Fraa Landvik.

 

 

No stend alt i finaste Bragen paa Bygdi. Det er so friskt aa liva i Vaaren og Sumaren. Men ymis Trykk og Trengsla hava me daa likavæl. Um Aarvegen gjev dei beste Voner – det vert daa hosta turt no – so er me laakt stellte i Pengevegen. Folk segja, Bønderne er for late, dei skulde stella med Hønseavl, so vart alt godt, meiner ein. Dei skulde samla Fræ, meiner ein annan. Dei skulde stella med Biavl, segjer den tridje. Hagestell kunne hjelpa, meiner den fjorde. Maa eg spyrja: Treng ikkje Høna Mat? Og gjeng det ikkje Tid til baade Hønseavl og Hagestell og Fræsamling, aaja til Biavl med. Jau eg skulde meina det. No er det so fyr oss, at me maa leiga so lite som mogelegt, for Arbeidsløni er so stor, at ho tek mest heile Fortenesta i dei fleste Tilfelle, og so fær Bonden nok med aa greida fraa seg det mest naudsynte Arbeidet, og annsamt hev baade han og Kvinnfolki. Og kor langt kjem ein med Hønseavlen, naar ein fær 4 Øre Egget? Kor langt kjem ein med Gardsbruket, naar Prisarne paa Landbruksvarur er berre so vidt dei svarar Driftsløni. Ja naar alle Bønder aatte Gardarne sine utan Gjeld, so var det so dei grov seg igjenom. Men naar det er Gjeld paa Gardom, so sig det tilatters med mesta kvar Mann. Kor skal ein bøta her? Det er sant, ein lyt spara, det maa ein ny Skipnad inn i Livemaaten vaar. Men det bøter ikkje Skaden, som det no er stelt, kor som er. Eg meiner, Pantelaansrenta maa ned. Kaupmannen og Handverkaren tener mindre, men so er ogso Maten so mykje billegare. Alle Gardsvarur er fallne ned so reint, men Renta er den same. Er ikkje det Mishøve, so finst det aldri Mishøve. Ein Studios kann sitja i Hovudstaden og skriva alenlange Uppsett til aa øsa upp Arbeidaren mot Bonden aldri so mykje, so er det og vert det daa slikt, at naar Gardsbruket ikkje kann løna seg og Bonden fell i Stavar, so vert det ikkje Rom for Arbeidsmannen helder. Her paa Vestlandet er det iminsto so, at det vil letta for Husmann og Arbeidar, so snart Bonden kann driva Garden med nokor Vinning og ikkje som no med Tap. Og so maa det Verne-Toll paa ymse Landsvarur. Ikkje rettare enn eg ser, so er det dei store Rike, som hev Vinningi av at me er utan Verne-Toll, med di dei kann driva so stort paa og innføra sine Varur so billeg, at me med vaare mindre Hjelpemidlar aldri kann koma eit Fet fram. Me kann ikkje faa freista aa kappast med dei eingong. Kor som er, lyt ein noko gjera ved det: for Naudi er for stor. Bonden hev Rentur og Avdrag og Fatigskatt og Skuleskatt og Gardsskatt og Brandskatt og Stempelskatt og Tiend og Offer og Arbeidsløner, Tollskatt o. s. fr. aa bitala, og desse Utgifter vaksa og verta tyngre for kvart Aaret, ettersom Skatteevni sig; so lyt han etterpaa skrapa i hop til Livemaaten.

 

Som sagt, Naudi er so stor, at det er berre Galenskap aa halda paa sine sjølvgjorde Teoriar  og Tankar um Frihandel og slikt. Eit Samfund fær freista verja sitt Tilvære, um ein so skal stiga ned av Teorihesten og ganga paa berre Jordi.

 

Altso: Pantelaanrenta ned og Verne-Toll paa Landbruksvarur, det er det, som Bonden krev og bør krevja til Framhjelp for seg sjølv og for Landet i det heile.

 

 

K. S.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum