Kristiania, den 17de Juni.

 

Kantorstyre.

 

Tru Kantorstyret hev voret sterkare enn no. Les kva Statsraad Astrup hev sagt i Stortinget um Hamnedirektøren elder kva ein Stortingsmann fortalde um ein annan Direktør, som hadde sagt: ”det skal me slaast um!” Og det var somen ein kongeleg norsk Statsraad – kanskje heile den norske Regjering, um det kneip – han vilde slaast med.

  

Nei so lenge ”Kantorstyrets Menner” hev slikt Mot, finn dei korkje Tiderne grøtelege elder kjenner, at Magti er sluppi or Henderne paa dei. Gjeng ein djupt nok, vil ein snart verta klok paa, at ”Kantorstyrets Menner” hev bunnet paa aa kunna arbeida bak Ryggen av ei frilynd Regjering, som dei tek i si Tenest, medan dei smaatt um Senn, men sikkert plukkar Blad for Blad utor Laurberkransen deira.

 

Det er væl kanskje noko tidleg aa segja dette endaa; for ei Sanning treng ei viss Tid, maavita, fyrr ho fær det Grunnlaget, at ho kann slaaast fast. Men det kunne visst ikkje ska, um Folk vilde taka til aa lata upp Augo. Ein fær ikkje noko billegt Styre, dersom ein ikkje gjer det, og helder ikkje noko rettferdig.

 

 

Soleis skriv ein i Verdens  Gang, som segjer, at han ”kan tale af Erfaring; ti han er en af ”Kontorstyrets Mænd”, skjønt han ikke hører til Systemets Beundrere”.

 

Høgre  i Amtsstyret i Smaaleni vilde ikkje, at Lasse Trædal skulde faa Pengar til Skulen sin. Dei arbeidde baade Skuledirektør og Amtmann imot alt dei orkad. Dei kom enno med Skuldingar for Vantru. Det gjekk ikkje. Fleirtalet var altfor vitug til aa bøygja seg for Embættsmans-Trongsynet. Trædal fekk Pengarne.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum