Ymist.

  

Fædrelandet læst som um det var noko Vinstre vilde ligsom løyna burt det, at det er Folket som er ”han sjølv” og ikkje Kongen. Bladet skal vita, at det er kvar ærleg Vinstremann, som held det for det, at § 12 i Grunnloven hev ikkje noko aa segja no meir. § 12, der det stend, at ”Kongen vælger sellv et Raad af norske Borgere”. Dei kunne gjerna gjera eit lite Brigde i den Paragraffen; naar dei sette ”Stortinget” i Staden for ”Kongen” vart han nok so god, endaa han for alt det ikkje treng gjera nokon Skade no helder, naar berre Kongen skynar, at han er ein ”Forretningsførar” og inkje anna.

 

Skomakarstreiki. Dei hev no valt ei Domsnemnd, Meistaranne 3 Menner, Sveinarne 3 Menner, og so hev dei bedet Arbeidarkomissjonen velja den 7de til Uppmann. Sveinarne hev teket upp Arbeidet att og vil finna seg i det, som Domsnemndi dømer.

 

Bjørnson  ligg endaa i Dagbl. og masar og møder seg imot det norske Maalet.

  

Vor Tid”.Innhald av No. 4: Et par ord i religionsfriheds-spørgsmaalet. (Af en dissenter).

 

Sædelighedsbevægelsen i Finland. (Af en finsk Kvinde). – Kristendom og moral. (V. U.). – Oddmund Viks militærsag. (En fredsven). – Ren Lære. (V. U.). – No. 5. Forsoningslæren. (V. U.). – Det norsk-svenske spørgsmaal. (Af A. M. St. Arctander). – Bognyt. (X.). - No. 6: Treenighedslæren. (A. M. St. Arctander). – Præstefrihed. (V. U.). – Det norsk-svenske Spørgsmaal. (A. M. St. Arctander). – En Parenthes til Stykkerne om Forsoningslæren. (V. U.). – Bladet kjem ut 1ste og 15de kvar Maane; 3 Kr. Aaret. Framifraa laglegt aat Lærarar og alle som ikke er rædde for aa tenkja sjølve.

 

Ein Franskmann  hev skrivet upp, kormange Spilhus, det hev brunnet upp fraa 1750. Fraa 1750 til 1760, 4; 1760 til 1770, 8; 1770 til 1780, 11; 1780 til 1790, 13; 1790 til 1800, 15; 1800 til 1810, 17; 1810 til 1820, 10; 1820 til 1830, 32; 1830 til 1840, 30; 1840 til 1850, 54; 1850 til 1860, 76; 1860 til 1870, 103; 1870 til 1880, 169; 1880 til 1885, 174. Det skræmelegaste var i Capo d’Istria i 1794 daa 1000 Menneskjur gjekk med, i Petersburg i 1836, daa det gjekk til 800, i Canton i 1845 med 1,670 Menn., i Brooklyn 1876 med 283, i Shanghai i 1871 med 120, i Tientsin i 1872 med 600 og i Wien med 450 Menneskjeliv.

 

 


Frå Fedraheimen 11.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum