Eit Bryllaup.

 

(Stilen hans Vesle-Per).

 

Det var umtrent ei Veka fyrr St. Hans. Eg vart boden til Bryllaups med mine Foreldre og Syskend. Eg tykte, det vart lenge, til eg fekk reisa. Eg gjekk og talde Timarne, um dar var lenge til Kvels, og stundom kunde det henda, at eg fløtte Klokka, for eg tenkte, at Dagen skulde ganga fortare daa. Endeleg kom den Tidi, at me skulde faa reisa. Eg vart so glad, at eg haatta meg mest inkje, daa me gjekk burt igjønom Vegen; og strakst so stod me utanfyre Bryllaupshuset. Dei kom ut og sa, me var vælkomne; me fekk ganga ”inn og faa oss Mat”. Naar eg kom inn i Stova, var dar alt komne mange. Dei sat rundt um Bordet og fekk seg Mat. daa eg fekk sjaa all den gode Maten, som stod paa Bordet, tenkte eg med meg sjølv, at eg rektigt skulde eta. – ”De fær sjaa setja dykk inn til Bordet og faa dykk Mat!” sa Verten. So sette me oss til aa eta; men det vart inkje ete so myket, som eg hadde tenkt.

 

Naar dei no hadde fenget seg Mat alle samen, klædde dei Bruri. Spelaren byrjad aa spila ”Nøringatake”, og eg stod og lydde paa Spelaren nett som eg var støyrd. Daa var Bruri ferdig, og me skulde til Kyrkja. Det var so styggt Ver, at det var fælt. Naar me kom til Kyrkja, fekk eg sjaa eit Par andre Brurer; men me  hadde no den penaste av alle. So gjekk dei inn i Kyrkja, og dei vart vigde. – Naar me var ferdige i Kyrkja, so gjekk me ned til Baatarne og skutte dei ut, og daa bar det paa ei Kapproing heimatt. – So kom me upp i Bryllaupsgarden. Spelaren tok til aa spela, og me dansa taa alle Krefter. Men det vart ikkje lang Stundi me fekk dansa daa, for me skulde tilbords og faa oss Mat. Me sette oss til bords; men det vart ikkje ete stort; det gjekk helst upp i Skratt. So kjem Bruri og Brudgommen inn i Dansestova. Kjellarmannen kjem inn med ei Ølskaal. – ”Her skal dykk faa Øl!” ropte han. ”Takk skal du ha! du er gild du, som vil lata oss faa drikka! ropte Folket. – ”De er gilde, som vil rosa meg!” svarad Kjellarmannen, og so byrjad han til aa krinka paa seg litengrand.

 

Klask! dar laag han midt paa Golvet! Daa sette me i aa skratta alle i hop; men han sprang upp og skreik taa full hals: ”Er det meg de skrattar aat!” og so gjorde han eit Rundkast midt paa Golvet, so det var so det skolv. Daa tok me til aa dansa alle i hop. Ei Stund ut paa Notti kjem dar so fullt med Skotrarar (utklædde Folk), at det var svært. Dei vart dar ei liti Stund; men Bryllaupslaget vart ugoe(ikkje blide) paa deim, so dei laut ganga att strakst.

 

Ut paa Morgoparten, Klokka umtrent 5, slutta dei aa dansa, og me gjekk og lagde oss til aa sova daa ei Stund. Kl. umtr. 8 reis eg eg upp og gjekk inn i Bryllaupsstova. Dar var alt komne mange, som sat og fekk seg Frukost. Eg gjekk og hega til (burt aat) Bordet og skulde faa meg Mat; men eg var so sjuke, at eg vann ikkje eta stort, som ventande var. Naar dei hadde no fenget seg Mat alle, so byrjad dei til aa dansa att, og dei dansa mest heile Dagen. Um Kvelden skulde Brurfolket til aa skjenkja. Brudleiaranne delte ut Brurakaka, og Kjeringarne foor med Kringlekorgerne sine og gav Kringler. – So var Bryllaupet endt, og me takka daa fyre oss og gjekk kvar til seg.

 

Dei fyrste Dagarne etter Bryllaupet syntest eg, at eg høyrde Fela, kvar eg gjekk, og det var nett som eg ikkje haatta paa noko anna Slag enn fela.

 

Eg heve skrivet av desse 2 Barnestilarne¹), daa eg tykte dei var gode, og eg sender dei til Fedraheimen  for aa syna, at Barnet kann skriva nokso bra sitt Heimemaal, naar det berre fær Høve til aa gjera det. Berre Barnet ikkje fær den Trui, at Morsmaalet er for simpelt, so gjeng det nok. Og til det kann Læraren gjera mykje. Men det er ikkje gjort paa ein Dag. Det skal Tid til der og.

 

Desse 2 Stilarne er avskriven mest ordrette. Sætningsbygnaden er Barnet sin; Ordi hev eg rettat paa lite Grand; ikkje imot noko Normalform – som de ser.

 

Maalvener! Saki maa ikkje berre ”disputeres” fram; ho maa levastfram – tykkjer eg daa.

 

Vestlandet.

 

S.

 

 

¹) Den fyrste, ”Fraa eg var liti” av Vesle-Brit er innteket i Fedrah. No. 11.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum