[Kristiania, den 17de Juni.] Fraa Tinget.

 

 

Odelstinget byrjad med Kyrkjelovarne no Onsdag. Ei Mengd Folk hadde samlat seg baade nede i Salen og paa Trevet, so det var paalag stappande fullt. Det er mange, som hev Hug til aa sjaa Avgjerdsla paa denne Saki.

 

Tvo Gong hev Styringi sett Saki fram som kgl. Proposition. Fyrst i fjor, og daa Tinget ikkje daa naadde so langt, iaar og. Baae Tonger hev 4 Riksraader havt sine Sermeiningar baade um Saki i seg sjølv og um Tidi for Framsetjingi, men dei andre 6 hev likevel fenget det etter sin Vilje.

 

Kyrkjesaki hev voret eit ”Splittelsens Tegn” i Vinstre. Reine Vinstre hev Gong paa Gong raadat Styringi til aa ikkje setja fram Forslaget, daa det berre vilde vera aa setja Folk upp mot kvarandre, utan at det vart noko verkelegt Utbytte av det for Landet.

 

Men Styringi brydde seg aldri Dusti um dette. Statsministar Sverdrup stod i fjor paa Vetlehamar og kytte av, at Saki var eit ”Splittelsens Tegn”, men at ho likevæl skulde fram og at han vilde vera med paa dette, um det so skulde verta den siste Røystingi hans.

  

Det var mange, som var leide yver desse Ordi. Dei totte det var ilt, at Fyrstestatsraaden, som burde vera den fyrste til aa arbeida for Samhald i Vinstreflokken, brydde seg so lite um dette, at han tvertum gjorde alt, han kunne, for aa skilja.

 

No daa Kyrkjenemndi hev arbeidt med Saki og avgjevet Innstellingi si, ei Innstelling, som Vinstrefleirtalet i Landet er vælnøgde med, skulde ein venta, at Styringi ikkje hadde noko mot, at Saki kom til Ordskifte i Tinget, so me eingong kunne faa greidt upp litt i dei kyrkjelege Forhold i Landet.

 

Men nei. Kyrkjenemndi hev ikkje innstillat paa Godkjenning av Menigheitsraadet og daa er det lite Gagn i alt det andre, meiner Styringi. Difor arbeider ho no paa Utsetjing av alt saman.

 

Fyrste Talaren var Sivert Nielsen. Kva Grunn Stortinget hev havt til aa gjera denne Mannen til Præsident, daa det er so mange langt dugelegare Bønder i Tinget, Bønder, som er Nielsen yverlegne baade kva Kunnskap og Talardugleik vedkjem, er ikkje godt aa skyna. At det maa vera av Vanvare, tykkjer me er sjølvsagt.

 

Sivert Nielsen talad for Utsetjing. Det leid so langt i Tingtidi no alt, at det var best aa sjaa til aa gjera seg buen til Heimreis so snart som mogelegt. Dessutan so hadde det ingi Hast med Kyrkjelovarne. Guds Kyrkje stod nok likevæl, um det ikkje vart ordnat i Aar. Han sluttad med aa setja fram Utsetjingsforslag.

 

Steentalad mot dette Framlegget, som han i det heile totte, det var liti Meining i. Det hadde voret arbeidt so lenge med Kyrkjelovarne her i Landet, at det kunne vera paa Tide, dei vart avgjorde ei Gong. Særleg totte han, at Styringi maatte lika, dei kom under Ordskifte, daa ho hadde arbeidt so hardt for aa faa dei fram. Tidi var ikkje lenger framskridi, enn at det godt enno gjekk an aa avgjera denne Saki. I det heile vilde han telja Vinstre til aa røysta mot Utsetjing.

 

Statsministar Sverdrup  vilde telja Folk til aa røysta for Utsetjing. Det var ikkje høveleg Tid aa taka fat paa ho no, daa dette berre vilde vera aa fremja Striden i Vinstre, og daa Styringi dessutan tenkte aa framleggja ei Rad av Framlegg til Umvøling i Kyrkjestellet. For Utsetjing talad ogso Blix, Jakob Sverdrup og Arnesen, medan Wexelsen, Ullmann og Bonnevie bar imot.

 

Dette var um Onsdagen.

  

Torsdag Morgon tok dei opp att Spursmaalet um Utsetjing. I dette Møte talad Stang mot Utsetjing. Han talad endeframt og greidt og det, han kom fram ved, verkad for dei tok fat i han baade den eine og andre. Serleg freistad S. Nielsen paa det; men det gjekk han, som det plar gaa, naar han ikkje nettupp held paa ved det, som løglegt er: han kom berre med tome Talemaatar, som Stang sjølsagt ikkje vyrde somykje, at han svarad paa dei. Liljedahl talad um ”Hensynsfuldhed” mot Styringi. Vinstre maatte ikkje gjera Styringi mot, naar ho endeleg vilde ha Saki utsett, for det var aa arbeida mot ho. Det var mange, som totte, dette var underleg Tale. Dei totte, det var meiningslaust aa koma med sovoret Snakk i denne Saki, som Styringi hadde gjort alt, for aa faa fram. Og dessutan so fær me hugsa paa, som Ullmann so raakande sagde, at det er Tinget og ikkje Styringi, som fastsett Utviklingi i Landet. Vil ikkje Styringi finna seg i dette, fær ho gaa av. At Stortinget skal læra seg til aa krupa for Styringi er noko, som ikkje hev Heimstamnsrett i Noregs Grunnlov.

 

Jak. Sverdrup  hadde Ordet fleire Gonger og kvar Gong talad han for Utsetjing. Personlegt hadde han ikkje noko mot aa gaa til eit Ordskifte um Kyrkjeloven kva Tid som helst, men han saag helst, det vart Utsetjing av det. Løvland talad ogso for Utsetjing og Rinde gjorde somen det same.

 

Ordskiftet um Utsetjing tok lang Tid. Dei vart ikkje ferduge Torsdag Middag og so vart det Ettermiddagsmøte av det. I dette kom det ein Flokk nye Talarar til, so det leid seint paa Kvelden, fyrr det vart Avrøysting.

 

Næstsiste Talaren var Sattsraad Haugland. Han talad for Utsetjing, daa det var liti Von um aa faa noko Utbytte av eit Ordskifte iaar. Kyrkjenemndi hadde sett upp Røysterettsreglar, som Talaren vilde kalla ukyrkjelege og som han var viss paa, det norske Folk ikkje vilde nøygja seg med. Han talad um sjølve Saki heile Tidi, og det var difor rett gjort av Steen, daa han klandrad Statsraadens Ordskifte um Saki, naar det var Ordskifte um Utsetjing. Han kallad Talen hans ”uberettiget, ukorrekt og uretfærdig”, og daa Præsidenten totte dette var for stærke Uttrykk, hevdad han klaart og slaaande, at dei var plent høvelege.

 

Høgre var mykje med i Ordskiftet. Stang var Førar her som ellest. og han hadde god Grunn aa staa paa denne Gongen. Siste Høgretalaren var Saxe. Han vilde sagde han, vera med paa eit Ordskifte no um desse Saker, korleis det so vilde gaa elder ikkje. ”Ethvert Svar er betre end denne Taushed, end disse tomme Løfter.

  

Det var mange Grunnar som gjorde, at so mange Vinstremenn gjekk med paa Utsetjing. Medan Oftedølerne visseleg var einuge med Haugland og ikkje vilde hava noko Ordskifte um Saki, daa dei ikkje kunne slutta seg til Framlegget fraa Kyrkjenemndi, var det fleire (t. D. Sørum og N. Sørensen), som talad for, av di dei trudde Styringi vilde drygja i lange Tider, fyrr dei kom fram med Kyrkjelovarne, og at ho fyrst vilde arbeida paa aa letta det økonomiske Trykket i Landet.

  

Paalag Kl. 10 vart det Avrøysting. Utsetjingsframlegget hans S. Nielsen vart kastat med 42 mot 39 Røyster. Ordskiftet um sjølve Saki byrjar i dag.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum