Kiellands-saki

 

 

skal fram iaar og. Fleirtalet i Pengenemndi vil ikkje, han skal faa dei 1600 Kronur, Regjeringi hev førd upp til han.

 

Det er sjølvsagt, at Høgre i Nemndi er med paa og innstillar soleis. Ingen undrast paa det. Men at Vinstremenner og det nettupp av den Flokken, som hev teket seg som Serrett aa stydja Styringi, at desse gjeng med paa det, det høyrest undarlegt ut.

 

Og likevæl er det so.

 

Søren Jaabæk skal serleg vera den, som vil taka uppaatt Ordskiftet iaar. Han hev fenget Tak i, at Kielland i fjor skreiv eit kvasst Stykkje mot han, og so skal han ha det att. Hardt mot hardt, tenkjer Jaabæk og dei andre Oftedøler segjer Ja og Amen til dette. Kielland bør ingi Pengar hava.

 

Me tykkjer no det me, at vil Oftedølerne endeleg at Folk skal festa nokor Tru paa Snakket deira um Tillit til Styringi, so fær dei vera so gode aa stydja ho, naar det er Høve til det.

 

Og det er det her.

 

Styringi hev samrøystes innstillat paa, at Kielland skal faa dei 1600 Kronur iaar og. Berre Statsministaren hev sagt, at personleg vilde han ikkje vera med paa det; men han vil bøygja si Meining for at det ikkje skulde verta nokor Ugreide med det. Men likevæl vil oftedølerne at dei skal fraatakast han. Aa staa likeyverfor eit samrøystes Regjeringsframlegg og likevæla aa røysta og arbeida imot det, det er det, Oftedølerne kallar aa stydja Regjeringi. Me vil sjølvsagt ikkje lasta nokon for, at han ikkje vil vera med paa Diktarløn aat Kielland. Me her altfor stor Vyrdnad for den personlege Meiningi til det. Men me vil arbeida paa aa tyna denne Tale um, at det er berre, og kann berre vera Oftedøler, som kann stydja Regjeringi. Me vil, at alle skal segja det, han meiner og at han skal retta seg etter dette i Livet. Me vil ikkje, at ein skal kasta Stein, naar ein bur i eit Glashus.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum