Regjering – Storting?

 

 

Ein høyrer so ofte, serleg etter Sverdrup vart Fyrsteriksraad, at Vinstre maa visa Tillit til Styringi. Oftedølerne kjem med dette Slagordet sitt alt som oftast baade i Folkets Avis og i Tingsalen. Soleis vart det igaar sagt av Liljedahl og Langeland, at Vinstre i Odelstinget burde visa Regjeringi so stor Tillit, at det gjekk med paa Utsetjing av Kyrkjelovarne.

 

Var det ikkje best aa faa gjort Ende paa denne Talemaaten no so snart som mogelegt, so me ikkje fær ei so skakk-køyrd Meining, som denne vil medføra, inn i Rikslivet vaart!

 

Var det ikkje betre aa snu Ordi um og segja som Grunnloven vaar med klaare og greide Ord segjer, at Styringi fær sjaa til aa ha Tillit til Vinstre elder Fleirtalet i Tinget!

 

Me veit alle det, at Stortinget gjev Lovar her i Landet. Regjeringi kann ikkje gjeva ein einaste Lov. Ho hev berre aa gjera etter som Tingfleirtalet byd elder ogso gaa av.

 

Me veit alle, at det aldri vilde nytta det Grand for Styringi aa setja seg mot det, Tinget finn for godt aa gjera. Um me ikkje visste det fyrr, so fekk me det aa vita i Riksrettens Dagar. Ved den Domen, som daa fall, vart det klaart og greidt fastsett, at det er Folket – Stortinget --, som hev Magti her i Landet og at Regjeringi berre er Tenaren.

  

Likevæl stend Johan Sverdrup i Tinget Gong paa Gong og trugar med at Styringi vil gaa sin Veg, um det ikkje vert gjort etter hans Vilje, og likevæl stend den eine oftedølske Tingmannen etter dne andre upp og bed Tinget bøygja seg for Regjeringi.

 

Er sovoret rett?

 

Nei, lat oss endeleg slaa fast, at Tinget hev øvste Magti i Landet. Lat oss læra Riksraaderne vaare upp til ikkje aa truga seg fram. Lat oss faa det til det, at ein Riksraad set seg inn for ei Sak, so han stend og dett med ho, alt ettersom det gjeng ho.

 

Lat oss sleppa tome Ord og sjaa litt meir Andsvarskjensla og Mannskap i Rikslivet vaart.

 

Det er utrulegt so godt det vilde verka.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum