk Lettsinn! Dersom ikkje Sverdrup gjer som Fedraheimen  finn forgodt aa paalegga honom, ”daa er han ikkje vaksen Kar”, og han skal ”hava Skuring”.

 

Me veit, kven som skulde hava Skuring: det er dei Bladi, som kjenner seg so andsvarslause som Fedraheimen  av og til.

 

Dette maa me væl kalla for Lettsinn og Andsvarsløyse som er Gagn i, skjella ut dei, som arbeider med serleg Samhug for Sverdrups kjæreste Tanke, Jurysaki, leggja Henderne i Fanget og berre lita paa Lagnaden, utan aa tenkja paa ei einaste Heilevon for det Ulivssaaret, som er paakomet den Styringi, dei sjølve vil verja.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum